måndag 18. august 2008

Bursdagsfeiring og ein ny kvardag

Etter nokre dagar med diverse datatrøbbel er eg no ca tilbake. Heeeeilt frisk er ikkje det gamle treskeverket me har drege fram, men det duger nok ei heil stund.

Dagen idag har vore spanande, litt trist, ein heil del frustrerande, med innslag av glede. Forvirra? Eg òg. Idag var dagen då eg skulle byrje på jobb igjen, og Vetlesyster skulle ha fyrste dag hjå dagmamma. Eg har vore ganske klar heile året på at dette skulle bli bra, men siste veka har eg fått kalde føt. Tenk å sende den vetle jenta til nokon andre, tenk å kanskje gå glipp av dei fyrste sjølvstendige stega, all utviklinga som skjer framover både motorisk og intellektuellt.... Trøysta er at starten er mjuk, med mine korte arbeisdagar og ein fridag med kvar av foreldra pr veke. Men idag var det altså alvor. Det såg lovande ut då eg gjekk; ei litt sjenert Vetlesyster vart overlevert dagmamma, og eg gjekk utan at eg høyrde anna enn godlydar. Skal ikkje utbrodere dagen, men etter å ha vore på besøk og roa jenta èin gong tok eg tidleg fri og henta ho ca kl 13. Då hadde ho skrike frå ho kom, kun avbrote av mitt besøk og ein dupp i vogna. Ho var fortvila, dagmamma var fortvila, og mor sjølv var ikkje ratt god, ho heller. Har fått snakka med dagmamma ikveld, og lagt ein plan for vidare innkøyring - dette er jo berre nøydd til å gå bra til slutt! Kan du forstå at dette vetle blide vesenet kan verte SÅ sint?

Den GLADE biten i det heile var å komme på jobb att, til gode kollegaer som ynskte meg velkomen med glade smil. DET var kjekt :) Gler meg til å ta fatt på nye og gamle oppgåver, når berre vetle frøken mammadalt har funne roen...

----------------------

Helga gjekk som ein vind, med baking og ordning til bursdagsfamilieselskap for begge jentene på sundag. Og familieselskap er ikkj noko småtteri - eg rekna 25 personar då eg laga mat og dekka. No var det eit par forfall, men eg kan love deg at både stove og kjøkken er ganske full når 13 store og 10 små er på plass.

Tradisjonen tru var ikkje mor så klar som ho ville vere når gjestene kom i døra. Ikkje heilt ferdig påkledd (eller, påkledd men framleis ikkje pynta) ikkje ferdig dekk bord, ikkje heilt klar med kakene (altså, dei var laga, men ikkje tekne ut av formene), kaffi hadde eg gløymt å setje på, og pizzabollane eg brukte halve laurdagen på å bake stod i kjøleskapet til lenge etter at kakene hadde kome på bordet. Dette til trass: Alle fekk kake - alle fekk kaffi eller brus, og jammen tok me kål på ALLE pizzabollane òg. (og eg øvedriv ikkje når eg seier at det var minst 50 stk - det må jo vere eit godt teikn?)

Mine små prinsesser kosa seg max, med gåver og gjester og masse merksemd. Vetlesyster stråla som sola sjølv når alle song bursdagssongen, og ho skjøna at ho var i sentrum. Storesyster stråla ikkje mindre då ho blåste lys til stor applaus, og fekk opne alle dei spanande gåvene. Og dei fekk så mykje fint! Ullkle, "vanlege" kle - det eine plagget herlegare enn det andre, og leiker som passa perfekt til ei stor og ei lita jente. Det var endåtil gåver direkte frå Paris!! (Det nydelege toget til Vetlesyster som du ser under, f.eks.)

Som før nevnt vart det kaker til alle mann òg, og med god hjelp frå mor og svigermor vart der litt å velje i. Sjølv lagde eg Oreokake, ei av dei beste kakene eg veit om. Svigermor si Verdens Beste er verkeleg verdens beste, og når mor mi slo til med rosa prinsessekake, då kunne det nesten ikkje verte betre!

Neste år - skal eg starte tidlegare med førebuingane, vere litt flinkare med planlegging, og sleppe å verte både heit i toppen og klam på kroppen.











God veke!

3 kommentarer:

Emmeline sa...

Ååååå det er bare helt hjerteskjærende å måtte gå fra en liten tulle og høre at hun har vært sønderknust. GRUSOMT:)
Min lille niese på 11 måneder har begynt i barnehagen denne uken. Der i huset har foreldrene vært sønderknust også--- men den lille damen har tydeligvis bestemt seg for å like seg. Mot alle odds. Hun er så engstelig....
Så det går nok bra for lillemor bare hun får noen dager på seg;)
og skjønner at hun blir hentet igjen. For det handler jo om det:)

DU er så flink til å legge igjen hilsener hos meg. Jeg setter kjempestor pris på det, selv om jeg slett ikke er like flink å komme meg rundt tilbake;) Men endelig fikk jeg tittet meg rundt i det rosa universet. Alltid like koselig, med varme og flotte bilder både i ord og bilde;)
Ha en fin uke du også..

HildeS. sa...

Hei hei.
Uff så leit at lillegullet ditt ikkje likar seg hjå dagmammaen enno.
Vondt for alle partar, men det går seg nok til skal du sjå:)
Snart vinkar ho glad og fornøgd når du går.
Bursdagar med masse gjester kan vere ei utfordring ja, eg kjenner meg igjen,hehe. Nå er det lenge siden barneselskap her i huset, men eg har nå hatt min del ja:)
Lukke til videre på jobben, og med lillegullet:)

Anonym sa...

nei, fy kor bale! Det går seg vel til får me tru!Kanskje det vart litt brå overgang for vesle tuppa.
Har tenkt på dykk og vore spent på den "nye" starten.so flott at mammo fekk ein god følelse av å kome på jobb! Og til sist: TUUUsen takk for eit superdupert kalas!Nyydelige kaker og KNALL gode pizzaboller!
klem frå tante N.

Related Posts with Thumbnails