måndag 10. november 2008

Jolemessemas

Så lenge eg kan hugse har mor mi vore med på jolemesser. Varene ho har hatt med seg har variert litt, men ho har liksom funne si nisje. Dei siste par åra har eg fått vere med ho når messe-standen skal setjast opp. Plassering av nissar og troll, spikring på vegg og dandering av varer. Eg syns det er kjempekjekt, og det trur eg ho gjer òg.

Noko anna som har forandra seg dei siste åra er at eg sjølv har funne ein hobby. Og då eg ifjor var med mamma og rigga fann eg ut at "neste år - då skal eg òg ha noko på messe". Dette "noko" måtte innbefatte klypping og liming med papir, som er noko av det kjekkaste eg veit. Der har eg og Oda definitivt noko til felles :)


Med dette målet for auga har det altså ikkje vorte så mykje vanleg scrapping den siste tida. Kveldane på scrapperommet har i stor grad gått med til små papirlappar med nostalgiske bilder o.l. Det vart tag'ar i to størrelsar, kort i mange størrelsar, 11 bokmerker og 3 vintag'ar til slutt. Laurdag 8. november sette me kursen for Samnanger, og på bordet til mor var det eit akurat passe hjørna til mine småting. Snik-deltaking på jolemesse! Det er faktisk ganske spanande å stille med eigne ting, sjølv dei ikkje var storslagne i verken utføring eller mengd.

Men, dette var tydelegvis ikkje rette året. Kanskje var det feil helg? Feil folk? Feil varer? Salet var iallefall svært beskjedent, og (heldigvis, får eg vel sei) gjaldt det ikkje berre mine ting. Eg var med heile laurdagen, og syns det var tamt folkeliv - sundagen var det visst mykje verre..





Neste helg skal trollkåno vidare på ei anna messe, og eg har meldt meg frivillig til rigging fredag kveld. Eg for min del har visst opptil fleire jolegåver fiks ferdig, og kan konstatere at jolemesse-debuten ikkje var nokon lysande suksess.

10 kommentarer:

Anonym sa...

Eg syns no varene dine er kjempefine, so da so :) Garantert feil folk !! ;)Berre å ikkje gje opp ! - H.

Anonym sa...

EInIG! Kjedelig med treeeeeg debut men det snur på neste skal du sjå!-N-

Liv Elin sa...

Så fine gavelapper og scrappeting du har laget ! Synd(og rart) det ikke ble noe salg på det !

Tror nok du må ha blandet meg med ei annen - for jeg har ikke vært i Samnanger på år og dag !
;)

håper du har er fin kveld - og at jentene snart er friske og raske igjen !

rod i hob sa...

Så flotte ting du har laga!
Er det mulig å "bestilla" via bloggen??
Så treige folk på julamesså må ha våre då!!

Trollkåno sa...

Heilt klart feil folk, og altfor lite (folk).......Nei, me får håpe på betre lukke neste gong......

Hjerterom sa...

Det du har laget er KJEMPEFINT!!
Fineste gavelappene jeg har sett faktisk :)
Helt klart feil folk ja.
Du kommer heelt sikkert til å få salg på dem.
Klem Siw

Anna Lisa sa...

Du har laga masse flott!! Flink er du!
Klem

Janne sa...

Så masse flott du hadd laga te julemessa da, va sjøl på julemesse i hælga - det samme der, lite folk og ikke helt det supre salge;0)Du ska vel vær me på julmessa på Evanger den 7/12 vel??? det ska vi i år tenkt æ... Så kanskje vi snakkes der?

Jenne

Rosa sa...

SÅ fine ting du lager! Må sette på pris her og se om du får solgt via bloggen din!
Ser det står over her om ei messe på Evanger den 7.des. Søstra skulle ta med litt smykker for meg til den antakelig, men mente ho sa den 2 el. 3 eller noe sånt, blir helga føre. Aner ikke hva som er riktig jeg nå. Bedre lykke til på neste messe da! Kanskje vi holder litt mer på lommeboka i disse "krisetider", er litt mer forsiktige. Har ikke så store forhåpninger om å få solgt så mye, de går unna til julegaver mye likevel. Men savner å reise på messer. Dere som lager ting, må stille ut på bloggene og prøve få solgt litt, sikkert en del på julegavejakt:)

Rosa sa...

Hei, måtte tilbake hit og rette meg selv.. Jeg som rota dato med noe annet, får si ifra så ikke andre her blir usikre. 7.des. var nok riktig ja.
Spent på om det blir noe salg..

Related Posts with Thumbnails