tysdag 15. juli 2008

Vegen mot drøymekjøkkenet - del 1

No skal du få vere med på den lange prosessen det var å lage splitter nytt kjøkken i vårt gamle hus. Me kjøpte det snart hunder år gamle huset i desember -05, og flytta inn i romjula det året. Kjøkkenet såg slik ut:




ca 10 kvm, i hjarta av huset. I hjarta av huset høyrest jo både kosleg og fint ut, men i praksis betyr det eit rom utan vindauge - utan naturleg lys. Opprinneleg hadde det vore eit vindauga i rommet, men etter ei påbygging på 50-/60-talet vart dette erstatta med dør. Kjøkkeninnreiinga vart installert på 80-talet seiest det, og det skal den ha - det var god skapplass. Men benkeplata i tre hadde nok ikkje vore vedlikehalden sidan den var ny, og var både bøyd og svært lite hygienisk! Huset formeleg trygla om nytt kjøkken!

Huset har i nesten all si tid vore todelt, med ei stove i kvar ende. Me fann ut at den eine stova, med eit tilstøytande minikjøkken, ville utgjere eit bra kjøkken. Her er stova slik den stod då me overtok huset.


Bilde teke den andre vegen, rommet innom døra er det vesle kjøkkenet som høyrde til.



Så var det berre å sette igang med riving...

..og sjølvsagt kjem det små og store overraskingar i eit gammalt hus. Desverre er mange av dei ikkje så gode. I den innerste delen, det tidlegare minikjøkkenet, var 3 av veggane og heile golvet prega av råte, maur og midd.

Dette er veggen inn mot det eksisterande kjøkkenet og gangen. Som du ser hadde det ein gong vore ei døropning her, og den ville me ta i bruk igjen. Heile romma var dekka av huntonittplater dekka med papir og malt. Det sat spikar kvar 10. cm over alt...


Innerste del, med nytt stenderverk, ny ramme rundt vindauga, og utan golv.

Veggen ut mot veg og vatn er i ferd med å miste platene..


Neste gong skal du få sjå korleis det såg ut når me begynte å byggje oppatt alt som var rive ned ;)

3 kommentarer:

Noralill sa...

Dette såg spennande ut! Men sikkert uhorveleg mykje arbeid! Gler meg til å sjå vidare...

Ha ein fin kveld!

Tove sa...

Så kjekt å sjå at andre òg bur i ei oppussingsverden og kavar med gamle hus! Du skriv så flott nynorsk, bur du ein stad på Sunnmøre, skal tru? Har sjekka ut nokre av scrappetipsa dine, skal sette meg ned ein kveld og handle litt. Men i morgon har eg invitert ei syster og ei svigerinne til scrappekveld, får sjå om det blir noko kreativt ut av det. Det manglar i allefall ikkje på motiv!
Gler meg til oppdateringar på kjøkkenfronten!
Kos deg i kveld!

Trollkåno sa...

Eit enormt arbeid de har lagt ned,og so flink du har vore å ta bilde "heile vegen".

Related Posts with Thumbnails