torsdag 28. august 2008

Eg ynskjer meg...

-tid
-overskudd
-kreativitet
-arbeidslyst
-lottogevinst
-ferdig oppussa hus
-positivt svar frå NAV på siste innsende korrespondanse
-hushjelp
-grafisk utdanning
-oreokake
-sydentur
-spa-opphald
-ektorp-sofa
-flatskjerm-tv
-ny pc

-og ein god, mjuk, herleg sjeselong i ei ny tv-stove der eg berre kan krølle meg saman framfor ein god film og ikkje tenkje på nokonting.

Som denne:
....eller denne.....


Eller kanskje tilogmed denne :)

På den andre sida: Kvifor skal ein eigentleg bruke tid til å tenkje på slikt, når ein er omgjeven av folk som bryr seg, har ein 4-åring som kvar einaste dag kjem med små og store gullkorn, og ein eittåring som akurat i desse dagar lærer seg kunsten å bevege seg på to bein. Igår var det tilfeldig - idag er det beinhard trening. Mor sukkar glad og letta for at dette skjedde heime med oss, før det ordentlege barnehagelivet var kome igang.


Eg veit ikkje om det er forkjøling (som no heldigvis er på tilbakegang), høg skulderføring etter det uventa oppstarts-kaoset, eller generell mangel på idèar som har ramma meg, men eg følte meg plutseleg tom for blogg-ord og -tankar ikveld. Eg håpar det er kortvarig, og du som er innom kjem att, sjølv om ikkje alle innlegg er like fengjande.

6 kommentarer:

Blåbærpai sa...

Hahaha! Kunne vore mi ynskjeliste dette!
Her kan eg signere fullt og heilt!
Einaste eg IKKJE ynskjer meg er den sjeselongen, ei heller grafisk design utdanning!!
Eg har jo diger ammestole i det rose stoffet, må vite!Ynskjer deg ein fin dag -og vesle H. mange nye skritt!;-)

Emmeline sa...

Flott innlegg-- veldig jordnær ønskeliste og godt at lillemor er i gang med å sette sjøbein hjemme hos mor;) og ikke bare ute i verden!

og jeg syns at innlegget var mer enn fengende. Det var KOSELIG!

Lykke til med ønskene. Du når dem nok tilslutt;)

aase sa...

Morsomt innlegg!! Herlig små ben på sine første turer!! Vakkert!!!

Monica sa...

Fant bloggen din via Sessans, så håper det er greit jeg tar en titt.. eller titt.. jeg har sitti her å kikka en god stund nå, for en utrolig inspirerende blogg! :) Og kommer sikkert til å titte innom igjen :) Ha en kjempeflott Torsdag!

Rønnaug S. sa...

Fenger i massevis dette her. Og jeg trur jeg kan skrive under på de fleste av ønskene, selv om jeg ikke veit helt hva oreokake er....

Ellers har jeg ikke vært på nett på TO dager. Har heller vært mpå IKEA og deretter virkelig tatt tak i kontoret vårt. STORVEIS å få orden igjen. Så nå kan snart kreativiteten blomstre, båre resten av huset var like fint....

HildeS. sa...

Det er godt å kunne ønskje seg litt av kvart, tenk så kjedeleg om me hadde hatt alt:)
Så herleg vesla er der ho stabbar avgarde:)
Herleg tid når dei er små:)

Related Posts with Thumbnails