laurdag 11. oktober 2008

Ein dag i selskapelegheitas teikn

Telefon til Rosamannen klokka 12.04 idag, laurdag formiddag, frå 1 stk småstressa Rosa, i lett trav bortover bergensk brustein;

-Eg står ved NAV, kor skal eg?
-Du går ned til venstre, ned gata, og bort til Fridays. Me held kontakten til du har funne fram
-Ok, ved Fridays, kva no?
-Gå til høgre
-Jammen, då havnar eg jo rett på vatnet.
-Snu deg mot vatnet, og så går du mot høgre
-Hæ? Det var jo der eg kom frå? (desse 2-3 siste linjene i loop eit par gonger før me går vidare....)
-Nei, du kom jo rett oppefrå, gjorde du ikkje?
-Eh....skal eg sjå mot bystasjonen, og så skal eg gå til høgre?
-Ja
-Det var der eg kom frå. Kor langt skal eg gå?
-Bort til hjørnet på bygget, og så rett over gata
-(mumlande) eg stod jo akurat her borte, (mumle) har gått forbi 3 gongar(mumle). DER er det - haaaade!

Jaudå, eg har faktisk vore på Zupperia før. Men den gongen vart eg styrt av to veninner, og ensa verken retning eller avstand til noko anna. For å sei det rett ut, så har eg retningssans som ein gammal sokk - den har kanskje vore der mange gongar, men aldri sett kvar vegen går (naturlegvis sidan sokken som oftast er inni ein sko når den er ute og går. Eg pleier ikkje vere inni ein sko, men eg kunne like gjerne hatt bind for augene, så lite som eg får med meg. Det er faktisk så ille at jentungen på 4 kjenner seg akurat like godt att som meg, når me køyrer nokon stad. - eg eignar meg mykje betre som kartlesar!)

Men til slutt fann eg altså Zupperia, nokre minuttar etter skjema, men heldigvis ikkje heilt åleine om det. Og vel innom døra var det ikkje tvil om kva bord som tilhøyrde dei bergenske blogg-jentene. Langbordet var faktisk fullt allereie, med damer i alle aldrar og fasongar. Nokon kom i par, andre kom som meg - åleine, med eit åpent sinn. Tru det eller ei, så er eg faktisk litt sjenert i slike samanhengar. Men heldigvis fann eg nokre av dei eg "kjende" frå blogglandia, og på ei kort stund var isen broten og praten igang. Eg kunne ikkje unngå å leggje merke til at andre gjester snudde seg med undrande blikk når latteren nådde nye høgder rundt bordet. Og for dei eg ikkje rakk å helse på - ja! eg er ho med rosa sjal og den svært høge, støyande latteren ;) Det var utruleg kjekt å få nokre ansikt og personlegheiter å feste til dei ulike bloggnavna; mali-mo, emmeline, Lisbeth, Jill, Ingridmarie, Liv Elin....kort sagt mange flotte damer!(me var vel ca 25 stk, så det seier seg sjølv at ein ikkje rakk å prate med alle) Eg gler meg allereie til neste treff - I'll be there!!

Eg måtte gå før festen var over, for å få med meg ei gåve i siste liten til eit bursdagsbarn her heime. Me skulle i selskap, og i oktober høver det seg med haustleg bordpynt. Nydeleg oppdekking, nydeleg mat, og godt selskap. Denne dagen har verkeleg hatt vinger, og det tydar jo på at den har vore bra?


God haust-helg vidare!

7 kommentarer:

ingridmarie sa...

Hei Rosa!! Hehe, so kjekt du skriv!! Var so kjekt å bli litt bedre kjent med dåke!! Ja, trur nok at fleire av gjestene på Zupperia kunne ønska at dei anten sat ved vårt bord i dag- eller kansje heller i ein annan resturant alt etter som... Vi er jo kreative damer som både synst-og høyres,hehe! Eg legg deg til bloggrullen min eg, for då er det lettare å halda seg oppdatert på smått og stort i den hyggelige bloggen din! Varm helsing frå ingridmarie

Rosa sa...

Så koselig det hørtes ut å møtes slik, det var nok fint ja:)
Det med å finne frem er blitt litt lettere nå tror jeg. "Gubben" fant ikke frem i samme by her for et par uker siden, og han er nå vant til å "vase rundt" overalt men hadde litt dårlig tid da. Så jeg brukte kartfunksjon på nettet og "geleida" han gjennom gatene til han kom dit han skulle her hjemmefra via telefon og pc :)

Livet er heeerlig sa...

Heihei Rosa
Så kjekt det var å treffes i går, gleder meg allerede til å treffes neste gang og kanskje snakke med flere av bloggerne :)
Tiden fløy!
Ha en strålende fin søndag
*Siv*

♥ H@rmoni ♥ sa...

Hei igjen! :O)
Eg surra litt rundt for å finne Zupperia også, måtte få klare veiinstruksjoar på førehand, for å finne fram. Og eg skulle også finne fram til Hatvik etterpå for å ta ferje heim, og kunne lett ha havna på flesland i staden for.. Mannen min meinte eg burde ha reiser aleine-lapp på meg..
Men eg fann fram!!
Det var koselig å få treffe deg!
Det var kjekt å sjå mange bloggdamar, men vi burde kanskje ha sirkulert rundt (speed-date..) Fekk jo snakke mest med dei eg satt med, og nokon fekk eg knapt sagt hei til. Og ikkje lett å hugse kven som var kven etterpå.
No las eg din tekst på nynorsk, og då måtte eg kommentere på nynorsk (med e-ending..)Eg skriv stort sett nynorsk til dagleg, men skriv mest rett på bokmål..
Ha en triveleg søndag!
:O)

iden sa...

hehe, morsomt skrevet!! koslig å hilse på deg igår!!:) og bare bra med litt støyelatter!!!!;)

NIB sa...

Hei Hei! Håper du hadde det like hyggelig som meg:) Vi må gjenta dette snart, hihi! Storeflittig

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Hej!!!

Ja - visst var det bara så kjekt igår. Och nu fick jag skratta lite till - visst vad det nog många andra gäster där som tittade lite undrande på oss. :-D

Jag tittar in snart igen...men nu kanske man skulle sova. Det var väl så att det är jobb imorgon...

Ha det fint!

Related Posts with Thumbnails