måndag 29. desember 2008

Det kimer nu til julefest..

Er det ikkje rart - no når det endeleg er jol, ja for det er jo i aller høgste grad jol endå(?), så er det utruleg mange som har mista heile jolestemninga, og eigentleg berre ventar på fyrste anledning til å lempe gran og nissar på dør. Her hjå oss sit nissane foreløpig trygt. Eg syns det er kosleg å ha jolatreet her med alle sine ljos, og likar å kunne tenne i staken som spreier den nydelege lukta av kongerøykjelse i heile rommet.

Idag på 5. dag jol var det tid for den etterkvart tradisjonelle jolatrefesten i grendahuset i bygda. Det brukar å vere eit "rotte-race" utan like, med fullt hus, hæla i taket og tenna i veggen. Det verkar som alle ungane i bygda får eit ekstra gir idet dei set beina innanfor døra i den store salen, og med det giret fylgjer det eit par ekstra knepp på volumet òg. Mange gongar har ein knapt kunna høyre seg sjølv tenkje i kaoset!


I år var det litt anleis. For det fyrste var det mykje mindre folk enn vanleg. Kanskje halvparten så mange som sist, og tru meg - lydnivået var svært mykje meir behageleg. Det gjekk endåtil an å føra ein samtale med sidemannen ( eller -kvinna)!

Eit sjakktrekk har vore å flytta jolatregangen til fyrst i festen - før ungane er fullstappa i sukker og e-stoff. I år fekk eg endåtil æra av å føra an i jolesongen. Det er jo eigentleg plankekøyring, men når halvparten av songane som ungane kan ikkje står i den alt for seriøse jolatresongboka måtte eg få enkelte innspel frå sidelinja for ikkje å havne heilt i bakevja.



Men litt seinare, då dei før nenvte e-stoff og sukkerbombene var inntekne, då var det ikkje lenger råd å stogga det like årvisse "spring-så-fort-du-kan-rundt-jolatreet"-løpet. Det du ser over er altså Oda i farta. Eg valde å ta biletet slik utan blitz, for verkeleg å illustrere tempoet det går i mot slutten av ein ekta jolatrefest. Vesle Hedvig i klumpete sko hang òg med, og var faktisk ikkje overkøyrd av nokon i den store malstraumen. Alt i alt var det ein særs effektiv jolatrefest; me kom, me song, me åt, dei sprang, me kjøpte lodd, dei fekk nissegodt, me trakk lodd, og vips - etter ein dryg halvannan time var gildet over. Eg kunne slepa med meg to småsure pappa-jenter heimatt, medan far sjølv gjorde si plikt som god bygdamann og tok ein slump dugnadsinnsats for å avpynta den store grana. Då er det berre å gle seg til neste år, då me igjen skal springa "rundt om en enebærbusk" ;)

Ha ein god romjolskveld!!

3 kommentarer:

Tofo sa...

Ja det kan gå livlig for seg på juletrefest!
Jeg kunne ikke vært enigere med deg! Det er jo NÅ det ER jul!!! Tror de som er lei, og vil hive julen ut, kanskje tyvstartet(?) Hehe..
Vi koser oss vider litt til!
Turid:)

Tofo sa...

Huff, eg glemte å si at du har en kjempefin blogg! No har eg kost meg skikkelig med gamle innlegg;)

Nikoline sa...

Eg høyrer til den "julefrelste" kategorien,men vert veldig fort lei heile jola når dei største helligdagane er over.Nissane kom på peishylla vetlejolaftan og no klør eg allerede i fingrane etter å få det "reint og ryddig" og i vante former.Nokre ting kunne eg godt tenkt meg og hatt oppe til langt ut på vinteren,som adventstakar som gje så fint lys,kongerøykelse som du nevner,osv...men det får nok fyken det også snart...
Eg måtte smila litt for meg sjølv når eg las om juletrefesten,for ja,..det var nett slik det var :o)
Både kjekt og strevsamt.Mine jenter gjekk berrføtte på juletrefestane for å kjenna takten av musikken (dei høyrer ikkje)
Veit ikkje om eg klarar forklara nøyaktig ang.str. på bilder i innlegg,men eg går inn på "rediger HTML"og forandrar høgde og breidde der.Eg har standar 300*400px og redigerar der.Forstår du kva eg meinar då?
Vil ynskja deg og familien eit kjempeflott og kreativt GODT NYTT ÅR!!

Related Posts with Thumbnails