måndag 15. september 2008

Eg har laga stjernebok!

Det er med ikkje så reint lite stoltheit eg presenterer mi aller fyrste stjernebok. For den som ikkje har hørt om stjerneboka før, så er det eit mini-album, laga frå grunnen. Eg har bretta, limt og sydd, klypt, bretta og limt litt meir.

Laurdag var eg på kurs med Janne, og ho lærte oss teknikken med å lage ei bok av x antall papirbitar. Desverre vart kurskvelden så alt for kort, så omtrent all pynting og slikt har eg gjort heime ikveld. Fargane er så totalt anleis enn det eg pleier å bruka, og det var kjempekjekt! Ingen tanke for å gå ut frå fargane på bildene, berre at fargane i boka skulle harmonere sånn nokonlunde innbyrdes.

Alle bileta er av Hedvig, forresten. Eg visste ikkje heilt kva bilder eg skulle plukke til kurset, så eg fann ut at 7 bilder som viste utviklinga hennar var ein fin ting. Eg ville at bileta i stjerneboka skulle ha ein samanheng. No ser eg at det slett ikkje var nødvendig, men det er jo litt kjekt å ha ein heilt eigen minialbum som dokumenterer kor uendeleg fort tida har gått.

No gler eg meg berre til å ta fatt på neste stjernebok - men det vert ikkje ikveld!












12 kommentarer:

Trollkåno sa...

Kjempefin stjernebok du har laga, og masse arbeid ser det ut til..
men det ser kjekt ut å kunne det.

Karna sa...

Så utrolig flott!

Therese sa...

Den så knallfin ut - sikkert mye arbeid med å lage den!!

Christel sa...

Så stilig den var :)

Bak en Sky sa...

Denne var skikkelig fin!!Så flink du er!!;)

A-mora sa...

Så fin ei bok, så flink du er. Har aldri hørt om det en gang jeg.

Livet er heeerlig sa...

Så utrolig flott stjernebok!!!
Smart og flott til pynt :)
*Siv*

Silje sa...

Så flott stjernebok du har laget. Du er virkelig flink og kreativ.

Ann-Helen sa...

Kjempeflott stjernebok! Fine harmoniske farger du har brukt!

Anonym sa...

Kjempefin :) Du er flink ! - H.

Janne sa...

Hei igjen

Så utroli flott stjerneboka di vart da, kjempe flott altså...
Har du fått barnepi te treffe i Bergsdalen no da eller????

Hadd vært utroli jgekt om du vart me;0)

Klem Janne

Cecilie sa...

Den boka var utruleg flott. Du må jammen være ei kreativ sjel.

Related Posts with Thumbnails