torsdag 2. oktober 2008

Nydesigna award!

Anna Lisa har designa denne skjønne award'en, og eg var så heldig å få den hjå Tove for eit par dagar sidan. Så kjekt!! Eg veit så altfor vel at eg har vore litt schlækk med å dele awardar vidare, men det har samaheng med at "alle" har jo fått dei, og då er stasen litt vekke syns eg(altså, ikkje stasen ved å få den, men ved å dele den ut). Men denne er jo splitter ny, så no skal eg vere flink jente og fylgje opp!


Har gått og fundert litt på kven eg ville gje den til, sidan den skulle delast ut til 5 nye bloggarar som står mitt hjarta nær, men her er altså lista:

I eit hus i ein dal - fordi ho skriv så varmt og nært om kvardagslivet, og små og store funn på garden ho bur på
Me&Molly - som skriv så drivande at eg må lese fort fort for å halde fylgje, og som alltid framkallar ein god latter.
Rønnaug, som lagar dei finaste oppmuntringar med papir i alle variantar
Blåbærpai - med sine knallfine bilder og skråblikk på kvardagen med guteflokken
Troll og ting - her er eg sjølvsagt litt inhabil, men eg syns det er ein flott blogg med masse fine hobby-ting og bilder frå garden.

Alle desse er bloggar eg innom så fort det er noko nytt å lese. Det finst fleire (sjølvsagt alt for mange - ikkje rart at tida går ifrå meg *kremt*), men ikveld vart det slik.


Idag kom det noko VELDIG kjekt i posten, så kvelden har om mogleg gått endå fortare enn vanleg. No er det berre å komme seg i seng så ein har sjangs til å slå opp augene når alarmen går klokka 6 imorgon. For du kan skjønne det at sjølv om me har fri fredagane kan ikkje småjentene leggje seg roleg ned att når far skal alt for tidleg opp for å gå på jobb. Då er det opp og hopp!

Og så er det fredag og helg igjen - nyt den!

4 kommentarer:

MOLLY sa...

hehehe...ja det hjelper å grave seg ned i tide...i sengen altså;) Her ringer klokken 06 for oss også...men her er det ingen barn som hopper to timer senere heller...hihi;) De må slites ut av sengen:) At ikke de kunne være sånn når de var små??????

Iallefall TUSEN TAKK FOR EN KJEMPEFIN AWARD, tar den med meg med en gang...hihi;)
Knallkoselig lørdag til deg og gjengen:))

Blåbærpai sa...

Tusen hjarteleg!GOD HELG!

Rønnaug S. sa...

Åååå. Så fin! Tusen takk!! Den skal jeg ta godt vare på.

Joda. Oppdateringer trengs både her og der. Det har ikke blitt allverdens med tid til maskineriet å ferien. Men det skal snart skje noe hos meg også. :)

God helg til deg også. Mandag er jeg forresten i Bergen. Men på tirsdag ewr jeg på plass på kontoret igjen :)

Trollkåno sa...

Mange, mange takk!
OG GRATULERA MED DAGEN!

Related Posts with Thumbnails