onsdag 10. desember 2008

Helsing frå tigerstaden

Fyrste dag på kurs er unnagjort, og trass i iskalde føtter (les: enorm prestasjonsangst - tenk om alle dei andre var utdanna i grafisk design?) idag tidleg gjekk det veldig fint. Ei gruppe på 8 kursdeltakarar med veldig ulik bakgrunn og erfaring, og ei svært dreven forelesardame, og timane flaug! Med i gruppa på 8 er sjølvsagt den obligatoriske kverulanten. Han som kjem ein time for seint, som veldig tydeleg seier og ikkje minst demonstrerer at han ikkje har peiling, men som likevel set si høgst tvilsame ære i å kverulere med foredragshaldaren i det aller meste. Ho på si side brukar mykje energi på å få han til å vere med på "leiken", medan resten av gruppa lurar på kva hòl me kan begrava han i.

Bortsett frå det - fantastisk kjekt, og eg kan nesten ikkje vente til imorgon og fortsetjinga!

Ein annan kjempekjekk del av å vere i Oslo er at det byr på moglegheiter til å treffe gode vener, og endå betre - bu hjå ei av mine aller beste veninner. Kveldar med god mat, god vin, og det best tenkjelege selskap er så bra!
Og som ein liten kuriositet: Det er ikkje kvar dag ein er på besøk hjå ein spellemans-vinnar ;)


Det vert ingen blogg-runde ikveld, men tusen takk for alle kjekke helsingar - I'll be back!

7 kommentarer:

Trollkåno sa...

Kjekt med livstegn frå hovedstaden...ser bra ut, detta.
Og det siste, med Spellemannen gjer meg ganske nysgjerrig...
Kos deg vidare!

rod i hob sa...

Å så spennande dette hørrest ut!! Glede meg te å få fortsettelsen :-) Kverrulantar OG bedrevitara -like ingen av desse. Koffor dukke dei opp i alle mulige slags samenhengar??

Kos deg vidare i Oslo -eg kunne og tenkt meg å våre der :-)

bestemor sa...

Har 2 gulljenter i min omsorg,de er kjempesnille og vi koser oss. Eneste minus er at bestemor må opp kl 06.30, noe hun ikke er serlig konfortabel med.Ha det fint i tigerstaden.

Liv Elin sa...

så spennende kurs da !
Hørtes også litt herlig ut å reise litt vekk også , og å være borte tre dager - fra "hverdagens mas" - det har jeg ikke prøvd før tror jeg , men tipper det gjør litt godt for kropp og sjel også , å få lufte seg litt !:)

Nydelig dikt lenger ned her , og så søt vesla di er !

Ha en fin desemberkveld og kos deg på kurs !:)

Nikoline sa...

Forstår du kosar deg,håpar kurset vert som forventa.Høyres i alle fall spennande ut,og må vera midt i blinken for deg.Men er det ikkje merkeleg...?.. den kverrulanten,han/ho dukkar opp på absolutt ALLE kurs samme kva det er!Kan gjera det nokså surt og irritabelt rundt seg også til tider..
Ser så koseleg ut frå marknaden på søndag,fine bilder frå både deg og Ulvund.
Kos deg vidare med "husmorferien",alltid kjekt med litt tid for seg sjølv,og alltid kjekt å koma heim att til dei som ventar der også..slik er me no ein gong laga,me mammaene.

mali-mo sa...

Håper du koser deg videre og at kurset har vært like kjekt idag.

Og du må fortelle mere. Kor det gikk med kverulanten? Har dere puttet han i et hull i bakken eller?

God helg!

Rønnaug S. sa...

Åååå, gleder meg til å høre mer. Rakk ikke innom deg før i dag, jeg. I morra satser jeg på å være på plass på kontoret. Denne dagen fikk sofaen kos i stedet...

Det skal bli kjekt å få høre litt om alt du har lært. Klem

Related Posts with Thumbnails