torsdag 14. august 2008

Bakermester Harepus - hugsar du han?



Ja, eg tenkjer på han i Hakkebakkeskogen, med ein læregut som ikkje var heilt stødig på ingrediensane i dei sagnomsuste peparkakene. - eg føler meg litt som han...



Igår kveld, (kanskje litt for seint igår kveld?), skulle eg lage sjokoladekake med surmelk, for det vert så utruleg saftigt og godt. Og saman med surmelk skal det ofte natron - så òg i denne oppskrifta. Hovudet mitt var nok ein litt annan stad, for istadenfor 6 tsk natron fann eg fram bakepulver, og begynte å hive oppi. Heldigvis oppdaga eg fadesen, tok vekk bakepulveret og fann fram den rette boksen. Eg blanda ferdig kaka, steikte den, og syns kanskje det lukta vel mykje natron i kjøkkenet. Men på den andre sida, det luktar jo når ein steiker lappar òg, og dette var tross alt ei STOR oppskrift!


Ved enda steiketid ser kaka retteleg luftig og fin ut - lukta heng framleis i kjøkkenet, og mannen lurar på kor mykje hjortesalt eg har hatt i.

"Hjortesalt? Eg har ikkje hatt hjortesalt, eg har hatt 6 tsk...............HJORTESALT istadenfor natron!!" Mor vert med eitt hektisk i blikket, røskar handkleet av kaka og set kniven i den - dette må smakast! Eg tenkjer på bakarmesteren som seier til bakarguten "la meg få smake på kakene". Kaka smakar faktisk ikkje så verst. Mannen får smake, og seier det same. Men - så kjem etterpå-kommentaren ".....men ettersmaken minnar litt om gamalost". Mor set seg ende ned på golvet, og finn fram telefonen. Klokka er halv tolv, men dette er jo krise-tilfelle. Heldigvis er trollkåno våken, og kjem i rakettfart for å kontrollsmake på hjortesalt-kaka. Det vert ingen store scener med nysing og kjefting (ref Hakkebakkeskogen) - kaka er etande, og berre for den som veit at hjortesaltet er der istadenfor den før nevnte natronen, kan kjenne skilnaden. Det gjer IKKJE dei ni ungane som skal få sjokoladekake i barneselskap idag - meir om det kjem forhåpentlegvis ikveld, om ikkje mor ligg utslått etter selskap og alt for mykje hjortesalt....
Ha ein god dag!

4 kommentarer:

Therese sa...

Å uff da *ler* Ja, ja slikt skjer også her i heimen. Det er uungåelig med meg på kjøkkenet, og det er mannen inneforstått med ;) Spent på å høre resten...

Huset i skogen sa...

Hihi..det går sikkert bra! Det en ikke vet har en ikke vondt av er det noe som heter, og håper at så er tilfelle denne gangen også:)
Lykke til!

Anonym sa...

Tenkte på det då eg las "boksen" med natron, trur det stort sett vert oppbevart i små posar, iallfall her i huset... hi hi. Men kaka blir sikkert kjempegod og bursdagen blir topp !!!:) Lykke til. - H.

aase sa...

Sånn kan det gå gitt!! lykke til med selskap!!!

Related Posts with Thumbnails