søndag 30. november 2008

1. sundag i advent - eller er det jol alt?

Fyrste sundag i advent - rundt i grenda kjem det stjerner i vindaugene, ljos på ei og anna busk, og adventsstakar i kvar ei stove. I blogglandia ser eg den eine etter den andre plukke fram jolegardiner og jolepynt, eller fortelje at no er jolehandelen fullført, huset vaska og alle dei 7 sortane i boks. Hjeeeeeeeelp!
Er det ikkje adventstida som byrjar no då? Advent betyr ventetid, ikkje sant? (nei forresten, igår var eg frivillig medarbeidar då 72 11-åringar deltok i Lys Vaken i Vangskyrkja, og der lærte me at advent betyr "han skal koma") Men me ventar på jola, på familietid, tradisjonar, juleevangeliet og alt det andre me forbind høgtida med....eller byrjar eigentleg jolefeiringa no, og så ventar me på noko anna?

For meg handlar adventstida om å førebu seg, førebu huset, førebu gåver til dei ein bryr seg om og no i år meir enn før; forklare Oda kva alt dette er for noko. Greit nok, eg hadde ikkje hatt noko imot å droppe husvasken som òg er ein del av joleførebuingane hjå dei fleste. Og sjølv om eg idag har vaska alle vindaugene i 1. etg, så kan det godt hende at eg hoppar bukk over andre delar av den obligatoriske golv-til-tak vaskinga. Men alt dette andre (den før nevnte baking, planlegging av jolegåver og kjøp/produksjon av desse, pynting og for å ikkje å gløyme jolekort) - det er jo adventskosen - det er jo joleførebuingane. Om eg skulle vere ferdig med dette før desember og adventstida kom, så trur eg at eg ville ha vore møkande lei heile jola om 24 dagar. Kva skulle eg DÅ bruke tida på? Turke støv av jolenissane?


Ved 3. gongs gjennomlesing vert eg litt usikker på om det er lurt å publisere dette innlegget. Det ser ut som meir av ein peikefinger enn det på nokon måte er. Eg berre undrar meg litt over at jola ser ut til å ha innteke halve landet før me eingong har runda 1. desember? Og for min eigen del vert eg meir og meir overbevist om at nissefar på rot, han skal få sitje i loftsmyrkret saman med resten av jolepynten (eller iallefall det meste av den) heilt til vetlejolaftan, når det skin i kvar ei krå, nett før hovmestern for n'te gong snublar seg over isbjørnen medan han vert meir og meir på ein snurr.

Når eg går rundt med litt undring idag, så undrar eg meg sant å seie litt over meg sjølv òg. Det er heilt tydeleg at det har gått litt vel fort i svingane siste tida; Ljos til adventsstaken? Nei, der var kun dei lilla frå ifjor, som alle var litt påbegynt. Me tende sjølvsagt eit ljos likevel idag, medan eg og Oda song den tilhøyrande "Tenn lys". Adventsstjerna kom ned frå loftet, men pæra inni var visst gåen, og me hadde ingen som passa, så den lyt òg vente til imorgon. Heldigvis var adventsstaken med 7 ljos intakt, og kunne setjast i kjøkkenglaset. Og den sterkt etterlengta ljoskula som eg venta på heile desember ifjor ha r omtrent funne sin plass (eg bestillte abbonement på Bolig+, og tenkte at den kula ville ta seg fint ut i førjolstida......det gjer den jo no - eitt år etter...). Adventskalendaren til Oda har eg sikkert tenkt på i over ein månad, men då alle gåvene skulle pakkast ikveld mangla det visst eit par likevel... Berre småting, alt saman - ingen som vert såra og vonbrotne - berre mor som nok ein gong får bevist at det er jammen godt hovudet sitt så godt fast på resten av meg. Ellers er det ikkje godt å seie kvar eg kunne ha gløymt det att....

God adventstid då, folkens!


Tenn lys, eit lys skal brenne for denne jorda vår
den blanke himmelstjerna der vi og andre går
omkring og deler vona at gode ting skal skje
må jord og himmel møtast - eit lys er tend for det.

(bilde: http://www.markmallett.com)

10 kommentarer:

antonette sa...

Etter en lang kveldstur i nabolaget var det godt å komme inn og lese at det finnes andre enn meg som ikke har pyntet til jul. Jeg gikk og undret meg mer og mer over at i mitt hus er det lilla lys og stjerne i vinduet som gjelder, mens i nesten halvparten av vinduene jeg kunne se inn i var det allerede ferdigpyntet til jul. Lurte litt på om familien min var unormal.

Jeg gleder meg over adventstida, alle de koselige juleforberedelsene og forventningene. Det skal også bli interessant å se om naboens juletre har noen nåler igjen når jeg pynter mitt lille julaften. ;o)

Ønsker deg og dine ei koselig og innholdsrik adventstid! :o)

LISBETH---<-@ sa...

Hei på deg! Jo, men det er godt å tenke seg litt om ang.jul og dens forberedelser.
Med fare for å virke besserwisser har jeg nok erfart at det er godt å starte tidlig, ikke å pynte til jul, heller ikke shoppe, men å planlegge.

Jeg tror jeg fikk bombesjokk da prinsessen i huset begynte på skolen og jeg fikk erfare hvilket pes desember ga med avslutninger i hytt og putevær, korsang meg her og korsang meg der, Luciafest osv.På toppen av det kom familiesammenkomster, barnebursdager og gjerne en tur i Grieghallen for å se Putti plott............
Det var nesten ingen hele ettermiddager/kvelder igjen av hele julemåneden, halloooo, det gidder ikke jeg !

