måndag 17. november 2008

Eg har ein draum

... ein draum som blir sterkare og sterkare for kvar dag. Eg har ein draum om å få utdanna meg og jobba med grafisk design, med utforming og oppsett, fargar og uttrykk. Tenk å få driva med det heile tida, og tilogmed få betalt for det!!

Pr idag har eg ein jobb der eg innimellom arkivering, fakturering og telefontid får kosa meg med små og litt større prosjekt - plakatar og brosjyrar, invitasjonar og program. Av aller enklaste sort, men likevel storkosar eg meg når eg får halda på med slikt. På sikt (dvs når mannen er ferdig utdanna og tjener pengar som gras - yeah right!) har eg lyst til å ta meir skule innanfor dette feltet.

Men akurat no, og kvar einaste dag i ein månad framover - skal eg gle meg til å reisa på 3-dagars kurs i grafisk design. Eg skal til sjølvaste tigerstaden, bu hjå ei god veninnne, sitje på toget i 5-6 timar med interiørblad, musikk, og berre meg sjølv å tenkje på. Om dagen skal eg forhåpentlegvis læra litt meir om grafiske verkemiddel og korleis ein brukar dei for å oppnå det ein vil. Om kveldane skal eg nok sikkert ta eit glas raudvin i godt selskap, og kosa meg med god mat og god prat.

Om draumen min har sjangse til å verte realitet veit eg ikkje. Kanskje har eg ikkje evner nok, kanskje er eg ikkje kreativ nok, kanskje har eg ikkje vilje nok? Men, draumen er der, og med kurset eg har i vente håpar eg å få eit bittelite glytt inn i kva draumen inneber.


Tusen TUSEN takk for alle dei nydelege tilbakemeldingane eg fekk på forrige innlegg - eg vert så glad!

7 kommentarer:

Annika sa...

Det hørtes ut som eit spanande kurs du har i vente, og ein fin draum å ha. Det kan vere godt å ha noko å strekke seg etter.

Og så kjenner eg at eg blir litt nyfiken på kva jobb du har, for eg har tidlegare fått eit inntrykk av at du jobbar på rådhuset i heimbygda, og no skriv du arkivering osv, så kanskje du har ein litt lik jobb meg ;) Eg jobbar også på rådhuset, no som kulturkonsulent, tidlegare har eg vore lærling og arkivert mykje ;)

Sjokoladeboksa di var nydleg, og så kjekt å få noko så personleg då!

Ynskjer dokke ein flott dag vidare!

HIlde sa...

Åslaugmi! Du kan gjøre ALT du vil! Du har mer enn nok av evner og vilje, og med den drømmen er jeg sikker på at du kommer til å få til det du vil. Det må du aldri tvile på. Gleder meg så masse til du kommer, og da kan vi snakke mer. Så glad i gode, vakre, fine, kloke, nydelige du!!! Klem fra bursdagsjenta

Noralill sa...

Ja, viktig å ha ein draum! Eg sjølv tok mi utdanning etter at eg hadde fått to ungar, hadde hus og heim...5 år tok det, med pendling nettstudie og maaasse arbeid...+ deltidsjobb utanom...

Men det gjekk! Og i dag er eg kjempeglad!! Ingen kan ta frå deg ei god utdanning!

Lurer faktisk på å ta litt meir...hmmm

Trollkåno sa...

Er sikker på at du har nok av både evner, vilje, kreativitet og alt det andre du måtte trenge....
(eg er vel kanskje ein smule "innhabil", men likevel)

Rønnaug S. sa...

Og jada. Det kommer du til å greie. Men du får ikke lov ;).

Vi vil ha deg på kontoret i mange, mange, mange år enda. Netopp fordi du har kreativiteten og drømmen. Og så håper vi virkelig at det kurset blir enda bedre enn du drømmer om, og at vi får glede av det i alt det vi skal produsere. (Skulle gjerne vært med i kofferten...)

Liv Elin sa...

Drømmer er gode å ha - sikker på at du hadde klart å nå den kjempebra ! :)

(Smykke)Rosa sa...

Drømmer går i oppfyllelse;):)

Related Posts with Thumbnails