fredag 25. juli 2008

Stølsliv

Igår var eg og jentene på stølen som høyrer til heimegarden min. I våre dagar er det bilveg heilt fram, men likevel - å komme opp der er som å hoppe tilbake i tid. Der er så stillt! Ein høyrer grashoppa spele, og susen av trafikk langt der nede i bygda når ikkje opp hit.


Innvendig er alt som det alltid har vore, og veggane har tydelege spor frå fleire generasjonar som har budd og jobba her om somrane. I min generasjon har det ikkje vore stølsdrift med dyr her, men stølsslåtten har vorte gjennomført, heilt til siste par åra. I år tillet vèr og tid at det vart stølsslått igjen, og då måtte me altså ta ein liten tur.


Her kjem gamle verktøy verkeleg til sin rett, langorvet susar gjennom graset der meir moderne maskiner ikkje kjem til.


Oda og syskenbarnet storkosar seg med ei lita hinderløype.

Dei syns det var stor stas å hjelpe Besta og Besten med små oppgåver - stolvask etter ein lang vinter med store og små kryp er viktig



Ein stol akurat passe stor for ei lita jente


På kjøkkenet, eller melkerom som det før vart nytta som, heng ei ekte gammal handklehylle med såpekopp og Lano.


Skal det vere ein 1/2 liter?

Eg minnast mang ein sommar frå barndomen, då me sov her oppe dei dagane stølsslåtten vara. Ganske spesiellt å liggje i desse sengane, sjå på inskripsjonar i veggane, og kjenne lukta av det gamle huset. Og å sitje å ete frukost framfor det vesle glaset medan fuglane kvitra i skogen rundt...... det er slike stunder som vert til gode minner


Related Posts with Thumbnails