torsdag 17. juli 2008

Sommarsalg, søt kløe og sur svie

Det seiest at
Etter den søte kløe kjem den sure svie
Og ja, det gjer den. Igår var eg så "uheldig" å vere på 3 ulike butikkar med sommarsalg. Dette skjedde same dag som løna tikka inn på konto - for ein ulykksalig kombinasjon! Sjølv om eg veit at eg ikkje bør, er det som om all fornuft (den mannen min stadig omtalar og nesten irriterar seg litt over(!)) berre dunstar vekk med vinden. Eg veit at eg har skrive om det før, og eg innser at i slike tilfelle er impulskontrollen so og seie fråverande. Det er faktisk nesten så eg skjems!

Men eg kom altså på europris, som hadde 10-kroners marknad, 20-kroners marknad, og masse sommarvarer på salg.... Desse dekorative vepsefangarane har eg lenge tenkt på, og då var jo salget berre eit påskudd.. Duken som ligg under dei vart plukka opp frå Kid, som òg hadde sommarsalg - 70% - berre 39 kroner for denne akryl-duken! (Det vart sengkle òg på Kid, men dei skal du få sjå når soverommet er ferdig rydda ;) )
Ei søt rosa bøtte, som i tillegg skal skremme vekk myggen i sommarkvelden måtte eg sjølvsagt ha. Sjølv om det ser ut til at vèrgudane har vendt oss ryggen, så har eg eit håp om fleire fine kveldar på platningen!
..og så denne søte vannkanna då. Den var *host*ikkjepåsalg*host*, men så nydeleg og passeleg i størrelsen at ho berre MÅTTE vere med meg heim. Den skal få stå i stova heile tida, og så slepp eg å finne tomme brusflasker eller litermål for å vatne dei litt forkomne blomane mine. Sommar og sol er visst hardt for inneblomar!
Eg kan òg nevne to blå og to turkise blomsterpotter, samt eit blått krukkesett som skal stå ute - alt vart formeleg kasta etter meg der eg uforvarande trakka gjennom butikken med mine to små. Vel heime, når eg pakka ungar og posar ut av bilen - då fekk eg ein litt emmen smak i munnen... treng du verkeleg dette? Burde du eigentleg bruke peng på slikt no? Svaret er eit rungande NEI, men likevel - når eg kastar blikket bort i glaskarmen og ser den fine rosekanna der, så smiler hjarta mitt og kviskrar ja...

Som om ikkje dette var nok, så tok eg idag ein tur innom på Plantasjen sine nettsider. Eg er eigentleg på leit etter ei passe stor trampoline som Oda skal få til bursdagen sin (hysj!), og istaden fann eg tilbudsavisa deira for denne perioden. Og trur du ikkje hagemøblane mine er på salg? Alle saman! Sukk hjerte, men brist ikke.....

Dei nydelege kvite tremøblane med kryss i ryggen, og airdondeck-stolane som eg har drøymt om - dei står der og ventar på meg! Eg har i heile sommar trøysta meg sjølv med at når møblane kom på salg, DÅ skulle me kjøpe dei. No veit eg sanneleg ikkje, det er jo dei pengane då... Og til mine ivrige utrop kjem mannen med eit svar som tyder på at han eigentleg ikkje syns det er nødvendig, men at om eg absolutt må, så får eg vel gjere det då...

Sjå berre kor fine dei er!
Eg prøve å trøyste meg med at dei sikkert er i sortimentet neste år òg, men sanneleg om eg veit... den som lever får sjå!

7 kommentarer:

Fru Fjeldhammer sa...

*S* vi høres ganske like ut... pengene bare brenner hull i lomma når lønnen har kommet!! Ser du har også lyst på de samme møblene på plantasjen som jeg har lyst på, vi skal se om de har mer igjen på lørdag, har de så kjøper jeg.. men har de ikke så var det ikke meningen heller!!

Kos deg videre.. klem

liven sa...

Uffa meg.......det er ikke lett for oss nei!!
Var selv innom både kid og europris i går men da de ikke hadde det jeg var på jakt etter så ble det ikke kjøpt så mye.......

Har så lyst på en slik dekkstol så det er bra plantasjen ikke er her hvor jeg bor!!
Vi har bare hageland.......de har også slike stoler men ikke på salg:)

Ha en fin kveld:O)

Marianne sa...

Gratulere med mange varp! Må jo passe på når det er billig ;-)
kommer også akkurat hjem fra byen med flere poser.Vi skal snart reise til familie og venner på ferie og da har vi bestandig med gaver så klart! Har handlet klær på bikbok til tenåringene og div. annet på salg. Ikke noe til meg selv denne gang, sparer til ferien!
Hilsen Marianne

Blåbærpai sa...

Hei hei! Kjenner igjen den du!
Her har du kjøpt deg nokre fine ting ser eg!Søt vatne kanne!
Litt nytt treng ein innimellom og det kosta vel ikkje sooo mykje..?!hihi!
Dei møblene har eg også ein plan om å kjøpe meg, men trur ikkje det vert i år likevel..Mycket fina*nikker*Har liksom gått litt amok med parasoll kjøpene og enda opp med 4nye!!!To store og to bittesmå..På sal!Naturlegvis!

Tove sa...

Det ser ut til at du har fått med deg litt av kvart på den handlerunda, ja.... Vel, vel, slik er det med oss damer! Men same kor unødvendig innkjøpa ofte er, og kor lite me eigentleg treng dei - så kjem dei alltids til nytte på eitt eller anna vis! Har forresten scrappa for fyrste gong, resultatet kan du sjå på bloggen min (litt på avstand, då dette er på eit ekstremt amatørnivå - vil ikkje gjere meg til latter overfor røynde scrapparar, veit du!)
Ha ein fin dag og kos deg i helga!

Annika sa...

For ein kosleg blogg du har! (er ganske nysgjerrig på korleis du har klart å få tre kolonner?)

Du har gjort mange gode varp på den runda di ja, eg kjøpte samme duken sjølv på Kid ein dag. Det er "sunt" å gjere slike fine innkjøp ein gong i blant ;)

tanja sa...

hihi du greie no alltid å rote deg inn på eit salg eller to :)

Related Posts with Thumbnails