torsdag 18. desember 2008

ei veke sidan sist...

Skremande nok innser eg at det er ei veke sidan siste blogginnlegg i det rosa universet. Etter den tid har eg sjølvsagt komen heim frå eit svært gjevande kurs(!), eg har fylgt Oda til øyenlegen og fått bekrefta behov for briller, me har vore i barnehagen på foreldrekaffi, eg har bakt jolekaker og skrive jolebrev. Eg har tilogmed vore på jobb! Nokre gåver er ferdig laga, andre er ferdig kjøpt. Men framleis er lista lang, og det er ikkje mange prosentar av døgeret eg brukar til å sitje ved pc og internett. (så lite som dette har det vel aldri før vore!) Eg er heilt sikker på at eg kjem sterkare tilbake i jola, rett etter eller kanskje før, men akurat no lyt eg framleis prioritere å få gjort det eg har satt meg føre. Det er godt mogleg eg må gje meg på tap, men eg skal ikkje gje meg utan kamp!! :)

I mellomtida kan gjestene mine få sjå nokre små og søte pausefiskar - dei kan vere til stor underhaldning!



Eg håpar alle har ei god førjolstid, at de kosar dykk med førebuingane og ser fram til ei god høgtid saman med dei de er glade i!


So long, ladies.........

5 kommentarer:

Nikoline sa...

Ja no har eg savna innlegga dine,så eg forstår det har vore travelt i rosaheimen.Og i travle tider er det ikkje akkurat blogging ein prioriterar...
Du kjem nok heilt sikkert i mål,men hugs å ta deg litt tid til kos innimellom også og sei som eg;det me ikkje rekk på kan egentleg berre vera ugjort!Jul vert det "åkke som"..
Ha ein fin dag i vente.

mali-mo sa...

Skjønner det blir travelt, med mange jern i ilden ;) Her har det vært spysjuke i fire dager no, og vi er dendelig på beina igjen. Litt på etterskudd, kan man si. Men julegaveinnkjøp, trær, mat osv ordner seg nok tilslutt! Skal jobbe som frivillig imorgen, så da blir det nok ikke tid, men vi får hive oss inn i en søndagsåpen butikk og se hva vi kan få tak i ;)

Ønsker deg og dine en god juleinnspurt!

Rosa sa...

Så glemte jeg nesten -takk for besøk og koselige tilbakemeldinger i bloggen i år, og ønsker deg og dine ei fin jul og et godt nytt år:)

Rønnaug S. sa...

Kjenner meg igjen. Det blir for lite tid til denne slags. Men det kommer vel romsligere tider...

Lykke til med konserten i ettermiddag. Får den ikke med meg. Farmor har invitert til førjulssamling, og den må nok prioriteres.

Nikoline sa...

Takk for helsinga! -men egentleg er det ikkje så fælandes stas å feira at ein er endå eit år eldre... Trur me får lata dagen gå forbi "i stillhet"..
Då vil eg ynskja deg og den flotte familien din ei riktig god og fredfull julehelg!
Stor jolaklem frå Nikoline!

Related Posts with Thumbnails