måndag 20. oktober 2008

Kvinner frå Venus, men kvar i alle dagar kjem menn frå?

Jaudå, eg har høyrt at dei kjem frå Mars. Og t dei kjem frå ein annan planet er iallefall sikkert!

Det er ikkje ofte eg og rosamannen er skikkeleg ueinige. Ikkje slik at temaet kjem opp att gong på gong, utan at me nærmar oss ei løysing eller eit kompromiss, iallefall. Men i kjølvatnet av den ferdigstillte renoveringa av huset - på utsida (!) - har me fått ein aldri så liten "issue", som det heiter på godt norsk.

Problemet ser du her:



Ein ganske alminneleg utelampe. Passe fin, passe pris, passe lys når det elles er mørkt ute. Men det er èin ting som absolutt ikkje passar. Eg held faktisk på å få fnatt då eg oppdaga det. Her kjem eg heim frå butikken, laurdagskveldsen og lunch til arbeidsfolket er fanga, og eg stig intetanande ut av bilen. I stillaset sit Pompel og Pilt og dinglar med beina, såre fornøgd med eigen innsats. Eg slepp nesten varene ned i rein vantru. Den fine, oppoverlysande lampen min er plassert skyhøgt oppå veggen. Eg har jo sjølv sett at eletrikar-røyra gjekk ut der oppe ein stad, men eg var jo totalt overbevist om at mannen hadde ein plan for det der - at det skulle komme ei kobling og ein ledning nedover ein meter eller halvannan, før den munna ut i ein lampe. Men neidå, midt der oppe - med perfekt lys til fugleparet som brukar å hekke på ytterste takbjelken, der hang lampen.

Mannen vart nok litt såra og vonbroten - her hadde han jobba og stått på, og alt han fekk var kjeft (Og sjølvsagt skal eg jo vere bra fornøyd med at lampen kom opp så fort - den vart jo innkjøpt berre for ein månad sidan!). Sjølv syns han plasseringa var genial; Målet om lys i heile hagen bort til uthuset var nådd, kva meir skulle til? Å prøve å flette inn at det ikkje såg så bra ut var nyttelaust. Eg prøvde å illustrere det ved å peike på lampen over uthusdøra, som peikar nedover. Tilogmed den heng lågare, men om det var ein slik lampe kunne eg til ein viss grad forstå tankegangen. Trur du det hjalp? For å sei det som dei gjorde i ein reklame for fisk (eller noko slikt, der kommentaren iallefall kjem frå ein som gneg på ein turr pinne); Deinna e' go' nok! Eg har lova meg sjølv og andre at til våren, når me skal oppatt med stillas for å male resten av huset - skal lampen flyttast!! Mannen på si side har lova meg at så lenge det er han som gjer slikt arbeid, og han faktisk likar plasseringa, så vert lampen hengjande.

Som du skjønar går me ein spanande vår i møte (og endå er det "berre" haust - me har jo tid til tallause diskusjonar før dette vert aktuelt igjen....) . Eg reknar med det store utelampespørsmålet vert ubesvart fram til den tid, men at motstandaren satsar på at det går som vanleg: ein venjer seg til det utrulegaste, og gløymer korleis det eigentleg skulle vere.

Men ikkje denne gongen, nei! (fortsetjing fylgjer - te' vaoren ain gong!)

8 kommentarer:

tanja sa...

Nei ditta går ikkje! trur mannfolk mangla "estetiske auger" berre det er praktisk og jobben er gjort er dei heilt fornøgde. MEN når det er sagt så har no du fått opp lampa di, mine ligg i kassar på 3 året....

henrieta sa...

Er det ikkje typisk. "Kva er problemet, me har jo fått lys. Masse lys." Eg synes eg høyrer husbonden......Første bod for dei fleste mannfolk, er ikke fint, men praktisk, trur eg;) Men, men, eg trur eg lyt sei meg einig med innlegget framom. Sjå lyst(!) på det. Lampen er i alle fall på plass. Her og tek ting tid - massa tid når husbonden er ansvarleg;)

Du har ein kjempekoseleg blogg. Håpar det er greit at eg legg deg til i blogglista mi;)

Ha en flott dag:-)

LISBETH---<-@ sa...

