laurdag 15. november 2008

Gode stunder på boks!

Bursdagsgåver er ofte vanskelege saker. Kva gjev ein til "den som har alt"?
Far min hadde bursdag for ca 2 veker sidan, utan at han har fått noko gåve av den grunn. (Det er jo eigentleg ein uting, men slett ikkje uvanleg at bursdagsgåver kjem litt i etterkant i min familie..).

Pappa har den siste tida verkeleg fått smaken på lydbøker - akurat som eg sjølv. Sjokolade han han alltid likt. Difor vart årets gåve dette: Ein boks sjokolade, med lydbok i mp3-format vedlagt.

Eg kjøpte ein Sjokoladehjerte-boks frå Freia, dissekerte den (altså - tok den opp i alle "saumar"), la den over eit mønsterark, teikna og klypte ut. Med litt bretting og liming, og ein liten dæsj pynt her og der (kunne sjølvsagt vore gjort mykje meir utav pyntinga, men eg pleier å begynne enkelt - neste gong vert det kanskje meir avansert?) , så vart det ein ganske spesiell sjokoladeboks - ein boks for gode stunder. Tanken var at det skulle bli plass til cd i lóket, men det vart så trangt at eg heller la cd'en i ei eiga lomme oppi boksen. Den opprinnelege lomma fekk akurat plass til Oda sin teikning til besten. Det er 3 ting på ein gong, det! :)





Då håpar me berre at besten får nyta dei gode stundene.


God helg!

9 kommentarer:

Frøken Englefjes sa...

Dette tipset skal jeg notere meg bak øret! Så lurt og ikke minst så fint det ble!

Linda sa...

Du er GENIAL!!!
Eg tippar Besten vart glad..

Trollkåno sa...

Eg kan forsikre at besten vart glad for gåva, og at han kan å nyte dei gode stundene.

ingridmarie sa...

Tenk å få ei slik flott gåve, som både gleder, smaker og ser bra ut!!! Dette tipset trur eg eg må låne til mor mi fyller år i romjula, kva skal ein gje dei som har alt? Jo, noko dei kan nyte, noko som er sjølvgjort og noko dei kan bruke opp!! Ja, ein kan jo berre fylle på med ny sjokolade, eska vert nok teke godt vare på!! Med ynskje om ei riktig god helg frå ingridmarie

rod i hob sa...

Så flott gave!
Du e kjempeflink!!

Tenke du får en bestilling på litt anna småtteri frå meg på mandag :-)

Anne sa...

Så fin gave du har laget:)
Sjokoladeesken ble kjempe flott:)
Ha en fortsatt fin helg!
-Anne-

Noralill sa...

Dette var jo ein fantastisk idè til den som har alt! Utruleg smart å lage ny innpakking...hmmm sikkert mange andre ting ein kan gjere slik med...Veldig fint vart det òg!

Heldige besten!

Rønnaug S. sa...

Dette blei jo reine kinderegget. Kjempefin blei den. Du må lage flere av den sorten;)

I morra gjør jeg Bergen utrygg, men på tirsdag er jeg tilbake på kontoret. Snakkast ;)

Irén sa...

Fabelaktig idé! Utrolig koselig, unikt og inspirerende! :-)

Takk skal du ha!

Ønsker deg en fin uke, hilsen fra Irén :-)

Related Posts with Thumbnails