tysdag 7. oktober 2008

Eg er nok litt bortskjemt

...som får akurat det eg ynskjer meg. Til bursdagen min fekk eg pengar hjå både foreldre, svigerforeldre og bestemødre, og då mannen skøytte på ein liten del hadde eg nok til å bestille det eg hadde aller mest lyst på - min splitter nye silhouette!

Det er altså ei maskin som skjær i papir, akurat som ein vanleg printar skriv ut på papir. Eg kan leggje inn alle slags figurar, bokstavar og alfabet - og vips har eg dei ferdig oppkutta - klare til bruk. No treng eg ikkje kjøpe alfabet til tanga mi, ikkje dies (små metallplater med "spor", til å lage papirfigurar eller -bokstavar), eller papirkuttarar. Eg har allereie teke den i bruk, og den er berre knallkul!


Då var det berre å finne ut kvar på nettet eg kan kjøpe meg ekstra dagar i veka, og ekstra timar i døgeret. Om nokon har eit godt tips tek eg gjerne imot!

6 kommentarer:

Fru Fjeldhammer sa...

åh, dette hørtes spennende ut!! Sikkert noe for meg.... men er den innviklet..? Jeg er nemlig lite teknisk anlagt!!

kos deg ihvertfall.. klem

Tove sa...

Høyrer rykter om at der er nokre ekstra dagar til sals på www.kjaereGud.com!!!!!

PS! Eg er ein ein litt lat scrappar på eit tidleg stadie, men trur nok at denne maskina hadde vore noko for meg, kan det stemme, trur du?????

♥ H@rmoni ♥ sa...

Å, så gøy!
Nå kan du lage masse stilig!
:O)
Kos deg!

Rønnaug S. sa...

Ååå, der er den. Heldiggrisen!! Gleder meg til å se hva du lager med den. Trur det er på høy tid å gjøre alvor av et besøk i rosaheimen :)

Blåbærpai sa...

Det er fordi du fortener det!
*krem og host* alderen din på sida her er vel vill-leiene til trass for legitimsjonskrav frå damene på polet..hihi!
Ha ein produktiv scrappeveke med nye vidunderet!

Linda sa...

stilig!! eg gler meg til å sjå kva du skal trylle fram!!!

og gratulere med VEL overstått.. det sa pip pip på telefonen min, meg eg gløyte å gratulere likavel.. fy på meg...

*smask*

Related Posts with Thumbnails