måndag 11. august 2008

Scrappetiscrap og award!

Det er visst kjempelenge sidan eg har vist fram noko av hobbyen min no. Eg begynte med scrapping for snart 2 år sidan, og syns det er kjempekjekt! Det har gått veldig i periodar, og sommaren er generellt ei dårleg scrappetid. Men aldri så gale at ikkje det er godt for noko; Oda sine problem med legging i sommar har ført til eindel kveldar der eg/me måtte halde oss i 2. etg til ho sovna. Og då vart det plutseleg litt "gratis" scrappetid til meg. Stilen min er absolutt ikkje avansert, men eg kosar meg med scrappinga, og håpar det vert fine minner både for oss og ungane.

Her er ein LO med eit bilde av Hedvig som alltid sovna på tvers i senga, helst med føtene ut av sprinklane. Fotavtrykk vart tekne då ho var 7-8 mnd, med oda sitt målrskrin og pensel :) Rundt ramma har eg printa ut dette vesle verset;
Tetill, tåtill, tilleros, negelfru og storegubben hesten





To andre par med føt sette spor etter seg på Kreta for 2 år sidan. Eg knipsa avtrykka i sanden etter Oda og rosamannen - syns det var så fint med dei to små ilag med det eine store. Har visst nevnt det før, men dette bildet vann altså fotokonkurransen i lokalavisa den sommaren, og er grunnen til at eg har min kjære Canon EOS 350D :)




Og så må eg ta med dagens gladmelding: Eg har vore så heldig å få endå ein award av denne typen

Tusen takk, Tonje Marie!! Det er utruleg kjekt å verte sett pris på, det må eg innrømme :)

7 kommentarer:

mali-mo sa...

Hahaa, den sovestillingen er helt make til en som ligger her i rommet ved isden av! Hun har enten alle armer og bein brettet ut mellom sprinklene (og kan gaule mammaaaa, midt på natten for at eg skal komme og knyte henne opp..), eller så ligger hun i det jeg kaller "Allah" stilling, hvis du skjønner. Selvsagt på tvers ;)

I barnehagen går det supert, over all forventning. Koselig at du spurte! Idag ville hun nesten ikke være med hjem, og det er jo bare dag 2 på egenhånd...så jeg ble nesten litt bekymret. ;)

Tenker du koser deg med Hedvig hjemme enno, men det nærmer seg vel for deg og no. Håper det går like flltt hos dagmammaen!

Lene sa...

Fullt fortjent award!! :D

Rønnaug S. sa...

Heisann. Nå har jeg kost meg og glemt tida helt vekk. Det er alt for lenge siden jeg var innom her. Skulle bare kikke litt, før jeg går løs på 140 brev som skal postes i dag...

Gleder meg til du er tilbake neste mandag :)

Klem

Anna Lisa sa...

Fekk du sett i IKEA katalogen?
Alltid spennande å få den...det er eit sikkert høsttegn innen interiørverden må eg sei...
Vemodig at sommaren er over...i dag lukta det haust når eg gjekk med Tuva i barnehagen...jaja...
Ønska deg fin dag!!
Klem

❤ SessanochPrinsessan ❤ sa...

Vad duktig du är!!
Jag är så imponerad av alla flinke scrappere.
Hade en visjon om att vara flink jag också....... men men, jag koser mig med att se på allt det fina ni andra lagar jag ;)

Önskar dig en fantastisk kväll
Många kramar

Nr. 5 sa...

Hei så fin blogg du har. Og to herlige jenter. Her kommer jeg gjerne tilbake for å få mer inspirasjon :)

Klem fra nr. 5

I eit hus i ein dal sa...

Du er kjempeflink!
Trur eg har sett fotavtrykka før...?
Utruleg sjarmerande:)
Takk for helsing:)

Related Posts with Thumbnails