laurdag 4. oktober 2008

Det er min dag idag...

jepp, idag er det den dagen i året som er berre min. Dvs, eg deler den m.a. med Alicia Silverstone, og sikkert eit par andre òg, men det får vel heller gå.

Det er ikkje nokon rund dag i år, langt derifrå. Men eitt år eldre har eg vorte - litt fleire erfaringar er gjort, både på godt og vondt. Eg føler meg vel etterkvart vaksen, her eg sitt med hus og bil, mann og 2 ungar, og lån til eit godt stykkje oppover pipa. Likevel er eg visst ikkje eldre enn at dama bak kassa på Vinmonopolet spør meg etter legitimasjon for å kjøpe ei flaske raudvin, endå eg passerte den aldersgrensa for heile 10 år sidan... Eg vert alltid litt full i lått, då. Og ho vert tilsvarande lett raudmussen i kinna over å bomme såpass grovt. I det siste har eg byrja å ta det som eit kompliment.

Dagen har vorte feira med loppistur, nokre kjekke gåver, og arbeidshjelp frå svigers. Alle desse tinga kjem eg tilbake til, men akurat ikveld vil eg vise to av gåvene eg fekk idag. Jentene mine hadde på mystisk vis komme seg til Panduro-butikken i Bergen, og kjøpt med seg både ei mappe til å organisere papir, og ein album til å setje inn ferdige LO'ar i. Heilt perfekt! Desse to gåvene vart overrekt på sengekanten, etter at Storesyster hadde framført "happy birthday to JUL" av hjartans lyst.


Den andre gåva er frakta heile vegen frå Lofoten, der svigermor ikkje kunne gå ifrå den i sommar, fordi ho visste at den ville passe perfekt til meg.

Ein nydeleg glas-engel har flytta inn hjå meg idag! Tusen tusen takk!!


Imorgon har eg invitert foreldre/svigerforeldre og eit par bestemødre på lunch. Det vert i all enkelheit, men det er no likevel litt kjekt å samle dei som står oss aller nærast. Men fyrst imorgon skal me til kyrkjes, der Storesyster skal få 4-årsbok. Ho gler seg masse, og føler nok at selskapet etterpå er litt for å feire ho òg.

Ha ein nydeleg laurdagskveld!

8 kommentarer:

Trollkåno sa...

GRATULERA MED DAGEN!
Me gler oss til selskapet i morgon...

Som Mine Dager Er, sa...

Gratulerer med dagen kjære du. Jeg håper du har blitt satt pris på og at du har fått mesteparten av dine ønsker innfridd.

Kos deg med gjestene dine.

KLem fra Marit

Fru Fjeldhammer sa...

Gratulerer så mye med dagen..
kos deg!!

Ingrid sa...

GRATULERER MED DAGEN !!!!!

Ingrid sa...

huff !! var visst litt seint ute med den !!

tanja sa...

Hei, Gratulerer med overstått! no må du hugse å sette den engelen litt høgare opp so den ikkje lir same skjebnen som dei andre!Eg og vert spurd om leg på polet, men sånn er det berre å vere ung og vakker! :)

Rønnaug S. sa...

Der var dagen din, ja. GRATULERER med overstått. Håper du nikoser deg i dag!!

Klemmer i fleng fra meg i snøen oppe i høyden.

Tove sa...

Du store all verden, eg har jammen gått glipp av blogginnlegget der du på beskjedent vis annonserte bursdagen din! Gratulerer så mykje med overstått bursdag! Håper snøen har gitt seg og at sola skin heile veka!

Related Posts with Thumbnails