onsdag 15. oktober 2008

Finaste huset i bygda

That's mine :)

Eller, det følest jo framleis litt uferdig, sidan halve huset er ferdigmalt og halve huset framleis ser ut som det står ubehandla. Det er altså grunna, men vannbasert dekkbeis og det før nevnte gråvèret me har på denne årstida går ikkje så godt ilag. Mannen hjå malingsforhandlaren har lova at så lenge det berre er regn og ruskevèr, og ikkje for mykje sol som tek tak i huset, så skal oljegrunninga halde fint til våren kjem. Og med tanke på at me bur på Vestlandet, mellom tallause fjell, så er utsiktene gode for mykje regn og lite sol. (eit par månader på vinteren ser me kun sola på fjelltoppane her eg bur....)


Uansett - no er kledning og glas skifta på tre veggar (Den fjerde er i såpass god stand at det trengs ikkje foreløpig, og ligg på baksida med berre eitt glas, som forøvrig er av den gamle sprosse-typen). Og eg opplever eit par gonger i veka at folk i bygda kjem og tek tak i meg berre for å sei at dei syns huset har vorte så fint! Det er jammen kjekt. Seinast idag kom det ei gammal dame bort, som hadde vore barnejente her i ungdomen. Ho var så glad for at me hadde fått sprossevindauger på plass igjen, og fortalde at ho hadde vorte tipsa om det av ei anna eldre dame i bygda. Ikkje verst, berre det!

Hagen og området rundt huset er eit kapittel for seg. Etter 6 veker med ein effektiv snikkar på veggen ser det ut som eit katastrofeområde her. Trur kanskje me treng ein container om det skal hjelpe på litt. Og den nydyrka plenen min, som har tatt seg så flott opp i sommar - den er vel så og seie historie. Det var nemleg den best eigna plassen til saging....



Då gjenstår berre å betale rekninga som dumpa ned i postkassen idag. Den var akurat så stor som me frykta, og vips var både oppussingsmidlar og etterlengta skattepengar vekke som dogg for sola!! Men fint hus - DET har me :)

Imorgon har eg og jentene fri, og dagen skal nyttast både til besøk på helsestasjonen, ein svipptur innom jobben og kanskje eit kafèbesøk før me går inn i ei travel helg.

Tusen takk for at du stikk innom, og endå tusen til for at du legg att så kjekke kommentarar til meg!

6 kommentarer:

♥ H@rmoni ♥ sa...

Huset så flott ut så langt, og blir sikkert enda bedre som ferdigmalt selvfølgelig!
Hagen har du en jobb med framover..
Spurte jeg deg hvor du bor i Hordaland? Sunnhordland eller nordhordaland?

NUSSE sa...

Så utrolig flott hus! :-) Og kjempefin blogg!

Ingrid sa...

huset er flott !!Men det ser no mykje større ut no enn det vi har sett når vi har køyrt forbi ! E da auene mine da e noke gale med ?

mali-mo sa...

Kjempeflott hus, og gleden over det varer nok myyyye lenger enn pengene ;) Gruer for regningen eg og, men det er heldigvis langt fram hehehe ;) God helg!

ingridmarie sa...

Heihei! Åh so flott det vert!! Eg er heilt einige med kånene i bygda di-riktig fint vert det når dei gamle husa vert sette i stand og restaurert tilbake til stilen frå då dei var nye;) Kortid er huset bygd? Her i huset går det framover med opp-pussinga,men saaakte, både grunna to fulle jobbar, småbarn i huset og sjølvsagt prioritering av tidsbruk og ja pengar;) Men vi har tak over hovudet og huset er tett :) Hm trur ikkje heilt at eg følger mitt eiga råd når det gjeld mitt eige hus-har ikkje lyst til å gå for 1980 stilen,hehe. Men huset er rettlinja med skråtak og meir 70-talsprega enn 80 då.. Nyt helga! Varm helsing ingridmarie

Rønnaug S. sa...

Jeg kommer ikke til å være i tvil den dagen jeg skal finne fram til deg: Kjempe fint hus. Gleder meg til se og til å scrappe og skravle:)

Her er det fridag og bare susing på nett og surring i huset. Hue trenger en tur ut og kroppen vil helst finne sofa og bok. Men fingrene vil heller lage bursdagskort til niesa mi. Får se om ikke alle kroppsdaler kan bli tilfredsstilt etter hvert.

God helg til deg og dine :)

Related Posts with Thumbnails