fredag 10. oktober 2008

Euforisk

Ja, akurat no sitt eg med ein litt sånn euforisk glad-følelse i magen. Idag har eg nemleg hatt besøk, av ei veninne eg ser altfor altfor sjeldan. For noko som verkar som ein mannsalder sidan (eh... 8 år eller deromkring) delte me rom i nesten eitt år på folkehøgskule, og ho er ei av dei ytterst få eg har helde kontakten med sidan då. Når ein lever på kvar sin kant av landet (ein aldri så liten klisjè der ja), og med veldig forskjellig kvardag så vert det ikkje så ofte me treffest eller snakkast. Men alltid veit ein at vennskapet er der, og når me fyrst er ilag er det som om det var to dagar og ikkje to år sidan sist.

Timane ikkje berre flyg - dei får jetmotor! Jentene mine tok ho til seg frå fyrste stund, og dagen har vore herleg. Når ungane endeleg var i seng kunne me verkeleg la praten gå, mimre litt, og løyse eitt og anna verdensproblem over eit rosa glas. Og no når kvelden er over kjenner eg at eg så inderleg gjerne skulle hatt ho rett borti vegen her, istadenfor langt der borte. Men, uansett er eg glad for at me iallefall får slike dagar i ny og ne.


Med seg hadde ho gåve til alle oss jentene. Eg fekk ein nydeleg handkrem som heiter Happy days, og Revitalizing te frå Pukka. Berre besøket idag var revitalizing, og det har verkeleg vore ein Happy day, så kven treng gåver? Hurra for gode veninner!


Imorgon er det bloggertreff i Bergen, og med spent forventning gler eg meg masse til å treffe alle dei kjekke bloggdamene frå området. Sjalabais!

4 kommentarer:

Veien blir til mens du går... sa...

Hei på deg!

Surfet rundt her i Blogglandia og via omveier fant jeg din koselige plass innpå her.

Herlig blanding av familieliv, hobbyer og ymse... Har lest opp og ned i mente og kost meg veldig! Tusen takk! :-)

GOD HELG!

Vennlig hilsen Irén :-)

MOLLY sa...

Så koselig, og ja jeg kjenner den følelsen...Vil ha nærmt, men også såååå kjekt når det endelig skjer:) Flotte presanger fikk du også;) Også så treffende navn...hehe...
Kos deg masse på treffet idag, og gleder meg til å høre referat:)) Happy days to U!!!!!!!

mali-mo sa...

Så koselig med besøk av en god venninne ;9 Mine to beste venner bor også i helt andre deler av Norge og det er så altfor skjelden vi møtest, så den følelsen forstår eg godt!

Var kjempekoselig å treffe deg idag! det ble litt sånn hektisk og masse folk og prat, tror neimenn ikke eg fikk hilst på alle engang! Men det var artig å treffe folkene på ordentlig, og få et ansikt til bloggene (selv om eg er gått surr i hvem som var hvem hehe). Håper vi treffes igjen! God lørdagskveld til deg!

Anonym sa...

Min venn! Jeg er så glad i deg!!! Stor stor klem fra Hilde

Related Posts with Thumbnails