måndag 27. oktober 2008

Gjenta

Og gjenta ho kjøpte seg
spennor og stas,
og ringar med perlor
av farga glas.
-Men ikkje vart gjenta gift. -

So greidde ho håret
med kost og med kamb,
til dess det vart krulla
som ull på eit lamb.
- Men ikkje vart gjenta gift. -

Og gjenta stal pungen
frå husbonden sin,
og kosta seg halsklut
av røysekattskinn.
- Men ikkje vart gjenta gift. -

So tok ho ein sviptur
til næraste by,
og sytte seg dos
utav kjøpety.
- Men ikkje vart gjenta gift. -

Då vart ho so arg
at ho fræste som krut,
og flakte so av seg
kvar einaste klut,
- men då vart gjenta gift.....

Jakob Sande
Svarte Næter, 1929



3 kommentarer:

ingridmarie sa...

So kjekt med Sande-dikta du legg ut! Mykje klokt i dei! Og so fine lopper du har funne, såg nett bilda i eit tidlegare innlegg, det skatollet var heilt nydeligt! Har du planar om å male det? Igrunn litt kos å vere åleine innimellom, då kan ein styre fjernkontroll eller ha full råderett over pc`en, bestemme middag utan å ta hensyn til maken, og ikkje minst lengte litt til kvarandre:) Med ynskje om ei koselig brassenketid frå ingridmarie

Rønnaug S. sa...

Jammen kan han det, han Jakob. Blei sittende å bla i boka her i forrige uke. Så masse morro der.

Og jeg også GLEDER meg til lørdag. Har så smått begynt å tenke på hva jeg skal pakke...

At du har vært innom på dagtid betyr kanskje at telfonsystemet begynner å roe seg??? Eller kom du heim først?

Ungene er ute og prøver snøen. Jeg skal finne sofakroken og en kaffekopp om eit lite bel ;)

Ha en strålende aften!

ingridmarie sa...

Takk for KJEMPELURT "strikk på regntøy" råd, Rosa! Det skal eg jammen teste neste gong eg er i beit! Skikkelig styr å drasse med seg den symaskin fra jobb.. Ler litt av meg sjølv no :) Men men, kansje eg kan finne noko gøy å lage av loppisstoffa eg fann i helga? Når eg fyst har maskina i hus?. Ha ein fin kveld!

Related Posts with Thumbnails