fredag 22. august 2008

2 awardar og ein glad dag

Denne veka har eg vore den heldige mottakar av heile 2 awardar!

Denne søte saken her frå Huset i skogen


Og denne flotte frå Rønnaug.

Tusen tusen takk, damer!
Eg har sagt det før, og eg seier det igjen - det er utruleg kjekt å få tilbakemeldingar i kommentarar og i slike utmerkingar som seier at nokon set pris på bloggen min. Hurra! Eg må nok tenkje litt på kven som skal få den vidare, ikveld er hjernen i fredagsmodus - passande nok!

-----------------------

Idag har eg og jentene vore på besøk i den nye barnehagen til Hedvig. Og for ein forskjell! På jenta, altså. Her gjorde det ingenting om framande damer både løfta og bar på ho, ho smilte og lo heile tida. Sjølvsagt var eg i nærheita heile tida, men etter 10 minutt brydde ho seg eigentleg fint lite om det. Desse damene var både blide og imøtekomande, og eg føler meg heilt sikker på at jenta kjem til å ha det veldig bra der. Ikveld er eg så glad og letta over at denne veka har enda så godt, sjølv om den starta så dårleg. No gler eg meg til mandag, ny veke og nye moglegheiter!

God helg alle der ute i den store bloggverda!

6 kommentarer:

Anonym sa...

god helg og sooo bra at alt ordna seg til slutt! klem-N-

Noralill sa...

Fekk så utruleg vondt når eg las denne dagmamma historia... Trur det er uendeleg mykje betre å få koma i ein barnehage! Jammen godt det ordna seg til slutt!

Ha ei strålande helg!

Linda sa...

Her har eg visst ikkje vore på ei stund!

Gratulere so mykje med barnehageplass!! *jippi*
Gratulere med nye awardar!

åh det er herleg å være på nett igjen..

masse klemmar!

Living White sa...

Gratulerer så mye med barnehageplass. Kjekt at det ordnet seg for dere:)
Har ikke vært innom her før så jeg tenkte bare legge igjen noen fotspor her etter meg.
Ha en trivelig helg:)

Anna Lisa sa...

Gratulerer med awarder min venn!
Alltid kjekt med slike :)
Godt å bli satt pris på:)
Ønska deg fin søndag!
Klem

MOLLY sa...

Så flott, da er det bare å starte uka, med friskt mot:))

Related Posts with Thumbnails