søndag 10. august 2008

Ein våt søndag med store båtar

Denne helga er Tall Ships Races i Bergen. Ingen av oss har vel eigentleg tenkt over det, før eg fann ut at kanskje ein bytur ville høve seg som sundagstur heilt på tampen av ferien? Med store båtar, konsertscener og salgsbodar måtte jo det vere ein attraksjon. Eg sjekka yr.no, og fann ut at vèret iallefall skulle vere turt på dagtid - Bergen, here we come! Sjølvsagt var både regntrekk og paraplyar med på lasset, for ein veit jo aldri...
Idet me steig ut av bilen kjende me lette dråpar av yr mot huda, men lest som ingenting - kva gjer vel ein halv dråpe regn? Me gjekk ned til torget, og rusla utover bryggen - i kø! Barnevogn og store folkeansamlingar er ikkje nødvendigvis ein god kombinasjon. Idet me kom så langt ut at me såg Statsraad Lemkuhl var det ikkje lenger yr som kom frå oven, og det var berre å pakke fram både regntrekket og paraplyane. Men - regnjakka eg skulle ha med til Oda, den låg fint att heime. Og kor stor sjangse er det for at ein 4-åring held seg under paraplyen til mor eller far? Heldigvis hadde ikkje hjernen kortslutta heilt då me drog heimefrå, så byteklede var iallefall med.
Oda ville så gjerne gå ombord i eitt av dei store skipa, og Christian Radich var den som hadde "ope hus" idag. Medan ho og pappen gjekk planken (som ho fortalde med eit flir etterpå), søkte eg og Hedvig tilflukt i eit øl-telt. Ikkje mykje freistande med utepils idag, nei...

Og sidan regnet berre auka på var det igrunn ikkje så mykje å trakke rundt etter. Kor ein gjekk var det paraplyar som trua med å stikke ut augene, eller folk med ryggsekk som skubba deg ut av retning. Me luffa tilbake, og sette kurs for noko så råflott som middag på Burger King. På vegen gjekk me forbi noko som såg ut som sjølve himmelrik for søtmomsen meg:
Eg røpar ikkje kva eg måtte betale for desse herlegheitane, men eg lovar at dei skal etast med andakt!

Imorgon er det jobb og barnehage igjen, og det blir jo greit å komme innatt i kvardagen òg etter ein fin ferie. Om ei veke er det min tur...
Tusen tusen takk for alle fine og kjekke og koslege kommentarar de legg att her - eg blir hoppande glad for kvar einaste ein!

5 kommentarer:

mali-mo sa...

Huff ja, været var ikke noe særlig idag ;) Har jobbet denne helgen jeg, så ingen båttitting på meg denne gang. Og snopet så godt ut!

Anonym sa...

Hi hi, e`kje det sånn det e i Bærgen då :) Snopet såg veeldig godt ut...
- H.

tara sa...

mmmmm....de godsakene så virkelig fristende ut...
som svar på spørsmålet ditt, så jukser jeg nok endel, ja...;)
bruker photoshop elements 6!!!

klem tara

Tonje Marie sa...

Mmmmh, såg veldig godt ut :)

Om du tek deg ein tur inn på sida mi er der noko til deg :)

Ha ein fin dag vidare!

linn sa...

Hmmm.. denne fellen gikk jeg også i!!!! :)
Synes de var v-e-l søte da...

Related Posts with Thumbnails