onsdag 6. august 2008

For eitt år sidan..

For eitt år sidan låg eg på fødeavdelinga med ein liten bylt i armane mine. Ein bylt med store undrande auger, og den heilt spesielle nyfødd-lukta. Eg var framleis meir eller mindre i sjokk, for når jenta kom var det med rakettfart. Den morgonen vakna eg og kjende at kroppen hadde begynt å gjere seg klar, utan at eg tenkte meir over det. Eg hadde framleis 3 dagar til termin, og koste meg med den store magen. Fyrst når det nærma seg barne-tv tid skjønte eg at dette var meir enn modning. Kanskje noko kom til å skje iløpet av natta eller dei næraste dagane? For sikkerheits skuld vart den vordande storesyster etterkvart levert til besteforeldra, slik at me ikkje skulle måtte purre ho ut midt på natta om det skulle vere nødvendig. Lang historie kort, så kom me inn på føden kl 21.05, og 21.36 var jenta i armane mine; ei aldeles perfekt lita Vetlesyster, med ti fingrar og ti tær, som hadde det så travelt at ho skreik før ho var heilt ute.

Idag er Vetlesyster ein svært aktiv 1-åring. Ho krabbar som ei vind kvar gong ho høyrer nokon opne ei dør, og set seg ned like såra og vonbroten kvar einaste gong ho skjønar at ho ikkje får sjå kva som er bak den. Ho skubbar rundt på møblar for å ha støtte når ho går, og prøver nokre gonger å sjå kva som skjer når ho slepper taket. Foreløpig er det ikkje så mange sekund før ho deiser i golvet (takk og lov for bleier, ellers hadde nok bakenden vore gul og blå - alltid), men litt etter litt vinn ho balanse. Og når ho og storesyster krabbar om kapp på golvet, då kling herleg barnelatter i heile huset - det er sjølve toppen av lukke. Det gler oss å sjå at for kvar dag som går får jentene meir og meir glede av kvarandre.
No er babyen min i ferd med å verte stor... Ho fekk sekk hjå oss idag, for om knappe 2 veker skal ho ut i den store verda. Då er permisjonstida over, og når eg er på jobb skal Vetlesyster vere hjå dagmamma. Men før det skal me nyte siste rest av ferie, bursdagsfeiringar og eit par bonusdagar med berre meg og ho i heimen.


13 kommentarer:

bestemor sa...

GRATULERE MED 1 ÅRS DAGEN LILLE GULLUNGEN VÅR.
SUSSER OG KLEMMER

prinsesselinn sa...

Gratulerer med overstått ettårs dag til dere begge to,
Skjønn jente:-)
Og kjøkkenet ditt har Blitt Kjempefint.
Grattis.

AvaAdore sa...

Gratulerer med dagen Hedvig!!!
tenk at det allerede er eit år sidan!!!

ho er jo så voksen!!

(min blir ikkje eit år før om MÅNGE mnd, og er framleis bitteliten baby... *total denial* )

Livet er heeerlig sa...

Heihei
Så skjønn jente :) Ble nesten babysyk igjen (har 2 stk på 5 og 21 mnd, får holde for en stund).
Må si kjøkkenet ditt er fantastisk, har utrolig lyst på Lindingø kjøkken selv...
kos deg på "kafe`en"

I eit hus i ein dal sa...

Gratulera med sjønn lita bursdagsjente! Tida går kjempefort, med småtroll i hus..
Er ikkje så flink å leggja att kommentar, men eg er innom og kikkar innimellom. Du har ein fin blogg, med koselege kvardagsglimt og to sjønne tuller! Flott kjøkken har du og, eg har og "ståt", men heilt ulikt likavel.. Detaljar, detaljar.. Sant? Kos deg resten av ferien!

HildeS. sa...

Gratulera med 1 års dagen til den skjønne jenta, og til mamma`n også:)

Maria sa...

Så vackert du har skrivit om din dotter. Min yngsta son är också snart ett år (föddes 19 sept). Tiden har gått så fort tycker jag sen han föddes, ännu fortare än med barn nummer ett. Själv börjar jag jobba nästa vecka så nu är det pappas tur att vara hemma. Skoj för honom men lite konstigt och sorgligt för mig.

Tack för titten in i din blogg. Jag hittade hit via Kardemomme.

Maria sa...

Jag menade givetvis att jag hittade hit med hjälp av norske interiörbloggar. Sorry ;)

Kaos sa...

Gratulerer med 1 åringen!
Og takk for hyggelig hilsen på bloggen! Det er bare å linke :)

Klem

Charlotte sa...

Gratulerer med overstått 1 års dag!!!

Jeg lå selv på fødeavdelingen på denne datoen, men for 7 år siden. Nå har jeg ei jente på 7 år som skal begynne i andre klasse om en drøy uke. Du verden hvor tiden flyr!

En riktig god helg til deg og dine :D

Rosa sa...

Gratulerer så masse med første bursdagen:)
Ha en fin seinsommer:)

silje-sin sa...

Gratulerer så mye til den lille prinsessa! Det var rørende å lese historien om hvordan hun kom til verden:) Jeg har akkurat begynt å jobbe igjen (selv om lillemor bare er 8,5 måned...huff!) og jeg jobber på sykehuset. Lukten av lintøyet minner meg så om å være på barselavdelingen, og da kjenner jeg det varmer i hjertet! Ha en flott helg! klem fra silje.

Noralill sa...

Gratulera til ei nydeleg lita jente! Det er rart kor fort tida går, ein ser det på ungane, men merkeleg aldri på ein sjølv...hehe...

Lukke til med oppstart hjå dagmamma! Håpar alt går bra! Me startar i barnehage på måndag...(hjelp)

Ha ei fin helg!

Related Posts with Thumbnails