Hele desember ble spist opp av arrangementer alle andre steder enn i heimen, jeg likte det ikke!

Så da bestemte jeg meg for at det kjipe som skal gjøres til jul gjøres i november (vaske kjøkken puhhhh) og så bruker jeg tiden i desember til kos , nesten bare kos .
Da får jeg tid til å pyssle, bake , ja nyte tiden slik som jeg liker det uten stress.
Tror hver og en må finne sin greie, tilpasset sin familie og vaner.Jeg har funnet min og er ever så glad for det :o)
Ha en nydelig dag og uke.
Klem

Rosa sa...

ser planleggings-poenget, Lisbeth :)

Og det vil nok verte hakket meir travelt med skuleborn i huset, det kan eg òg forstå.

Men besserwisser, neidå - berre glad for forklarande innspel ;)

henrieta sa...

TAKK!!!! Godt å sjå at det er fleire enn meg som faktisk brukar desember til juleforbereiingar. Har klart å få adventsstaken, og stjerna på plass, og dei fleste julegåver i hus, men det er det. Julepynten kjem ikkje på plass før litlejulafta, men julekrubba kjem fram i løpet av advent. Julevasken er stort sett ein utvida helgevask, og vindusvask dersom det er nødvendig;)

La oss ikkje ta jula på forskot, men bruke adventstida på å forberede det som skal komme:)

Knakande godt innlegg.
Adventsklem frå meg:0)

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Jag är inte alls färdig! Julklappar ska köpas, julkort ska tillverkas, og julpynting ska fram. Om jag hade varit klar redan nu - vad skulle jag då sysslat med i december? Jag tycker att det bästa är att ta lite varje dag. Jag tycker ju det är supermysigt att pynta och fixa så det håler jag gärna på länge med.

Hoppas att 1:a advent var fin!

Rønnaug S. sa...

Ferdig????? Ikke i det hele tatt. Har slett ikke alt på plass. Golv til tak-ask? Kommer ikke på tale. Om vinduene blir vaska er det skikkelig bonus.

Men jeg sitter å lager pakkelapper. Koser meg med noen få timer aleine og gleder meg over at stjerna lyser i vinduet og den 7-årma er på plass. Så kommer alt det andre etter. Og kos, det skal det bli!

Nydelige bilder du har tatt. Gleder meg til å se resten :)

Trollkåno sa...

Eg støttar deg 100%, ikkje overaskande seier vel dei som kjenner meg.
Men hvis me er ferdige med gåver,baking,vasking og pynten er teke fram, kva skal me gjere i desember då?
"kose oss", seier nokon.
Men er det ikkje det som er koseleg då, å planlegge, handle julegåver og bake julekaker?
Trur eg òg hadde vorte dugeleg lei heile julestasen om den kom fram no......Handelstanden vil sjølvsagt starte tidleg, so me handlar mest mogleg, men me har vel vilje til å stå imot, eller?

Nikoline sa...

Det spørs litt på kor mykje ein pyntar og ikkje dette her trur eg... Adventspynting er ein ting,julenissar og juletre ein annan ting.Ser ut for (i ein kommentar her)at nokon til og med har pynta treet!I alle fall lyt dette vera opp til kvar og ein,men når eg no i desember skal til med juleforberedelsane som baking,vasking,gåvekjøp og anna "styr" synest eg det er kjekt å ha det fint og adventspynta rundt meg.Kvite lys,tinn og englar lyt vika plassen for raude lys,nissar og messing når veslejulaftan kjem...Slik har eg det,du har det som du har det og atter andre vel altså og pynta juletreet til 1.desember... som eg seier,kvar sitt..
Ha ein flott dag,og hugs no og kjøpa lilla lys og pære i adventstjerna i dag.

ingridmarie sa...

Hei Rosa- koste meg med innlegget ditt eg!! Her er vi ikkje på langt nær ferdige til jul, men vi har kome godt i gang.. Dei fleste julegåver (Vi gjer kun gåver til borna og dei single vaksne..)er kjøpt inn, klarar ikkje å tenkje på til dømes Toys`Rus i desember-eg skyr heile Lagunen denne månaden-so sannt eg kan.Eg har sett kvite lys i stakane,Kvite englar "flyr" rundt omkring i stova, lagt på kvite dukar ,sett opp kvite lys på to buskar ute i hagen, og lagt kvite julekuler til pynt i Norgesglas, synst det er so mørke dagar, treng so til litt lys! Men vi skal bake,dei små har fått forkler og kjevle av mormor:) Julepynten,julekrybba og treet kjem ikkje opp før seint på kveld vesle julafta..Vaskinga tek vi litt om litt. Kos deg med adventstida!! Tid saman & ein tur eller fleire i den flotte Fanakyrkja er advent for meg:)

Liv Elin sa...

Her har vi det nok på samme måte - dvs. jeg hadde faktisk iår store planer om å få gjort unna det meste "styret" innen 1 desember- men dengang ei !
Klarte det ikke iår heller gitt ;)

Jeg er likevel bombesikker på at det blir både førjulskos og julefryd , fordet om jeg ikke rakk over alt jeg ville, burde og skulle! Det er nok alt etter hva man lager det til selv , og hva man ser på som viktigst å proritere, tror jeg.....

Julen kommer jo uansett den - om så julevasken er tatt eller ei !

Kjempeflott innlegg Rosa ! :)
Førjulsklem i natten !

Related Posts with Thumbnails