måndag 28. juli 2008

Vegen mot drøymekjøkkenet - Del 2

I eit tidlegare innlegg viste eg litt av det som måtte rivast og fjernast i det som skulle bli vårt nye kjøkken. Rommet er ca 28 kvm, og avlangt i forma - eit knallgodt utgangspunkt. Eg har "alltid" ønska meg blått kjøkken, og på eit besøk hjå syskenbarnet mitt fann eg den perfekte blåfargen! Då passa det fint at to av veggane måtte platast att. Me valde å setje opp ferdige panelplater, som vart mala i den nydelege lyseblå fargen. Taket var gusjegul-kvitt, og fekk eit par strøk kvitmaling før me gjekk igang med golvet.




Golvet var i utgangspunktet lakkert i begge dei tidlegare romma. Men i det gamle kjøkkenet var heile golvet plukk råte, så me måtte få spesiallaga nye golvbord i samme størrelse som resten av rommet. Mannen brukte ein heil dag på å slipe vekk lakk, og planen var eigentleg å beise golvet mørkt før me lakka det. Men det harde slipearbeidet til trass - det var eindel ujamnheiter i golvet, og når det kom beis på desse stod dei verkeleg tydeleg fram. Det var 3 dagar til kjøkkeninnreiinga skulle verte levert, og gode råd var dyre. Kvit maling vart kjøpt i hui og hast, og mannen fekk hjelp av mor mi for å få 3 strøk på golvet i tide til IKEA-lastebilen svinga opp framom huset. Sjølv var eg særdeles høggravid på denne tida, og ikkje særleg til nytte. I ettertid er eg SVÆRT nøgd med det lysmalte tregolvet. Det vil sei; Det er nydeleg fint, men ikkje særleg praktisk. Hakk og skit kjem altfor fort og tydeleg...


Over er rommet slik det såg ut før me fekk på plass lister, og før kjøkkeninnreiinga vart levert. Eg er utruleg glad i den gamle treveggen, som får funksjon som fondvegg her. Den er tydeleg prega av tidlegare generasjonar, med passar-rosettar og inskripsjonar.

Og SÅ kom lastebilen frå IKEA - dvs Posten. To særs mutte transportarbeidarar bar inn kartong på kartong - det ville ingen ende ta! Eg luska meg inn i den andre enden av huset, og haldt meg vekke til eg plutseleg høyrde lastebilen starte opp og køyre avgarde. 1 stk Lidingø kjøkken levert i x antal flatpakkar.


Slik såg det ut undervegs - mann og svigerfar skrudde og skrudde, klødde seg litt i hovudet, og skrudde litt meir.


Ei anna stor pakke skulle òg inn i det nye rommet, og om du har høyrt ordet presspasning før, så var dette sjølve definisjonen på begrepet. Døropninga var eigentleg 1 cm smalare enn boksen, men det gjekk!


Ei stor og ei lita dør tek me på kontoen for sjarm. Begge dørene hadde eigentleg plater på, men under platene skjulte det seg innfresa mønster (veit ikkje kva det heiter, men fint er det). Som du ser på den minste døra var det eit par hundre spikarhòl å sparkle igjen før maling...


Me har kjøpt nye vindauger til stortsett heile huset, i ca samme stil som dei gamle. Sprosser må det vere, sjølv om me ville ha doble glas. Breie lister med profil måtte til for å dekke over gapet mellom tilsetningar og veggplater.

Den gamle brandtmuren, sett inn med lister som skjuler ujamnheiter. Me fann ut at me ville ha vedomn på kjøkkenet òg, for å sleppe å varme det store rommet med straum heile vinteren.


I siste del skal du få sjå det ferdige resultatet - eit resultat me er svært fornøgde med!

6 kommentarer:

Joanna sa...

Så kjekt med nytt kjøkken. og fargen på veggane var kjempe fin. Vi driver og pusser opp eit eldre hus sjølve, så det er kjempe kjekt å få litt inspirasjon!

Gler meg alt til å sjå det ferdige kjøkkenet ditt ;O)

Ha ein fin kveld

Tove sa...

Blåfargen var heilt nydeleg! Minner om det dei kalte "due-blå" før i "gamle dagar"? Gler meg til det ferdige resultatet, blir sikkert såååå fint!

Trollkåno sa...

Mykje godt arbeid lagt ned der,ja...

a home far away sa...

Spännande att få se hur det kommer att se ut, kan knappt vänta:-)

Ha en fin dag
Kram Gunilla i Singapore

Annika sa...

Må seie meg samd med Tove, blåfargen såg aldeles nydleg ut, og eg kan tenke meg at det blei eit flott resultat av alt dette arbeidet. Gler meg til å sjå sluttproduktet=)

MOLLY sa...

Så spennende, dette ser ut til å bli kanonkjøkken:) Gleder meg til fortsettelsen!!
Superkul header du har fått;)

Related Posts with Thumbnails