fredag 11. juli 2008

Sjå kor søt eg er

...eller var ;)

Fekk så lyst å vise deg bilete frå då eg sjølv var liten. Har fotografert i albumen min frå barndomen - her er eg vel sånn 1/2 - 5-6 år, kanskje?

Gamlepusen vår, Busti er med. Ho vart heile 13 år før ho la in handkleet. Heilt spesiell pus, både av utsjånad og lynne.

Min fyrste 17. mai, saman med storebrorane mine, som er 5 og 8 år eldre enn meg. Seinare i barndomen likte eg godt å erta nest eldste, for så å søkje tilflukt hjå eldste - sa nokon utspekulert i ung alder?

Den fyrste sommaren, skikkeleg søt med skaut, ikkje sant?Her sitt eg og leikar med tredyr saman med to sykenborn. Er vel 4-5 år, trur eg.
og til slutt, noko som nesten kunne vore kvikk lunch-reklame. Snakkar om å vere klar for skitur, eller nei - snakkar om å vere fornøyd med skiføret! (og sjå kor herlege kle eg har! Den jakka hugsar eg endå - eit skikkeleg tjukt grovt stoff, sikkert veldig varmt og godt, og heilt inni tida no(?))

Med det ynskjer eg eg god fredagskveld!

4 kommentarer:

vårt lille hjem sa...

hei!
Fine gamle bilete du har fått lagt inn. Ønsker deg god helg!

fru vims sa...

så lik deg største jenta di er! ser hun er lik mor si ja :)
så og si opp av dage!

AvaAdore sa...

Eg syns du ser like uskyldig ut endå eg.. SER uskyldig ut.. ja-a, hehe.

tenk at vi har vore so små forresten..

og du, den vogna, den va kul!!!
dei har ikke sleke kule no lenger...

Minste svigerinne :p sa...

Ser at Oda er lik på mammo si ja :D Men på det første babybildet ser ein også igjen Hedvig. Kjempesøtt :D

Related Posts with Thumbnails