søndag 2. november 2008

Hurra for 17. mai!

Nokon førebur seg til jol - eg likar å vere tidleg ute, så eg har byrja å tenkje på nasjonaldagen....






Neidå, det er ikkje so gale fatt. Eg har endå ikkje tilta heilt, sjølv etter ei helg med berre meg sjølv å snakke med. Ikveld er alt tilbake til normalen, med leiking, legging, og førebuingar til veka som kjem. Men før det - medan eg enno sat i mitt kreative kaos (det høyrest MYKJE betre ut enn berre kaos, ikkje sant?) Då lot eg prosjekt vere prosjekt, og laga ein heilt vanleg LO igjen. Det er ei stund sidan sist..

Eg hadde printa ut bildene frå 17. mai i år, ja for eg ligg alltid nokre månadar bak når eg skal scrappe bilder (faktisk så har eg lurt på å lage ein heilt vanleg album til kvar av jentene - ikkje scrapping, berre for å få med litt fleire bilder. Eg rekk jo ikkje å scrappe alt!). Eg hadde òg kjøpt nokre skikkeleg fargesterke ark for ei tid sidan, som eg håpa passa til dette formålet. Og det gjorde dei!


Det er svært sjeldan eg klarar å lage ein heil LO på ein kveld. Ikkje fordi den nødvendigvis er SÅ tidkrevjande, men fordi eg treng å la det modnast litt. Omtrent kvar einaste gong eg lagar noko kjem det til eit punkt i prossessen der eg tenkjer at "dette vert berre tull, eg kan berre kaste det". Så eg forlet scrapperommet, minst over natta, men helst over eit par dagar. Når eg kjem att løysnar det sakte men sikkert, og vips så var den ferdig. Derfor vert det stortsett slik at eg gjer ferdig ein "gammal" og startar på ein ny, dei kveldane eg scrappar.



Men idag gjekk det fint; Ein dobbel LO på ein time eller to. Hurra for Silhouette, som på ein augneblink skar ut fine bokstavar og tal til meg! Teksten er printa på bazzil-ark, og mønsterarka ........heiter noko slikt som "Quilted Garden", men som vanleg hugsar eg ikkje kven som har laga dei.


Eg fann ut at sidan papiret var så livleg i seg sjølv ville det verte overkill med ekstra pynt. Trur dei skal få vere slik. Som ein liten detalj skar eg rundt eit par av blomane som låg akurat der eg ville ha bildet av jentene i graset, slik at effekten vart litt 3-dimensjonal(?).

Då er det berre å pakke barnehagesekkar og tusle til sengs. Imorgon er det ny måndag, ny veke - nye moglegheiter!!

Natti!

5 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Det der vart berre heilt rett. Dei treng ikkje meir pynt. Knall flotte, og med teksta i same papiret vart det akkurat som det skal:)

henrieta sa...

Så flott det vart!!! Trur det er på tide og finna fram eska med bilete...........Må berre rydde kontoret fyrst, slik at eg kan la ting stå der til neste gong. Håplaust og scrappe når ein må rydde opp alt etter ei lita stund.

Ha ein flott mandag:)

mali-mo sa...

Så flott det ble! Skulle ønske eg hadde tolmod og teken på dette. Eg har enda ikke et eneste album....huff (rødme).
en du, mulig er eg teit no, men ka i all verden er LO ?

Liv Elin sa...

Lurte også litt på der der uttrykket - hihi , men så er ikke jeg noe scrapper heller ....

Kjempeflott arbeid! :)

Anne sa...

Kjempe flotte LO'er:) Kom tilfeldigvis over blogen din:) Jeg er ganske ny i blogverden. Jeg scrapper, maler + litt forskjellig. Kjekt å lese i blogen din. kommer innom igjen:)
-Anne-

Related Posts with Thumbnails