søndag 28. september 2008

Sundagspjatt

Det er sundag kveld, regnet piskar mot ruta, og det er ikkje lenger nokon som helst tvil om at det er hausten som har teke over. Dei tusen lauva i hagen er bevis godt nok. Men det gjer meg ingenting; eg vert like glad for hausten som eg vart for sommaren. Glad for at det mørknar utanfor vindauga, for at eg ikkje treng lage meg ei unskyldning for å sitte med blogging eller scrapping, eller noko anna eg har lyst til. Glad for skarp morgonluft og fargesprakande natur. Glad for fyr i ovnen, og levande ljos. Desse to står på kjøkkendisken min, og når eg og jentene har litt rolege morgonar tenner me gjerne ljos til frokost. For då vert det så kosleg, som Oda seier.

Idag var desse ljosa tend klokka halv åtte. Då hadde eg og Hedvig vore våken i nesten to timar, etter ei litt for kort natt. Oda kom tuslande ca 7, og eg veit ikkje mykje som er koslegare enn morgontrøytte, kosesjuke ungar. Smygande små armar som berre vil halde rundt og stryke litt, mens dei stel litt varme frå mor før aktivitetsnivået tek seg opp.

Eg må innrømme at me er ikkje så gode på heimesundagar. Men det er vel kanskje ikkje så uvanleg at ein føler ei trong til å lufte vitet litt iløpet av ein dag? Å gå 4 stykkjer oppå kvarandre heile dagen, fordelt på stove og kjøkken blir fort litt bale, så sundagane likar me å finna på noko. Ta ein tur, reise på besøk, eller få besøk. Når sundagsbesøket vert kombinert med god middag og ein god prat er det jo heilt topp!

(foto: Oda)

Og så har eg byrja på eit lite strikkeprosjekt. Strikkelysta mi gjekk seg litt vill saman med strikketøyet som forsvann. Strikkelysta kom tilbake, men strikketøyet har enno ingen sett.. Iallefall, dette skal verte leggvarmarar til Oda. Ho elskar å gå i kjole og skjørt, og når det no vert kaldare syns eg det er greit at ho har noko meir enn strømpebukse/stilongs oppover beina. Ho har leggisar i rosa og svart som H&M har strikka, men no prøver eg sjølv. Noko å gjere for mor, og så kan ein jo velje farge sjølv. Skikkeleg turkis syns eg er kult, og er kjempefint saman med rosa, som snuppa har mykje av ;)


No ventar Varg Veum på meg, og med strikketøyet i hendene og Rosamannen ved sida mi skal eg tilbringe denne vekas siste timar saman med han.

Med inn i ei ny veke får du eit nytt dikt av Jakob Sande - God kveld!


Voggevise
(Frå havkanten.)

Milde makter bak stjernebru

- veik er ei vesal skute -
vern den vesle mot havsens gru
- far er ombord der ute -


Stjerner, lys over leia hans
- grunnbrott i natta blinkar -
fyll hans augo med stjerneglans
- draugar frå skjeret vinkar -


Linne vindar stryk inn frå sør
- skuta på skjeret driver -
Kjæl hans kinn, gjev han lagleg bør
- tungt ho i hav seg hiver -


Lange, duvande båredrag
- stammen står høgt i veret -
vogg han lint når det lir av dag
- jarnkjølen høgg i skjeret -


Vogg han varleg og gjev han fred
- skavlane glefser grådig -
kvil deg, hav, no gjekk sola ned
- Gud vere sjela nådig -

4 kommentarer:

Tove sa...

For ein flott voggesong - kven har skrive den????

Anna Lisa sa...

Koselig å finne fram strikketøyet nå på mørke høstkveldar. Eg kosar meg i sofakroken med tente lys og strikkar når eg får tid vel å merke :)
Ha en fin veke.
Klem

Rønnaug S. sa...

Så koselig. Inspirasjon til å tenne lys. Nå skal det bli godt med noen fridager i høstens vakreste tid. Nyt dagene. Stille på kontoret kan jeg tenke, og det kan jo også være godt.

Nå skal jeg nyte kvelden og ungene og snart sove godt uten å tenke på en eneste konfirmantting, i alle fall ikke annet enn gode minner fra tre hektiske dager. Og gode minner er det mange av :)

Tove sa...

Ser at det er Jakob Sande som har skrive voggevisa... Har forresten ei lita utmerking til deg på bloggen min!

Related Posts with Thumbnails