søndag 5. oktober 2008

Tjuvstart på vinteren og stolt 4-åring

Idag gjekk me frå hustren haustdag til grov tjuvstart på vinteren. Plutseleg, medan mor svinsa rundt og førebudde miniselskap og kyrkjegang, gjekk alarmen: "Mammmaaaaaaaa, det snøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøør!!" Oda sprang rundt i ring, lurte på om ho kunne ut og aka før me skulle i kyrkja, og ville helst på skitur med det samme. Jaudå, visst kom det både sludd og snø! Den la seg heile vegen ned fjellsida, like ned i bygda. Berre me som budde nederst ved vatnet vart forskåna for kvitkledd hage. Ikkje at snøen låg lenge, for utover dagen vart det både regn og glytt av sol, men likevel - det snøa 5. oktober!! Det seiest jo at vèret på bursdagen din fortel noko om kor snill du har vore i året som gjekk. Her hjå oss var det fint vèr nesten heile dagen igår, men litt regn og vind utpå kvelden. Eg lurte på kva det sa om min plassering på snillheitsskalaen, men då eg såg vèret i dag tok eg meg i å undre kven i all verden som hadde bursdag idag - den eller dei måtte verkeleg ha sett sinna i kok i året som har gått.....


Så kom me oss altså til kyrkjes. Oda har gleda seg i ei heil veke, og sat til mors forundring som eit lys medan presten snakka. Då 4-åringane skulle få hjelpe til med å henge figurar på flanellografen var ho særs ivrig i tenesta. Ho var fyrstemann opp, og då me alle trudde at dei små hadde gjort dagens innsats retta ho opp handa og gjorde tydeleg mine til at ho gjerne ville bidra med noko meir. Heldigvis hadde presten endå ein figur på lager som linselusa kunne setje på plass, medan kyrkjefolket humra, og mor lett rødmande og samtidig litt stolt seig eit bittelite hakk ned i benken.

Like ivrig var ho då det endeleg kom til at den omtalte kyrkjeboka skulle utdelast. Ho spratt opp av benken så snart presten tok fram boka, og stod saman med ein av dei andre 4-åringane i lysande forventning midt på kyrkjegolvet. Det var ikkje mykje tvil om kven som måtte få boka si fyrst, nei. - Mor vart visst endå eit hakk raudare i kinna.



Å avslutte kyrkjebesøket med kaker, saft og loddtrekking gjorde ikkje opplevinga mindre, og sjeldan har ein vel sett ungar verte så glad for å vinne ein pose grønsaker eller ei potte med lyng etter hausttakkefesten.

Den vesle bursdagsfeiringa i etterkant vart òg vellukka, trur eg. Kjekt å ha besøk, kjekt å lage istand noko, og så er igrunn Oreo-kaka i seg sjølv grunn god nok til å invitere gjester. Bilder av dette skulle du gjerne fått, men for tredje gong (Hallo! Kortid skal eg lære?!?!?!) har eg klart å slette bildene frå kameraet før eg har dobbeltsjekka at alle er overført til PC'en...

No håpar eg på litt mildare vèr, slik at eg og ungane utan problem kjem dit me skal imorgon...

7 kommentarer:

Noralill sa...

Heisann! Kjekt med ivrige born... ikkje rart, for det er stor stas dette med kyrjeboka...

Takk for sist forresten! Kjekt å sjå deg...Sjølv om eg vel har hatt ei anining...Håpar du fekk deg nokre godbitar, du som var fyrst i køen...hihi...

Ha ein fin kveld!

MOLLY sa...

Ååååh, gratulerer så mye med overstått...Ingen som spør meg om legitimasjon lenger, men nå handler jeg stort sett melk jeg da...hahahaha;)
Og for en nydelig tulle, det gjelder å være først i køen nemlig, selv i i kirken...hihi;) Spennende saker må sankes inn vettu...
Kos deg mer kakerester hvis du har, og sleng gjerne en hit;)

MOLLY sa...

Nå avleverte jeg denne på en annen blogg med bursdag, og vi kan jo ikke gjøre forskjell, derfor:

Hurra for dig som fylder dit aar!
Ja dig vil vi gratulere!
Alle i ring omkring dig vi staar
og se, nu vil vi marsjere,
bukke, nikke, neie, snu os omkring,
danse for dig med hop og spret og spring,
Ønske dig av hjertet alle gode ting!
Sig mig saa, hvad vil du mer!

Høit vore flag vi svinger. Hurra!
Ja, nu vil vi rigtig feste!
Dagen er din, og dagen er bra,
men du er den allerbedste!
Se dig om i ringen, hvem du vil ta!
dans en liten dans med den du helst vil ha!
Vi vil allesammen svinge os saa glad;
En av os skal bli den næste.

Blått er flott sa...

God kveld :)

Hihi, smilte mens jeg leste innlegget ditt, synes jeg ser den kjolekledde søte jenta di sitte ivrig med hånda i været :)

Ønsker dere en fin uke!!

Rønnaug S. sa...

Heisann! Morro å se bilder fra kyrkja. Helt tydelig at snuppa hadde en stor dag. Og nå må nok jeg også snart prøve oreokake. Har et par spørsmål i den anledning. De tar vi i ei dertil egna pause...

Håper kurset er verd tida ;)

Huset i skogen sa...

En søt liten jente! Vi var også i kirka i helga med minstemann som blir 4 år nå i jula. Ikke like ivrig i tjenesten som jenta di, men han var nok så rank i ryggen og stolt da han gikk fram. Ble ikke noen bilder fra seansen, da jeg selvfølgelig hadde glemt å lade batteriet i kameraet:( Heldigvis var besteforeldre på plass med kamera, så håper de har fått noen blinkskudd! Snødde gjorde det her også, men heldigvis gikk det over til regn. Vil ikke ha snø enda:)
En forsinket gratulasjon til deg som har hatt bursdag!
Ha en fin dag!

Rosa sa...

Ja, var en "artig" dag med mye snø her, riktig lava godt ned over flere timer. Og et leven uten like av fulger i hagen. De fikk seg vel et lite stort sjokk som oss tenker jeg;)
Klart de ville ut og ake hos deg, skjønner jeg godt;)
Koselige bilder, skjønn jente. Er spennende for de med alt sånt som skjer, som utdeling av bok:)
God søndag til deg og dine:)

Related Posts with Thumbnails