fredag 28. november 2008

5 om meg

No er det lenge sidan sist, men plutseleg oppdagaeg at eg har fåttei utfordring frå I eit hus i ein dal om å fortelje 5 ting om meg sjølv (x 3).

Den hoppar eg sjølvsagt på

5 ting eg likar:
Familien min; min kjære mann og mine nydelege små prinsesser!
scrapping
lydbøker
lese interiørblada mine
jobbe/leike med trykksaker/grafisk arbeid

5 ting eg ikkje likar:
husarbeid!
glatte og/eller våte vegar
mus i huset
pc'ar, når dei kræsjar
nevnte eg husarbeid?

5 artistar/musikk eg likar:
Radka Toneff
Kari Bremnes
Kristin Asbjørnsen
Al Jarreau
Tower of Power
(denne lista kunne vore endelaus)


Ser at utfordringa har vore rundt store delar av bloggverda no, så trur kanskje eg let den bero her hjå meg. Om du har lyst til å ta utfordringa er du hjarteleg velkomen!



(bilde frå allposters.com)

Med denne nydelege vesle engelen ynskjer eg deg ein god kveld - snart er det adventstid, med førebuing, forventning, familietid, ljos og varme tankar. Eg gler meg!

1 kommentar:

Nikoline sa...

Tusen takk for jobben med den fabelaktig fine plakaten!(førebels får det halda med takka,du skal sjølvsagt få betaling...)
Det er ikkje fritt for at eg kjenner det kriblar i magen... spennande detta her..
Ha ein god 1.søndag i advent!

Related Posts with Thumbnails