torsdag 21. august 2008

O, lukke!

Eg hadde aldri trudd eg skulle vere SÅ glad for å sei dette: Eittåringen min har fått barnehageplass!!

Eg starta dagen idag med å ringe til eit par barnehagar i kommunesenteret, der eg òg jobbar. Det viste seg å vere nyttelaust - det var ventelister for desse minste, og ingen kunne hjelpe. Dama på barnehagekontoret prøvde eg òg å ringe, men ho skulle vere i møter heile dagen. Det vart sendt melding til ho om å ringe meg, men eg klarte ikkje sitte og vente lenger.

Eg ringte barnehagen i nabobygda og forklarte mitt desperate ynskje om barnehageplass. Og tru det eller ei - ped. leiar kunne på ståande fot sei at dei hadde plass til Hedvig - kvar einaste dag om me ville! Så var det å turke tårer igjen, då.... av glede og lettelse denne gongen. Me kunne få komme kva dag som helst og starte innkøyring. Innkøyring - det ordet har visst nesten vorte magisk for meg dei siste dagane, hihi. Imorgon skal me på eit lite besøk, og Oda har frykteleg lyst til å vere med for å sjå kvar vetlesyster skal vere om dagane når mor er på jobb. Mandag startar alvoret, med den før nemnde innkøyringa. Jenta skal få all den tid ho treng til å gjere seg kjend med born og vaksne i ei ny verd før mor forlet ho. Denne gongen veit eg at ho er i trygge hender, mellom fleire vaksne og med mange born å leike med. Ikkje i ei bortgøymd stove der ein ikkje alltid kan vete kva som går føre seg. Eg kjenner at sjølv om eg gjerne vil tru det beste om folk, har fått ein skikkeleg støkk kva framande dagmammaer angår. No har me barnehageplass, og den skal me ha i eit heilt år, til vetlesyster kan skifte barnehage og komme ilag med storesyster. Dette året vil bli prega av mykje køyring for mor, sidan barnehagen ligg 10 minutt frå oss i "feil" retning.( Jobben min ligg 20 minutt frå oss den andre vegen.) Men dette er ein bagatell i denne samanheng - det viktigaste er at me har gode trygge rammer for vetlemor! Hurra!!!



Dagens bilder er av dei siste to LO'ane eg har scrappa, med den komande barnehagejenta vår :)

Tusen tusen takk for alt engasjement, trøystande ord og gode råd!!

4 kommentarer:

Kaos sa...

Gratulerer så mye med barhehageplass!
Det er en herlig følelse!

Masse lykke til med innkjøringen og regner med at lillejenta trives i barnehagen og ikke den "rare" dagmammaen...

Ann-Helen sa...

Gratulerer med barnehageplass! Betyr så mye å være fornøyd med barnehagen! Nydelige scrappinger også:)

HildeS. sa...

Hei hei.
Gratulera med barnehageplassen:)
Det må vere ei god kjensle etter den lite kjekke opplevinga med dagmamma.
Ha ei fin helg:)

Emmeline sa...

For en fantastisk solskinnshistorie; og for en innholdsrik uke. På en måte har du hatt hell i uhell. Det hørtes ikke bra ut den opplevelsen der med dagmamma, tror du skal være glad for at det endte som det endte. Lykke til med innkjøring. Knallfine scrappekort du har laget av veslemor;) STILIG!

Related Posts with Thumbnails