onsdag 17. september 2008

Neeeeeeeeeeeeeeei!!!!!!

Går det verkeleg an? Å vere så korttenkt, å ikkje passe betre på.

Eittåringen min når stadig høgare, stadig lenger inn, stadig nye ting. Og eg må innrømme at det er ikkje alltid like lett å hugse på. PC-bordet har liksom alltid vore ein fristad. Alt ho ikkje skulle ha tak i vart lagt der sånn i forbifarten (og ja, det er alltid fullt der!).

Måndag ettermiddag ropte Oda på meg med panikk i stemma "Mamma, Hedvig har fått tak i kameraet ditt!". No kan ein jo spyrje seg kvifor eg la kamera der i heile tatt, men det var altså fordi eg likar å ha kamera lett tilgjengeleg. Veldig lett tilgjengeleg... Idet eg kom stormande inn tok den flinke storesystra kamera ifrå veslesyster og plasserte det endå eit hakk høgare opp - på skrivaren. (Argh, at me alltid skal drive å legge frå oss ting over alt!!) Eg takka ho djupt og inderleg, og tenkte ikkje meir over saka, for alt såg jo ut til å vere i sin skjønaste orden. Heilt til ikveld.

Rosamannen fekk i oppdrag å ta bilder av den ny-strippa tømmerveggen på framsida av stova. Den er nemleg i ekte gammalt lafta tømmer! (og til alt overmål i god stand - hurra!) Men, det gjekk ikkje mange minuttane før mannen kom innatt med uforretta sak; kamera ville nemleg ikkje fokusere. Og ja - eg snakkar om min høgt elska speilrefleks, EOS 350D. Eit par blikk på den svarte klumpen var nok til å slå fast at det ikkje var så rart om greiene ikkje klarte å fokusere - heile linsa var jo skeiv!!
Og plutseleg ramla mandagsepisoden inn i hovudet - sjølvsagt hadde kameraet gått i golvet då Hedvig fekk tak i det! For å illustrere kor fortvila eg vart, så kan eg fortelje at det vart både snørr og tårer. Eg anar ikkje om slikt går an å reparere, eller kva kostnad det evt vil bli. Eg veit berre at noko ny linse vert det ikkje med det fyrste. Eg har ei til, men objektivet der er 70-300, så om eg skal ha meir enn detaljbilder må eg gå laaaaaaangt frå det eg skal ta bilde av. Når eg skulle ta bilde av huset måtte eg 50 meter bort i vegen......

Hulk!!

For den som har godt syn: Eit glimt mellom presenning og stillas av den gamle laftastova med det store stygge vindauga, eit glimt av det heilt nykledde "arkje" (og den nydelege utsmykkinga i mønet), og til slutt huset slik det ser ut ikveld...

7 kommentarer:

Emmeline sa...

Her er det alltid litt av hvert å ta igjen når jeg kommer innom...Men må bare si at dere er FLINKE og at det blir så FINT på huset. Det går fort også syns jeg...

Og Linsehistorien er jo bare TYPISK og jeg skjønner GODT at du griner!!! SUKK.... Det er selvfølgelig bare en død ting, men likevel koster den masse PENGER som man ikke vil betale to ganger. STAKKARS!!! Håper linsen kan fikses men det er vel litt for mye å håpe på? Ha en fin uke;)

mali-mo sa...

Stakkkars deg da ;( Skjønner godt at du ble lei deg jeg, var ganske så deppa da mitt kamera ble ødelagt her for en tid tilbake. MEN: Jeg fikk mitt ødelagt...uten en kr i regning. Så sjekk på nettet hvor du kan levere og be om prisgaranti eller en maks grense. Jeg fikk mitt på en fabrikasjonsfeil de mente å finne...

Huset ser ut til å bli kjempeflott, og jeg er utrolig imponert over alt arbeidet. Skjønner at dette neimenn ikke er en A4 jobb, masse som skal stemme og detaljer man vil bevare. Er helt sikker på at det blir flott og gleder meg til å se resultatet. Syns huset så veldig fint ut på det nederste bildet der ;)

God helg!

LISBETH---<-@ sa...

Åhh så kjedelig, forstår godt din fortvilelse....tror jeg hadde grått noen tårer om det var meg ja!

Huset kommer til å bli helt knall, wow for et arbeid....
Klemn

Blått er flott sa...

Åååh, jeg kjenner meg så godt igjen, selvom det ikke var kamera her i huset. Ikke moro når det skjer :(

Så flinke dere er, blir imponert jeg. Her har det gått i lusefart en stund, men dere er virkelig effektive.

Koselig å titte inn til deg igjen :)

❤ SessanochPrinsessan ❤ sa...

Nej å nej, jag förstår din förtvivlan!!
& jag fick en tanke vekker.... Jag har oftast mitt speilreflex kamera liggande vid siden av min mac.... Utryggt, JA!!

Tvi tvi för att det inte är dyrt att i det minste reparera.

Huset är så nydeligt♥ & nydeligere blir det!!

Stor klem & önskan om en härlig fredag & helg

Landliv sa...

Spennende med renoveringsarbeider! Håper du oppdaterer oss.

Jeg har fire små som stadig vekk liker å drive med ting som jeg ikke akkurat hadde planlagt for dem - så jeg vet følelsen... ;-)

Noralill sa...

Uff og nei så synd med kamera....! Men desse små trolla vert jo berre større og større, og fingrane når i alle mogelege saker og ting... Ho har jo skjønt at kameraet til mor er spennande. Kanskje du har ein framtidig liten fotograf i hus??

Huset vert jo berre finare og finare! Likte veldig godt fargen på listene...spennande å fylje med her inne...!

Related Posts with Thumbnails