søndag 2. november 2008

It's a perfect day

Litt misvisande tittel - i skrivande stund har nemleg idag blitt igår, det er mørkt hjå alle naboane og ute snør det faktisk litt. Ein kunne verte i jolestemning av mindre. Eg har fleire gongar teke meg sjølv i å sjå på klokka og tenkje noko slikt som at dersom eg skal klare å stå opp imorgon må eg leggja meg no. Men så hugsar eg på at eg treng faktisk ikkje stå opp før eg sjølv vil. Ikkje imorgon heller.

Det har vore ein perfekt dag, med kosleg scrappebesøk som det store høgdepunktet. Eg anar ikkje kor lenge me har snakka om det, at me måtte få til ein scrappedag - men idag var den historiske dagen. Rønnaug kom med scrappesaker i bøtter og spann, bokstaveleg talt. Men ikkje berre det - ho hadde til og med med seg gåver! Kanskje er det difor jolestemninga truar med å leggja seg over rosa-heimen? Uansett, Rønnaug hadde nok ein gong laga ei av sine nydelege gåveboksar - med eit passande ord utanpå, og eit herleg utval kakao oppi.


Er den ikkje kjempefin?????

Som om ikkje det var nok, hadde ho med seg ei lita jente til meg. Ei som så gjerne ville flytta inn hjå meg, som ho sa. Det var ingen kven som helst, men ei nydeleg lita frøken som kom i posten direkte frå hänglar & stänglar. Eg vart så rørt og glad over så nydelege - og heilt uventa - gåver! Tuuuuusen takk, Rønnaug!

Når eg såg korleis Rønnaug stempla, brukte embossingpulver, og deretter måla stempla kjende eg på meg at DETTE vil eg òg prøva. Men å komma på å gjere det medan ho var der med alt ustyret tilgjengeleg? Neidå, det ville vera for lett.. Neste gong eg skal handla scrappesaker må det bli stempel-utstyr. Tru om eg kan sei til alle eg kjenner at eg snart har bursdag igjen? Ein bitteliten bonusbursdag, berre? Hihi, nei - det er vel best å halde seg til spelereglane, og eit knapt års tid med bursdagen. Stempelutstyret derimot - det kan IKKJE venta så lenge.

Medan Rønnaug var her fekk ho arbeidd med opptil fleire prosjekt, m.a. ein nyyydeleg adventskalendar, slik som Elisabeth har laga. Sjølv har eg jobba med ei stjernebok nesten heile dagen, som eg held på å fullføra no. Men, sidan den skal vere til jolegåve, og omtrent halve slekta kikkar innom på bloggen min i ny og ne, så kan eg ikkje visa den fram før etter jolaftan. Istaden kan eg visa deg korleis det no ser ut på kjøkkenbordet.
Ein kan jo spyrja seg om det er nødvendig med så mykje rot rundt seg? Det er det sikkert ikkje, men så skal ein jo ha alt tilgjengeleg då... Det er ikkje mange scrappeting att på scrapperommet mitt, det kan eg sei deg. Og kor mange gonger eg har vore opp og henta "nett litt meir" anar eg ikkje. Det skal få stå til imorgon, og kun ryddast vekk rett før gjengen min svingar opp framom huset. Då har mor fått ei vitamininnsprøyting som bør vara ei heil stund.

4 kommentarer:

rod i hob sa...

Hørtes ut som om du hadde en kjempekjekk lørdag :-)

Trollkåno sa...

Ser ut til at detta har vore ein god dag, ja.
Og so fine presangar du fekk..
Kjekt!

Rønnaug S. sa...

Oh yea!!! Det var en fantastisk dag som bare gikk alt for fort. Tusen takk for en kjempe koselig dag! Gjett om dette skal gjentas!

Og rot, det trur jeg er helt nødvendig. Nå skal snart sida mi få en tittel. En orange titte, trur eg :)

Nikoline sa...

Hei.Så kjekt at du la att ein kommentar då!Eg er innom deg kvar gong eg ser du har nytt innlegg(fylgjer ekstra godt med hjå mammo di veit du...),men det vert liksom aldri lagt att nokre ord...kvifor veit eg sanneleg ikkje for det er alltid masse fint og koseleg å kommentera hjå deg...
Ser du og Rønnaug har hatt ein super dag!Alltid kjekt å kunna møtas med felles interesser ;0)
Dessutan (må nett fortelja deg dette då eg veit kvar du jobbar)får du sikkert møta søskenbarnet mitt snart,både du og Rønnaug.Me får som kjent ny prost i januar og den nye "prostefrua" er søskenbarnet mitt frå Bodø.Har ikkje sett henne på over 20 år,så eg gler meg veldig til det.Hvis ho er som ho var,full av liv og lått,får me ei munter dame i kyrkja!
Vel,så til det eg egentleg skulle skriva; ta deg ein tur på Fryd (i Amfi) og sjå kor masse flotte englar det er der!! Du kjem garantert ut att med nokre i posen du også!
Ha ein framleis fin søndag.

Related Posts with Thumbnails