tysdag 2. september 2008

"Ny" postkasse

Eg veit ikkje korleis det er i andre heimar, men her i rosaheimen har det ein tendens til å samle seg opp med ting og tang alle stader der noko kan leggjast!

Det vere seg PC-bordet i stova, som er fort flyt av ubetalte rekningar, enkelte ark med passord til ulike tenester, og litt ting og tang som i all hast må ut av rekkevidde for Hedvig. Men det som kanskje breier seg mest utover ei kvar ledig flate er post. Aviser (sjølv om me kun held lokalavisa, som kjem 3 gonger i veka, samlar det seg ei lita bunke på ubegripeleg kort tid), blad, for ikkje å snakke om reklame.

I huset vårt er det eitt rom som ikkje har inngang frå nokon andre rom - kun frå utsida. Det er den gamle snikkarverkstaden. No i sommar hadde mannen ein aldri så liten gjennomgang av kva som fanst der ute ( Du veit, me har snikkar som skal skifte kledning; i snikkarverkstaden hang det ein dreiebenk med reimdrift som var bolta ut gjennom kledninga. For å ta ned dreiebenken måtte det ryddast litt på arbeidsbenken under.....og så balla det på seg, som det ofte gjer) Rosamannen hadde god hjelp av faren sin i denne opprydninga, og dei er begge flinke (og nokre gonger altfor flinke) til å kaste gammalt skrot. Eg hadde mi fulle hyre med å springe etter jentene, men jamnleg sneik eg meg små turar inn i snikkarverkstaden for å karre til meg små og store ting som absolutt ikkje var klare for dei evige jaktmarker. Ein av desse tinga var ei lita trekasse som gamle Kristian hadde skopussesakene sine i. (Kristian var mannen som - iallefall slik eg klarar å tenkje det no - vaks opp i dette huset og budde her heile livet. Far hans bygde det (trur eg), og me kjøpte huset av dottera hans.)

Kassa har den umiskjennelege raud/oransje-grøne fargekombinasjonen som me finn alle stader her, men enn så lenge skal den få vere der. No står nemleg kassa på kjøkkendisken min, og skal halde orden på post og papir. Ein runde med salmiakkvask fjerna det meste av feittlaget etter skosverte, og til alt hell var den akurat passe stor til at både lokalavisa og interiørbladet gjekk oppi.

Eit lite steg på vegen mot ein ryddigare rosaheim?

6 kommentarer:

Linda sa...

du er full av gode idear du snuppa!!

ps: sjå kommentar i ullogtull blogg!

Ingrid sa...

fin kasse. eg har ein liknande med handtak i midten. Når eg var liten brukte vi den til å ha bestikk i.

Silje sa...

Så flott kasse, bra du fikk reddet den.

Disse menene ser ikke altid muligheten i ting.

Ha en flott kveld!!

mali-mo sa...

Alle tips som fører til et ryddigere liv møtes med trampeklapp hos meg!

Min beste ryddeide er grytelokkatativ til regninger og lapper. Smart!!!

HildeS. sa...

For ein nydeleg gamal trekasse, og så godt at du fekk redda han fra den sikre død:)
Klar du kan få oppskrift på plommelikør.
Eg fann oppskrifta i "Vi i villa".

Ca 1.5 dl plommer
ca 3 dl sukker
ca 3.5 dl sprit 60%
6-8 plommesteinar
1 vaniljestang

Del plommene i to, og ta ut steinane.
Fyll eit glas (norgesglas er fine)
med plommene, og hell over sukker og sprit til det dekker over plommene.
Ha ev i ei splitta vaniljestang, og dei knuste plommesteinane.
La glaset stå med lokk i 2-3 mnd.
Vend på glaset 1 gang for dagen.
Sil av likøren og ha på reine flasker.
Lukke til.

Rønnaug S. sa...

Den var lur. SÅnne gode ideer kan jo slett ikke kastes. Kanskje det er på tide at jeg tar en runde gjennom loft og låve her også. Hvem veit hva som kan gjemme seg rundt ogring.

Related Posts with Thumbnails