tysdag 19. august 2008

Kva skal ein sei? (Om dagmamma og mangelen på sådan)

No har eg starta på dette innlegget 17 gongar. Eg veit liksom ikkje heilt korleis eg skal innleie. Dagen idag starta optimistisk, med blide ungar, positiv mor, medbrakte leiker og dagmamma som sa fint god morgon. Derfrå gjekk det berre èin veg - nedover. Eg reiste frå dagmamma 08.25, og gjekk rett på møte på jobb. Avtalen var å ringe dagmamma etter møtet, og evt reise til ho for å ta "normal" innkjøring, sjølv om det streid mot hennar vanlege prinsipp.


09.30 sjekkar eg mobilen. Ei melding ligg klar og idet eg les den ringjer dama i tillegg. Eg komme - med ein gong. I bakgrunnen høyrer eg Hedvig, akurat like hysterisk som dagen før. Eg er på plass på 5 minutt. Jenta vert still idet eg tek ho i armane, og dagmamma pustar letta ut. Kva gjer me no, spør eg. Svaret er enkelt: Dette orkar eg ikkje, du får spyrje slektningar eller noko, eg vil ikkje dette meir. Plutseleg oppdagar eg at kle, leiker, bleier og kopp står klar ved døra - dama har tydeleg bestemt seg. Eg spør ein gong til, berre for å bekrefte at ho faktisk vi setje oss på dør. Jau, ho veit at ho set oss i ein vanskeleg situasjon, men ho vil ikkje passe Hedvig - til det skrik ho for mykje.

Eg vert tom for ord. Eg kunne sagt "Kva var det eg sa?", men det hadde ikkje hjulpe. Frå fyrste stund har det stritta i meg med tanken på at me ikkje skulle ha innkøyring iløpet av eit par dagar, slik ein har alle andre stader. Her skulle ungen leverast på døra, og mor skulle gå med det samme, for ellers vart ho sitjande att med problemet den dagen mor ikkje skulle vere der. Det er for meg aldeles uforståeleg at ei dagmamma med 15 års erfaring aldri har opplevd dette før. Iallefall når ho praktiserer denne forma for "innkøyring". Men nei, ho har aldri vore borti noko liknande.
Eg skal ikkje trekkje fram alle tankane og ukvemsorda som har kverna rundt i hovudet mitt idag. Det er ikkje få, det skal eg love deg! Korleis kan ein gje opp etter to dagar, totalt 4 timar? Og korleis kan ein i utganspunktet forvente at ein eittåring (eller ein kva som helst unge) skal godta å bli forleten av mor hjå eit villt framandt menneske, utan å verte redd? Men det aller største spørsmålet er sjølvsagt: Kva gjer me no?

Iløpet av dagen har eg fått mykje trøyst, mange sjokk-reaksjonar og fleire tilbud om naudhjelp til barnepass. Takk og lov for at me har familie rundt oss som vil hjelpa! Mannen har ringt barnehagekontoret i kommunen, og dama der ymta at kanskje kanskje kanskje det er plass i ein barnehage i nabobygda. Motsett veg frå der eg jobbar, men er ein desperat så er ein desperat! Me håpar det vert avklart iløpet av eit par dagar. Imellomtida har kjære snille mor sagt ho kan ta vare på jenta. Det gjorde ho forresten idag òg, etter den fatale hendinga. Og til mi store glede er rapportane einsidigt positive - så lenge jenta føler seg trygg (og det gjer ho med Besta), så er ho strålande blid og fornøgd sjølv utan mor.

Ikveld føler eg meg igrunn berre tom. Eg hadde aldri trudd at me kunne havne i ein slik situasjon. Ekstra bittert er det at me fekk telefon frå ein barnehage i sommar, som hadde eit par dagar i veka å avsjå. Eg takka nei - me hadde jo så god dagmamma på handa.....

Forhåpentlegvis får dette ei happy ending i nær framtid!!

Bileta idag er av mine funn på Mjøsmarknaden . Det nydelege fatet, dei to blå englane, og ei tallerkenhylle. Det var det eg fekk nappa med meg før lommeboka var tom og slusene åpna seg.

10 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Skal si det der var oppstart,ja. Men du verden så kjekt å ha deg tilbake på jobben. Så satser vi på at det ordner seg noe enda bedre for Hedvig. Heretter går det bare en veg - OPPOVER!!

See you tomorrow! -Klem-

Rønnaug S. sa...

Og forresten. Den barbiekaka tok kaka. Aldeles nydelig kan du hilse og si!!!

Og alt det fine du fikk tak i. Må snart se hus og heim real life!

Tove sa...

Stakkars folk!!!! Nei, dagmammaer kan ein ikkje alltid stole på! Takk og pris for gode, trygge barnehagar med pedagogisk tilbod og fantastisk personale! Håper det ordnar seg for dokke... Det skulle no vere ei fryd for einkvar å få passe den nydeleg jenta di!

Lukke til!

Torill sa...

Dette er bortimot det verste jeg har hørt om når det gjelder "dagmamma".At voksene damer kan oppføre seg slik går langt over streken i min verden. Også Hedvig som er en liten engel, smilende og blid og full av utforskertrang og fart (mulig det var problemet)noen må jo reise seg fra stolen da. Nei fy sier nå jeg, den dama skulle ikke vert i nerheten av små barn.Håper noen snille vil passe lille gullet.Jeg vil, men bor for langt vekke.

Fru Fjeldhammer sa...

*OMG* dette er det værste jeg har hørt... Uff, men får håpe alt ordner seg til slutt.. klem

antonette sa...

I alle dager for en behandling av den lille jenta di! Blir helt sjokkert når jeg leser. Slik skal ikke en dagmamma være.

Godt for både mor og barn at Besta stiller opp! Jeg håper dere finner en løsning snart, så slipper dette å stresse dere og stjele tid og tanker.

LISBETH---<-@ sa...

Uff, for en hendelse. Gå for barnehage du, for alt i verden.... Har skrekken i meg etter at gutten med begge beina brukket etter dagmamma besøk tilfeldigvis er mine foreldres naboer... så ja, har hørt verre historier. Det er en greie som jeg aldri får ut av tankene og som har satt sine spor,det kan jeg love deg.Et barn som den dag i dag sliter med smerter i begge beina, etter hendelsen. Om du ikke har gode venner som kan stille er nok barnehage det tryggeste. Lykke til, håper ordningen med Besta kan vare lenge, superkoselig.
Klem

Litt av Mitt sa...

Men i alle dager! Hørtes ikke ut som ei seriøs dagmamma spør du meg!! Nei, da er det bedre å mase på barnehagekontoret helt til de blir lei "maset" deres, og finner en plass til jenta :0)

Ingrid sa...

KANSKJE DU SKAL VERE GLAD DU SLEPP Å HA HENNE SOM DAGMAMMA.HO HØYREST IKKJE HEILT GOD UT .

Anonym sa...

Hei! Ja, dette er heilt gale! Eg trur at det ordnar seg for dykk og treng de hjelp, er det som sagt berre å spørje!
Klart det er normalt med ei innkøyrings periode! Nei,ho dagmamma er IKKJE noko å samle på! Eg er sjokkert!FY!
Fine saker du har handle deg på marknaden!
KLEM FRÅ -N-

Related Posts with Thumbnails