TYPISK TYPISK TYPISK...helt normalt i Lisbeth-heimen også.
Og grrr så irriterende med elektriske uttak vanvittig malplassert. Og selvfølgelig tenkte du at kabelen skulle strekkes nedover veggen, det hadde jeg og gjort.
Men det er der vi går i baret.... den der lille der med at han skal bombesikkert strekke kabelen nedover veggen, for det har han ikke tenkt nei. Åhh slitsomt å måtte si høyt hver eneste lille ting.
Til trøst ...hvem tror du har varmtvannbryter MIDT på kjøkkenveggen , passe midt i glaningen, til å bli sprø av.

Har lært at jeg må være tilstede under hele oppussingen, passe på, ligge foran i terrenget og til sist, prøve å tenke det utenkelige, det som strider mot all fornuft og logikk. Først da er det håp om å unngå håndverker tabber som rent estetisk er katastrofale, hi hi

MEN HVORDAN SKAL DET GJØRES NÅR LYSPÆREN SKAL SKIFTES???...opp med stillas hi hi!
Klem

Annika sa...

Oioi! Dette var litt vel høgt ja, det er eg heilt enig i! Heldigvis har eg ein mann med veldig "estetiske auger", faktisk meir enn meg, så eg håper slike ting ikkje blir eit problem i heimen her.

Når det er sagt, er eg ganske misunnleg på lys på veggen då... Det står på ønskelista til jul!

MOLLY sa...

hahahaahahhahahaha....Ja, det som er en selvfølge for oss er visst ikke det for disse mannene...hehe;) Jeg hadde også noen sånne rør, som stakk ut på steder jeg trodde bare var et punkt PÅ VEIEN til selve STEDET!!! Neida... Ikke i senter og ikke i rett høyde, og denne elektrikeren hadde fått tegninger på centimeterne...fnyyys!

Men nå hadde mannen sdradd ut røret til avtrekksviften på badet, og så den stod sånn midt mellom ingenting, og sånn delvis over vinduet, istedenfor bort i hjørnet mot veggen...merkelige greier...og jeg måtte jo bare påpeke det, men da var det forsent selvsagt...han så ingen problemer med det før jeg tegnet og forklarte, så sånn er det bare...hehe;)

Det blir spennende her på bloggen til våren med andre ord...hihi;)

Og du det huset ditt trodde jeg at jeg hadde kommentert for en stund tilbake, m,en så forsvant det innlegget igjen, men det er kanskje bare jeg som roter? Iallefall kjempeflott hus, og dere er superflinke!!!!
Ha en lysende dag, med eller uten reklameplakat:)

Liv Elin sa...

HIHI - artig innlegg! Kjenner meget godt problemstillingen fra her i gården gitt !
Bare at iøpet av årene og ting som er feilplassert - har han lært at det er lurt å spørre før han begynner å monterte! ;)

Jaja- dere har iallefall god med lys i hagen til vinteren da og lampen var da kjempefin ! :)

Ha en kjekk kveld videre !
Klem Liv Elin fra Husrom & Hjerterom

Huset i skogen sa...

Ja er det ikke typisk mannfolk? Men hvordan vil han gjøre det når han skal skifte pære da, det ville jo være mye mer praktisk hvis den var lengre ned...
Du får pønske ut noe lurt for å få viljen din. Jeg prøvde meg på en liten avtale igår, da mannen ønsket hjelp til vedstabling. Helt iorden hvis du skrur sammen tv-benken (som har ligget flatpakket og urørt i 14 dager) etterpå sa jeg. Selvsagt gjør jeg det sa mannen, og jeg stablet ved som bare det. Men tror du det ble gjort noe med tv-benken? Tyypisk...
Vel, du får trøst deg med at du har lys og at du har noen mnd på å pønske ut noe lurt!
Ha en fin dag og god helg:)

Anna Lisa sa...

Hm.ja den var litt høgt oppe ja....
Vi har ingen utelys foreløbig. Skal bestille inn lampar og elektrikar etterkvart...må jammen passe på kor dei blir hengt opp :)
Ønska deg ei fin helg!!
Takk for koselig helsing når eg var sjuk. Det varma meg
Klem

Related Posts with Thumbnails