laurdag 8. november 2008

Tittitt!

jaudå, her er liv! Det er igrunn ikkje til å tru, men det har gått ei veke sidan sist eg blogga! Siste 7 dagar har eg faktisk knapt vore innom blogglandia meir enn 10 minuttar tilsaman. Det er LITE i rosaheimen. Men sånn går det, når dagane på jobb er frykteleg hektiske, og når kveldar plutseleg vert fyllt av møter, tur, og førebuing til jolemesse. (Sistnevnte kjem det meir om seinare) Som om ikkje det var nok starta fredagen klokka 05.50 med at Oda fekk omgangssjuka. Fyrste utbrot: i senga til mor og far....

Heldigvis er ungane mine effektive med sjukdom - det heile var unnagjort på tre timar. Etter det var ho berre trøytt og slapp, og sjølv om eg på ingen måte ynskjer å ha sjuke born, så er det faktisk ganske kosleg når 4-åringen helst vil kose med mamma heile dagen (bortsett frå at mamma då kanskje vert smitta òg?)


Det triste med å vakne av sjukdom var at jenta i over ei veke hadde gledd seg til barnehagen skulle arrangere kafè for foreldre og bygdefolk. Det såg ikkje lovande ut fredag morgon! Men som sagt, jenta er effektiv; Med eit par gode duppar på sofaen og ein forfriskande dusj var ho heilt klar for ein liten kafètur. Ho var bevisst på at dette ikkje var dagen for nærkontakt, sjølv om ho verka å vere frisk att. Og bank i bordet og kryssa fingrar - me håpar og trur ikkje at nokon stod i umiddelbar smittefare!



Med utslått storesyster var det minstemor som styrte showet. Og høveleg nok - ho fann fram stetoskopet. Ikkje så lett å veta korleis det skal brukast - kanskje ein skal ropa inn her?


Eg nevnte møter, ikkje sant? Det kan kanskje synast som redsel for å verte gjeranslaus, når mor iløpet av ei og same veke melder seg som vara foreldrerepresentant i barnehagen til storesyster, seier ja til å vere i nemnda for årets lokale jolemarknad, og stiller seg disponibel som leiar i det lokale korpset. Etter ein intensiv valkamp "vann" eg vervet på onsdag. Du veit - det er meg og Barak! hihi. I morgon kveld vert det styremøte i "Det hvite hus" (jada, humor på høgt plan, men eg klarte ikkje dy meg her i mitt nymåla hus).

No satsar eg på bittelitt rolegare tider og friske ungar, slik at neste blogginnlegg berre er eit par dagar unna.

Ha ein strålande sundag!

6 kommentarer:

Tove sa...

Trasig med omgangssjuke, i dag er det eg som ligg... Bra du engasjerer deg i lokalmiljøet! Eg har alltid vore av den formeining at det vesle vi engasjerer oss i lokalt, er vel så viktig som det dei store herrar engasjerer seg i "over there"! "Det hvite hus"- samanlikinga di er difor ikkje ein smule overdriven! Stå på!

rod i hob sa...

God bedring i heimen!
Venter spent på neste innlegg :-)
Sjøl har eg en skikklig dag i blogglandia. Utruligt kor masse fint som finns her!

mali-mo sa...

Stakkars små sjuke jenter. Godt det går fort over! Og du har klart deg uten å bli smittet? sånn er ikkje eg, eg spyr bare noen i huset i nabogaten er dårlig...

Julemesse? Spennende! Gleder meg til å høre mer. No må du ikkje slite deg ut da, med alle oppgavene...

God søndag!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Det är bra med effektivitet! För vem har egentligen tid att vara sjuk? ;-)

Ha det fint!

Rosa sa...

Skjønne jenter du har:) Ja, da er ho effektiv, som får det unna så fort;) Ikkje så farlig å være sjuk eller mor da :)
Er litt.. glad jeg ferdig med den tida, kan nesten kjenne så hektisk det er. Hører om det fra søstra også, som har fire små. Blir nesten litt småstressa og anpusten når jeg hører og leser om det:) Men så lenge det er positive ting en liker og gleder seg over, så går det jo helst greit:)

disa sa...

情趣用品,情趣,A片下載,成人影城,愛情公寓,情色貼圖,情色,色情網站,色情遊戲,色情小說,情色文學,色情,aio交友愛情館,色情影片,臺灣情色網,寄情築園小遊戲,情色論壇,嘟嘟情人色網,情色視訊,愛情小說,言情小說,一葉情貼圖片區,情趣用品,情趣,色情漫畫,情色網,情色a片,情色遊戲,85cc成人片,嘟嘟成人網,成人網站,18成人,成人影片,成人交友網,成人貼圖,成人圖片區,成人圖片,成人文章,成人小說,成人光碟,微風成人區,免費成人影片,成人漫畫,成人文學,成人遊戲,成人電影,成人論壇,成人,做愛,aio,情色小說,ut聊天室,ut聊天室,豆豆聊天室,聊天室,尋夢園聊天室,080視訊聊天室,免費視訊聊天,哈啦聊天室,視訊聊天,080聊天室,080苗栗人聊天室,6k聊天室,視訊聊天室,成人聊天室,中部人聊天室,免費視訊,視訊交友,視訊美女,視訊做愛,正妹牆,美女交友,玩美女人,美女,美女寫真,美女遊戲,hi5,hilive,hi5 tv,a383,微風論壇,微風

Related Posts with Thumbnails