fredag 26. desember 2008

Back on track

Så kom jola, slik den alltid gjer. I rosaheimen var der full aktivitet til litt utpå natta jolaftan, og me kom i mål med det aller meste. Førjolstida vart noko travlare enn eg hadde tenkt, men det er antakeleg ei fylgje av for store planar, kombinert med ein litt meir hektisk kvardag enn me har hatt før.

Uansett, me har og har hatt gode joledagar i rosaheimen. Jolaftan med Askepott og snikkar Andersen på dagtid, pinnakjøt, nisse og eit fjell av gåver om kvelden. Gode stunder saman med fleire generasjonar i familien, mykje glede og lått. Oda fryda seg over nissebesøket, medan Hedvig og pappen måtte ta seg ein tur ut i mellomtida - masker er skumle greier! Jentene mine haldt ut til seine kvelden med strålande humør! At dagen etterpå vart hakket meir traurig er vel ikkje noko å sei på, men sjølv då gjekk det overraskande roleg for seg. Og så kjem ein jo ikkje utanom gåvene - så utruleg mykje fint og flott og kjekt! Kvart år får eg ein litt flau smak i munnen når me utvekslar gåveposar med ulike delar av familien. Når me avleverer ein heilt vanleg bærepose, og får to store sekkar i retur kjennest det nesten ubehageleg. Eg håpar likevel at mottakarane føler dei får noko å glede seg over, enten det er heimelaga eller kjøpt, stort eller lite. Det er iallefall målet.

Eg er heilt nøydd å visa fram ei av gåvene mine, ei av dei eg fekk hjå rosamannen. Eg ante ikkje kva det var, og då eg pakka opp denne heilt fantastiske engelen spratt tårene i augo på meg - så vakker er den!! Så elegant, omtrent ein halvmeter høg, og utan menneskelege ansiktstrekk - NYDELEG!

Ei av Hedvig sine gåver må eg òg ta fram; bestefaren har nemleg laga gyngehest til ho, akurat som han gjorde til Oda då ho var like gamal. Dei er så fine, og det er så kjekt at jentene kan ha kvar sin - minst like kjekt når dei er vaksne som det er no.


Det er så lenge sidan eg har blogga no, at eg ikkje heilt visste kva ende eg skulle byrje i. Difor vart det det siste fyrst - sjølve joledagane. Eg har òg lyst til å vise fram litt av dei tinga eg har laga i gåver, og som er ein stor del av grunnen til at det har vorte så lite blogging siste månaden. Eg håpar ikkje blogglandia heilt har gløymt meg på denne tida, men at nokon finn vegen innatt til meg no når eg endeleg kan bevege meg rundt i eigen og andre sine bloggar igjen.




No gler eg meg til å ta runden og kikke på jolestemninga rundt i dei norske bloggarheimane, og håpar at alle har ei god og fredeleg jolenatt!

3 kommentarer:

mali-mo sa...

Kjekt at du er tilbake! Skjønner godt det blir travelt. Nydelig gyngehest, du og du for et flott arbeid. Du må helse kunstneren bak og sei han skal vere stolt. Kjempeflott håndverk!

Er innom en snartur etter utetur og kjenner at det gjerne blei litt mange vinglass, men DU kor kjekt!!!! Det blir iaffall ikkje to år til neste gang hahaha. God natta!

rod i hob sa...

Så kjekt at du endelig e tilbake :-)
Herlig innlegg me mange skjønne bilder!! Så fine jentene dine va -herlige julakler!!

Eg har ikkje heilt komt igang med blogging igjen ette jul... Va ute i går, og skal ut i dag -så formen e vel ikkje heilt på topp! Men komme jo sterkare tilbake :-)

Nikoline sa...

Det har du jammen rett i (høgre billedkant),eg hadde ikkje sett det før du sa det... ser at bileta er "heile",men det manglar høgre rammekant.Brukte 600px på breidda,må ned til 550 då sannsynlegvis..? Eg er heilt "nils" på dette feltet og innlegget var for å sjå kor ekstremt det gjekk an å bruka bileta.Stolt over at eg fekk det til...*kremt*
Så nydeleg familie du har bilete av på julaftan!Og du var nok ikkje aleina om å leggja lista litt høgt i førjulstida,men me rakk vel på det mest nødvendige vil eg tru.
Hels overnattingsgjestene dine,det er vel ikkje så ofte den anledningen byr seg når de bur så nær,så kos dekan skikkeleg!

Related Posts with Thumbnails