torsdag 25. september 2008

Sjå kor fint det blir!

Snikkaren er ferdig med to av tre veggar, ark og det heile. Det er berre eitt glas som ikkje er skifta, og det vert berre så utruleg fint! Igår var det avduking av stovesida ut mot vegen. Snikkaren har hatt presenning over heile tida mens han har jobba på den veggen, og det er tallause nysjerrige blikk som har lurt på korleis det såg ut bakom der. Det er nesten så eg no vil påberopa meg å ha det finaste huset i bygda.


Tysdag tenkte eg å kjøpa meir dekkbeis, sidan eg hadde feilberekna så grovt fyrste gongen (åja søren, TO strøk maling, ja..) . Men på byggkjøp såg dei berre rart på meg, og eg vart sendt vidare til malingseksperten på huset. Han kunne fortelja at den vannbaserte dekkbeisen var rydda vekk for sesongen, for den skulle ikkje brukast i kaldt eller fuktig vèr. Eg hadde ein lengre prat med han, og vart overtydd om at han hadde heilt rett. SÅ glad er eg trass alt ikkje i å mala, at eg gidd gjere det fleire gonger fordi me hadde det for travelt med å verta ferdig.


Heime var det ein svært snurt rosa-mann som såg mistruisk på meg då eg fortalde kva eksperten hadde sagt. Han meinte eg burde ha kakka mannen i hovudet og teke med meg dekkbeisen slik eg hadde tenkt til. Og sjølvsagt er det litt skuff, no når me verkeleg såg enden på dette, at huset vert ståande litt halvferdig. Men som sagt - eg gidd ikkje gjere jobben to gonger. Me har fått grunning på alt som er sett opp, og ifylgje den same eksperten er dette meir enn nok til å halde ute regn og vind. Sola er den største trusselen, og her nede mellom fjella har me strengt tatt ikkje mykje av den i årstida me går inn i. Dermed vert huset ståande slik til våren kjem med frostfrie netter og låg luftfuktigheit.


Den observante lesar har gjerne sett tymbraveggen på det midterste bildet. Den ser berre griselekker ut, og eg klarar nesten ikkje styra meg for å røske ned huntonittplatene på innsida. Her skal det verte lysmåla tymbraveggar i stova!

Og heilt til slutt, som ein liten kuriositet: Gjett kva som er brukt til isolasjon i øverste del av denne tredje veggen??



Ja - einerbusker. Man tager hva man haver, heiter det jo...

10 kommentarer:

tanja sa...

oj oj! det vert kjempeflott! kan du gå litt lengre frå og så eg får sjå litt på det rundtomkring huset? :), vi har og så og seie legt vekk målarkostane, og gått over på impregnert matreale:)

Trollkåno sa...

Sjølv om ein kan stå i fare for å vera litt innhabil, vil eg òg sei: finaste huset i heile bygda!

Merethe Kristin sa...

Knallfint blir det! Eg kom til å tenke då eg såg desse bileta; Gu' kor beint det har blitt! Huset ser ut som om det har blitt retta opp både her og der - positivt sjølvsagt ;)

Ser veldig fram til å sjå huset seinare i dag, ja!

Annika sa...

Så fint det ser ut til å bli!! Kan tenke meg det var deilig å få ned presenningen!

Huset i skogen sa...

Oi, her er det veldig lenge siden jeg har vært innom ser jeg! Huset blir nok veldig fint. Måtte le litt av meg selv, for jeg klarte faktisk ikke å skjønne hva du mente med tymbravegger. Hva i all verden er det for noe tenkte jeg...men skjønte til slutt at det var tømmervegger hihi...
Dere får ha en fin helg!

Rønnaug S. sa...

Jammen blir dette helt strålende nydelig. Og de veggene må bare bli kvitt platene. Kos dere i helga. Nå er vi klare til å kjøre opplegg med nesten 90 konfirmanter. De formerer seg visst...

Blåbærpai sa...

knakande fint vert det! Men, du! EINER BUSKER TIL ISOLASJON!!??? Oioi for ei brannfelle!! Jammen godt de får skifte det ut!!
GOD HELG!

mali-mo sa...

Ååååh, det er bare blitt så fint!!! Både vinduene og spesielt innrammingen kler huset så godt. Kjenner ikke resten av bygden din da, men at dette huset er det fineste skal du ikke se vekk fra ;) hehehee. Forstår godt du er fornøyd! Flink snekker!

Einer ja, vi isolerte i kjelleren under første etasje ifjor. Og der var det brake, haugevis. Vi leide container og den ble stappfull av tettpakket brake...for en jobb!!!

MOLLY sa...

Såååååå fint det blir!!!!! Kjempeflott hus, og jeg tviler ikke litt på engang at det er fineste huset i bygda;) gleder meg til å følge med videre:)
Og ja, jeg tror jammen jeg jeg hadde kakket eksperten i hodet jeg også...hehe;)
Nå må jeg finne sengen å pleie bihulene mine...snufs:)

Rosa sa...

Så fint det blir :) Spennende med lyse tømmervegger, blir nok flott det òg;)

Related Posts with Thumbnails