fredag 24. oktober 2008

Lopper og gressenker

Det er ikkje til å komme unna - eg føler meg innhenta av tidsklemma. Dagane berre susar forbi, med jobb, henting, bringing, øvingar her og møter der. Og vips, så er det faktisk 4 dagar sidan sist eg blogga. Iiiiiiiik!

Ikveld sitt eg åleine i stova, med levande ljos rundt meg, "gullrekka" summande bak ryggen, og to jenter trygt i seng. Eg har innleia ein 10 dagars periode som brass-enke. For den som treng litt meir forklaring, så viser eg til begrepet "fotball-enke". Eg har det litt på same måten, berre at mannen min (heldigvis) ikkje er hjernevaska på fotball, men på brassband-musikk. Neste helg er det tid for den årlege underholdningskonkurransen Siddis, og korpset hans satsar stort på alle slike arrangement. Og når eg seier satsar, så betyr det at tysdag er den einaste kvelden dei tek fri iløpet av dei neste 10 dagane. Det i seg sjølv er jo ganske heftig. Men så har det seg slik at Bergen ligg på vegen mellom øvingslokalet og heimen. Bergen er staden der rosamannen jobbar, og for at han ikkje skal reise seg ihjel er det mykje greiare at han overnattar hjå ein god kollega eller ein annan kamerat når han skal på jobb dagen etterpå. Dei vanlege mandagskveldane når han er på øving er me vande til no. Eg ser ikkje mørkt på det, for denne kvelden har òg vorte min faste scrappekveld. Men med ein så intens periode er det klart at både eg og jentene vil sakne "guten vår", som Oda seier. Lyspunktet er at det vert ei lang rekkje av scrappekveldar til mor. Du veit - aldri så gale at det ikkje er godt for noko!

Dagens bilder er loppefunna frå turen til Ulvik 4. oktober. Det vesle skatollet skal målast og få sin plass på jenterommet. Oda tok det til seg med det same det kom i hus, og sat ute i gangen og gjorde "lekser" den fyrste kvelden. No står møbelet i stova og ventar på at mor skal finne tid og inspirasjon til pussing og maling. Det er jo frykteleg dumt å kjøpe oppussinsobjekt utan å pusse det opp......


Dei andre sakene fann eg utanfor loppemarknaden, hjå ein mann med bil og tilhengar, som nok hadde tømt både eige og kanskje andre sitt hus på vegen.

Ei gammal knivkasse, omtrent lik den eg har på kjøkkenet til post. Denne her tenkte eg skulle få plass i stova, til rekningar og andre triste ting som treng litt system.


To gamle bøker kjøpte eg hjå han, hovudsakleg for å rive dei sund og bruke dei til eit prosjekt eg har på scrapperommet for tida....


Og til slutt eit krusifiks eg ikkje klarte å lausrive meg frå. Eg veit ikkje heilt enno kvar det skal henge, men opphenget er brotna av, så fyrst må eg finne eit patent for å få hengt det opp.


Ikveld trur eg faktisk ikkje det vert scrapping, men blogging, litt rydding og ein tidleg kveld.

Natti!

7 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Endelig har jeg tid til å kikke innom att. Du verden som tida bare forsvinner, og når nettet attpå til velger å forlate oss noen dager... Ja, da er det ikke mye festlig å ønske seg rundt i bloggverda. Det hjelper jo ikke akkurat at med konferranser på østlandet heller... Men nå er jeg heime att. Koser meg med noen små prosjekter og har så smått begynt å tenke på en dag som nærmer seg. JIPPI - om ei uke skal vi kose oss :)

Ha ei fortreffelig helg, selv om gubben din spiller borte ;)

Klem

henrieta sa...

Så flott skatollet kjem til å bli når det vert ferdig. Heldige Oda, som skal få det:-)

Du får kosa deg med scrappinga når mannen er vekke. Skulle gjerne brukt meir tid på det sjølv, men då må eg rydde kontoret først.......

Knivkassen var og fin. Ein sånn skal eg jammen halda utkikk etter.

Ha ei god helg:0)

henrieta sa...

Må tilstå at det satt litt langt inne og kjøpa Greengate sidan det verka som om det var litt sånn som ALLE hadde. Men, men likar ein det så får det vera det same om alle eller ingen har det;)

Ha ei god natt:)

mali-mo sa...

Å, det hørtes kjekt ut med loppis i Ulvik! Neste gang du vet om et loppis i distriktene innover, kan du ikkje gi meg en lyd? Hadde vært kjekt med en tur hvis det hadde passet, men det spørs no da, med oppussingstingene i kø her.

Gleder meg til å se etterbilder av skatollet. Skal du skifte håndtak og? Eg jakter på knotter til en kommode for tiden, og til nye kjøkkenet. Har satt meg i hodet at eg vil ha noen andre enn IKEA sine porselensknotter ;)

Og du, hvis det teller noe, så kan du iallfall si til Rosamannen (når han kommer hjem igjen) at i den dertaklampesaken så har du iallfall MIN fulle støtte. Kan ikke henge en lampe midt oppe på veggen på fineste huset i bygden vel!!! Det må han vel forstå! Han som har vært så råflink å jobbe og lagt ned så mye innsats her, og så skal han finne på noe sånt? Nei vel.... Han får heller få en utelampe til da, en med sånn fotocelle som sår seg av og på kanskje? Når han føler for å se hele hagen?

Her sover lillemalien og vi skal til å lage scampi og kose oss ;) Herlig med helg!

;) God helg til deg!

Liv Elin sa...

Så masse fint du har funnet på loppis ! :)
Det skatollet blir sikkert kjempefint når det blir malt !

Takk for at du tittet innom bloggen min ikveld - så koselig ! :)

Ha en kjekk lørdagskveld!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så fint skatoll! Det kommer säkert bli så flott med lite pussing och maling. Och väldigt praktiskt att kunna stänga och gömma allt rot... ;-)

Ha det fint!

SmykkeRosa sa...

Så mye fint du finn:) Blir kjempeflott med litt farge på. Har en kjeller her som skulle vert rydda, så skulle vel gått til loppemarked mye av det. Kansje det hadde havna på sida di her da;)
Får endre nicket mitt litt når jeg er innom deg :)

Related Posts with Thumbnails