laurdag 26. juli 2008

Sommarkveld og ballkjole

På loppemarknaden vår i juni fann Oda eit underskjørt (i voksen størrelse). Det er i ganske gjennomsiktig og litt stivt materiale, og for ein treåring med høg prinsessefaktor var dette ein sjølvskriven ballkjole. Problemet var nettopp at det var berekna for voksne, så ho subba og snubla og heiste den oppatt heile tida. Eg lova meg sjølv å sy stropper på den, og no omsider har eg fått gjort det. Kvitt silkeband frå scrapperommet vart perfekte stropper, og jenta såg ut som sjølvaste Askepott på brullaupsdagen



-----------------------

Om kvelden når jentene er i seng, og roen senkar seg, då er det godt å gå utom huset ein tur. Eg likar å ha med eit blad, eller berre sitje og sjå utover vatnet medan tankane spinn. Mannen min er av det litt meir rastlause slaget - han må liksom ha noko å gjere om han skal sitje der ute. Her ein kveld henta han fram gitaren frå boden på loftet. Igjennom åra har han spela mange instrument, men kvar av dei har hatt si tid. No har gitaren måtta vike for messinginstrument i lang tid, så det var kjekt å høyre gamle slagerar tone ut i sommarkvelden. Mimrefaktoren vert høg, og hjartet bankar litt ekstra når dei gamle kjærleikssongane kjem på rekkje og rad.



Wild horses couldnt drag me away
Wild, wild horses, couldnt drag me away

5 kommentarer:

Joanna sa...

Det underskjørtet var kjempe søtt, og eg kan tenke meg at det ser heilt nydeleg på din lisje pie :O)

Ha ein fin kveld

jorunnslilleverden sa...

For et nydelig underskjørt, ikke rart jenta ville ha det som ballkjole :0) Så utrolig hyggelig med mannen din som spiller og synger for deg!

Anja-Elin sa...

Åh, så flott eit underskjørt :) Skjønner ho godt eg :) Fine bilder :) Kjekt med sang og musikk! Det er noko vi berre MÅ HA :)

Tove sa...

For ein god idè! Gamle underskjørt heng vel i dei fleste skap, og er vel sjeldan i bruk i våre dager (men HEILT nødvendig under bunad, då alle veit kor det kan stikke...). Vi får vel kanskje eit bilete av den vesle prinsessa??? Forresten, det ligg ein award og ventar på deg inne på bloggen min!

AvaAdore sa...

psssssst.... eg har flytta, men eg ekje god paa blogspot, kan du gaa inn paa nyebloggen og forklare meg korleis eg faar telle-tingen min under favorittbloggane og IKKJE under innlegga?

*smask*

Related Posts with Thumbnails