laurdag 20. september 2008

Eitt vindauga vart til to

Endeleg har det skjedd! Det store stygge stoveglaset mitt har vorte bytta ut med to fiiine sprosseglas. Foreløpig får me jo ikkje SÅ mykje gleda av det, sidan alt me ser er blå presenning. Men fint er det jo likevel. Som fylgje av utskiftinga må me ta eit oppgjer med huntonitt-hel.... (eh..nei...passe srpåket, ja).... me må altså ta eit oppgjer med huntonitt-galskapen frå 50-60 talet snart. Me veit at bak platene ligg det tømmer, og me håpar at denne eignar seg til å stå fram i all si prakt, med ein dæsj lys maling på toppen. Vart inspirert av hvorfor ikke sitt liknande prosjekt, og så er det jo veldig mykje billigare med maling enn med plater og tapet og maling og alt det andre me kunne ha klæsja opp på veggen. Så, me håpar altså at tømmeret bakom er fint!


og apropos fint - her kjem 3 bilder av noko av det finaste eg veit. Ein travel eittåring i kjole som tante strikka til storesyster. I heilt kjend stil på siste biletet - full fart over golvet med armane til vers.




God laurdagsnatt!

7 kommentarer:

Linda sa...

guhh so stor ho blir... Og så nydeleg!! trur nok ho har litt meir av pappa'en i deg enn Oda har -for ho er akkurat som eg huskar deg frå "gamle dager"..

*klemme*

Trollkåno sa...

Skjønar godt at det er freistande å "røske" ned huntonittplatene for å sjå tømmeret bakom..spennande.
Og Hedvig var flott i strikkekjole !

Blå-hvit samlemani sa...

Så fine vinduer du har...sånne har jeg også..hehe.. Det var i allefall lurt at dere fikk dem malte, vi kjøpte ubehandlede da vi bygget huset vårt. Det var i selveste furutiden, og vi lutet dem bare.. Nå sliter vi med å male alle vinduene i huset..litt av en jobb skal jeg si deg... ( Da er det nesten som en ønsker seg vinduer uten sprosser...men bare nesten!)

Tømmervegger er kjempestilig. Det blir sikkert fint, lykke til med arbeidet!

Rønnaug S. sa...

Åååå. Så fint det blir. Ogja, håper tymbra er brukandes. Det kommer til å bli kjempe flott!!!

Dagny sa...

Det blei kjempefint med sprossevindauget! Og lukke til med tømmerjakta, gjer vel ikkje noko om tømmeret er heilt perfekt heller?

Ha ein fin søndagskveld :-)

mali-mo sa...

Neimenn, hun er jo bare heeeeelt bedårende. Så søt!!! Og for en nyyydelig kjole. Hmmm. Denne kunne jeg virkelig ha tenkt meg å få satt ut på anbud til en bestemor. Er det frekt å spørre deg om oppskrift?

Ble kjempeflott med de to vinduene. Vi har gjort det samme her, og i skrivende stund driver mali-mo mannen og dundrer løs på huntonitten nedenunder. Vi river for harde livet her, så jeg må nok ta noen bilder imorgen og få de på blogg, hehe.

Har det ordnet seg med kameraet forresten?

HildeS. sa...

Hei hei.

Gratulera med nye vindauge:)
Det vart kjempeflott.
Blir spanande å sjå korleis tømmeret under er.
Så utruleg nydeleg og herleg den vesle jenta di er.
Nesten til å spise opp,hehe.
Ha ei fin ny veke du også.

Related Posts with Thumbnails