laurdag 27. desember 2008

Heimelaga smykkeskrin

Man tager:
12 fyrstikkøskjer i høveleg storleik
2 einsfarga ark tynn scrappekartong
2 designerark, gjerne med mønster på begge sider
1 tom grandiosaboks
1 stk visdomsord - printa på kartong
litt sløyfeband
bokstavar trykt ut med QK stansetang
distress ink til elding av papir og kantar
nokre timar på scrapperommet med tålmod og arbeidslyst (og ingen av delane er noko problem når eg sitt der ;) )

På ei jolemesse i november såg eg ein minikommode laga av små fyrstikkøskjer. Den var laga som ein jolekalendar, med 24 øskjer (og det var Janne som hadde laga den). Den yngste svigerinna mi såg denne, og utbraut at ein slik ynskte ho seg. Det kan hende ho angrar litt på det no, men eg tok ho altså på ordet, og laga ein minikommode, heilt perfekt til småoppbevaring - smykkeskrin, hårstrikk/klemmer... u name it.

Du lurar kanskje på kva eg brukte pizzakartongen til? Jau, eg skar ut høveleg størrelse til å lage topp- og botnplate, som eg så kledde med einsfarga kartong. Litt distress ink (altså stempelsverte) rundt kantane gjev eit litt elda preg, og litt meir djupn i utsjånaden. Ein bit av eit mønsterark i turkis og brunt på toppen var nok dekor i seg sjølv.




Kvar skuffefront fekk ein bit av det samme papiret, og det fine med dobbeltsidige mønsterark er at ein kan få variasjon som heilt garantert harmonerer. Eg stakk hòl i alle frontar, og tredde med litt møye eit smalt sløyfeband igjennom slik at det skal vere lett å opne skuffene (og Merethe - om nokon går litt treigt - prøv med litt potetmjøl langs kantane. Eg har stor tru på at det vil gjere susen :) ) Distress langs alle kantar og skøytar skapar igjen djupn og ganske fine kontrastar syns eg.
Eit dikt, eller visdomsord om du vil, som eg nok har brukt til det kjedsommelige i det siste. Men eg syns framleis det er fint og høver i mange samanhengar - også her, til ei ung dame.

Gårsdagen er historie
Morgendagen er et mysterium
Dagen idag er en gave - Nyt den!




Så håpar eg berre at mottakaren vart nøgd, og kan få nytta denne vesle kommoden på eit vis. Det var iallefall kjekt å laga den!

6 kommentarer:

Merethe Kristin sa...

Den var absolutt nydeleg! Eg hoppa nesten på golvet då eg såg at du faktisk hadde laga ein sånn ein til meg :D KJEMPEFIN :D Tuuuusen takk! :klemme:

Rønnaug S. sa...

Nå er vi i gang igjen, ja. Godt med litt tid, både til blogging og andre ting. Det ser ut til at dere også nyter gode gode dager.

Og det skrinet blei skikkelig fint. Jammen en god ide. Plutselig har jeg en ide til bursdagsgaver til opptil flere nieser:). (Lurer bare litt på hvordan jeg skal bli kvitt alle de fyrstikkene... Forresten så går det jo an å lage eskene også, men da bør jeg starte i god tid;).

Kos dere!

Annika sa...

Tusen takk for kosleg helsing på bloggen min! Og smykkeskrinet var jo kjempeflott! Gler meg til å sjå fleire av dine kreative gåver!

Sidan eg ikkje har nokon prinsesser eller prinsar å lage kalendar av, blei det pusekatten. Man tager hva man haver:)

Fortsatt god romjul til deg og dine også!:)

Anne sa...

Så fin denne var! å så kreativt:)

Rønnaug S. sa...

Heisann. Her er jeg igjen;)

Har sendt deg en hilsen på bloggen min. Deilig å ha tid til sånne sysler igjen.

Klem

Blått er flott sa...

Så stilig!!
Synes det er kjempemoro med hjemmelagede gaver - få noe unikt :)

Så fin gyngehest også, og den engelen du fikk i julegave har jeg gått og sett lenge på også.

Håper dere har en fin romjul, og at dere får et godt nytt år :)

Related Posts with Thumbnails