onsdag 31. desember 2008

Ein rosa årskavalkade

I desse dagar er det særs populært med årskavalkadar: Nyheitskavalkade, sportskavalkade, underholdningskavalkade - you name it!
Litt inspirert av dette, og av Emmeline sitt tilbakeblikk på interiøråret tenkte eg å lage min eigen kavalkade, frå året i det rosa universet.

Januar - lite å mimre om her ser eg. På denne tida blogga eg på mitt eige domene, men bestemte meg i månadsskiftet januar/februar for å flytte til blogspot. Eit par innlegg frå januar vart teke med i flyttinga, som eit med denne kule karaffelen frå Eva Solo.



I februar tok Oda mandlane, og eg hadde mykje tid på scrapperommet sidan rosamannen stadig var på øving og førebuing til NM for BrassBand.



Mars var både vinter og vår, med påske, skiturar og spirande liv. Ein strikkakjole vart til, og litt scrapping fekk eg òg tid til.



I april kom våren for fullt! Me hadde vekesvis med nydelege vårdagar, og plutseleg var me igang med hagearbeid og draumar om uteliv.



Mai - du skjønne milde. Det gode vèret fortsatte, og kva er vel vakrare enn milde mai-dagar? Eg og rosamannen var ei helg i vakre Stavanger - ei heil helg vekke frå våre søte små! Nasjonaldagen kom og gjekk, som den alltid gjer, og i hagen gjekk arbeidet fint framover



Juni kom, og med den kom regnet. Med regnet kom òg ugraset - enorme mengder av det! Planting i hagen, blomeshopping , og midtsommar i ausande regn. Lokal loppemarknad fekk eg òg med meg

Juli, sjølvaste sommarmånaden.

Me hadde mykje varme sommardagar, og bloggen var prega av blomar, hageliv og gode dagar.

Så kom august, og årets sommarferie gjekk til Hunderfossen og Biri. August er bursdagsmånaden for jentene mine. Månaden då eg skulle ta fatt på jobb igjen etter eit år i permisjon. Månaden då Hedvig skulle byrje hjå ei velrennomert dagmamma som kunne ta godt vare på ho. Slik gjekk det ikkje, men heldigvis ordna alt seg til det beste til slutt. I august fekk eg òg vere gjestebloggar på Norske Interiørblogger, der eg viste fram det nye kjøkkenet mitt.


Og i slutten av månaden starta snikkaren på arbeidet med å skifte kledning og vindauger i huset. Med andre ord - ein innhaldsrik månad!

September, starten på hausten. I rosaheimen handla det stortsett om èin ting - å prøve å male huset fort nok til å halde fylgje med snikkaren. Som verdas beste avkopling var eg på kurs, og scrappa mi fyrste stjernebok.


Så vart det oktober - månaden der eg sjølv har bursdag, og fekk silhouette-maskina eg hadde ynskt meg lenge. Men noko mykje viktigare hende òg - etter 6 vekers arbeid var snikkaren ferdig med huset, og sidan frosten sneik seg innpå oss var malesesongen òg plutseleg over. Sjølv halvmalt syns me det er finaste huset i bygda.


Plutseleg var me i november, og denne månaden vart det mykje scrapping. Fyrst ei heil helg i heimen utan mann og barn, og deretter kvar einaste kveld eg hadde høve resten av månaden. Det vart stjernebok, LO'ar, bokmerker og forskjellige kort. Alt saman så utruleg kjekt å pusle med!

Og så kom desember, med alt for mange planar på alt for lita tid. Førjolstid med tilstelningar, joleførebuingar og gåveproduksjon. Og midt i jolestria var eg i hovudstaden og hadde 3 fantastiske kursdagar. Ein hektisk men kjekk månad, som om ikkje mange timane er over.


Snart kan me skriva 2009 - eit heilt nytt år. Heldigvis veit me ingenting om kva det nye året bringer av gleder og sorger, oppgåver og utfordringar. Me kan berre håpa og tru det beste, og gå på med friskt mot klar for det som måtte koma.

Det har vore eit knallkjekt blogg-år, og eg syns det er utruleg korleis ein knyter band med folk ein kun "ser" gjennom innlegg og kommentarar i ei virtuell verd. Eg gler meg til fortsetjinga, og ynskjer alle medbloggarar og lesarar
eit strålande godt, fredfullt nytt år!

7 kommentarer:

om meg: sa...

For en trivelig oppsummering av året som gikk :)
Du har en nydelig blogg, og du scrapper de vakreste ting !

Tusen takk for titten, med ønske om et riktig godt nytt år :)

~ ♥ LISBETH ♥~ sa...

Artig med oppsummering, gøy å se!
Ønsker deg og dine et riktig Godt Nyttår!
Klem

rod i hob sa...

For en kjekk årskavalkade :-)
Glede meg te å bli meir kjent i året som kjem!!

Ha eit kjempefint nyttår :-)

Nikoline sa...

No har eg hatt ei riktig kosestund med årskavalkaden din.. så flott!
Du er jo ein av dei to bloggarane eg fylgjer dagleg som eg kjenner utanfor skjermen,då er det ekstra moro å kikka innom her.
Ynskjer deg og dine eit fantastisk flott,kreativt GODT NYTT ÅR!
Me lyt gjera det beste ut av det enten det bringar gleder eller sorger,som du seier;det er godt me ikkje veit kva året vil bringa.

Trollkåno sa...

Ha ein fin nyttårsfeiring i kveld!
Hels dei andre i huset.

Rønnaug S. sa...

Det var litt av en kavalkade. Artig å mimre litt i lag med deg :)

disa sa...

85cc免費影片,免費影片,免費小遊戲,免費遊戲,小遊戲,遊戲,好玩遊戲,好玩遊戲區,A片,情趣用品,遊戲區,史萊姆好玩遊戲,史萊姆,遊戲基地,線上遊戲,色情遊戲,遊戲口袋,我的遊戲口袋,小遊戲區,手機遊戲,貼圖,A片下載,成人影城,愛情公寓,情色貼圖,情色,色情網站,色情遊戲,色情小說,情色文學,色情,aio交友愛情館,色情影片,臺灣情色網,寄情築園小遊戲,情色論壇,嘟嘟情人色網,情色視訊,愛情小說,言情小說,一葉情貼圖片區,情趣用品,情趣,色情漫畫,情色網,情色a片,情色遊戲,85cc成人片,嘟嘟成人網,成人網站,18成人,成人影片,成人交友網,成人貼圖,成人圖片區,成人圖片,成人文章,成人小說,成人光碟,微風成人區,免費成人影片,成人漫畫,成人文學,成人遊戲,成人電影,成人論壇,成人,做愛,aio,情色小說,ut聊天室,ut聊天室,豆豆聊天室,聊天室,尋夢園聊天室,080視訊聊天室,免費視訊聊天,哈啦聊天室

Related Posts with Thumbnails