tysdag 30. september 2008

Det går hardt på englane...

Ja, det er ikkje spøk å vera engel i rosa-heimen for tida. Eg har jo fått (og kjøpt) nokon etterkvart, den eine vakrare enn den andre. Og eg vil sjølvsagt ha dei framme, så eg kan sjå på dei i ny og ne.

Men med to over middels aktive jenter i huset har englane ein tøff kvardag.
Den eine engleguten eg kjøpte på Biri i sommar mista den eine venga si for ei veke eller to sidan. Han stod på hylla si og ante fred og ingen fare då hylla plutseleg vart flytta av små hender som tok litt for hardt i skapdøra under han. På hovudet opp i vaskefatet bar det, men det var lite vatn å fjelga seg i, så fallet vart hardt og brutalt. Dermed var det gjort, og sorga i heimen var stor.

Hakket verre gjekk det med den vakre engletrioen min, som eg òg fekk i sommar. Dei stod midt på bordet, i behørig avstand frå små og litt større barnehender, men når jentene leikar under bordet og treng noko å halda seg i, ja då er duken nærast. Og med duken kom heile trioen susande gjennom lufta, så den eine av dei tre gjekk ned for teljing. Storesyster trøysta mor ei heil stund, heilt til ho plutseleg kom på at det var ho sjølv som nok hadde drege i duken som førte til uhellet. Rollene vart bytta, og mor måtte trøysta storevetlejenta med at det var ingen si feil og at det sikkert går an å lime. Det er ganske reine brot på begge to, så eg satsar på at litt fingernem liming gjer susen.


Nei, takka seg til uknuselege telys-lykter høgt på veggen. Dei må det vel gå bra med.

Til helga skal eg og Trollkåno på loppemarknad i sjølvaste Hardanger - det blir kjekt, det! Kanskje dukkar det tilogmed opp ein liten engel som vil fylgja med meg heimatt?

2 kommentarer:

Trollkåno sa...

Stakkars englane dine, dei lever farleg.Men superlim er tingen....
kanskje eg har ei tube liggande.
Laurdag, ja då må me tidleg opp for å vere langt framme i køen på loppis....gler meg.

MOLLY sa...

Hehe...jepp, har noen sånn jeg også, men nå skal det ryddes i engler og nisser denne julen...som alle andre...kremt;)
Ha en alldeles fortreffelig kveld:)
Nå skal det bli film:)

Related Posts with Thumbnails