fredag 18. juli 2008

..og soverommet er RÅÅSA

Velkommen til ein guida tur på mitt RÅÅÅSA soverom :) Og tru det eller ei - det er ikkje eg som har valgt fargen :) Rommet er nemleg uendra etter at me flytta inn (bortsett frå ein ekstra stikkontakt). Og eg trur det er det rommet i huset eg er mest fornøgd med, altså slik som det stod. Det einaste eg gjerne vil endra er golvet, for det er til gjengjeld skikkelig stygt!
Brunmalt tregolv som har seriøse sprekker over alt! For kvar gong eg støvsugar kjem det opp stadig fleire fuger - ikkje nødvendigvis eit godt teikn? Og malinga flassar som berre det. Avslører at ein gong har golvet vore grått. Eg ynskjer meg nytt golv. Eit golv eg kan lista meg over når Oda endeleg søv i senga mi, utan at ho skvett til igjen..


Nattborda og senga passar vel ikkje heilt ilag, sånn eigentleg. Men eg likar både senga og nattborda! Senga fekk me til bryllupet vårt, og den var akurat slik me ville ha den. Nattborda har eg flytta inn frå gjesterommet, der dei eigentleg høyrer heime. Dei vart laga av mannen som budde i og eigde huset for 30-40 år sidan. Dei passar nok mykje betre saman med senga som står der inne, men foreløpig får dei gjere nytten her. Dei er nemleg umåteleg praktiske, med både skap, skuffe og hylle i eitt! Fine er dei òg - grøn og rosa.


Denne gjengen står på hylla til rosa-mannen. Eg trur dei vart kjøpt omtrent på den tida biletet bakom er teke - frå dei glade gymnasdagar med musikklinje, pianospel og nyforelska småklining i gangane.



Eit av dei mange små minna etter dei som eigde huset før oss - "Norsk billedbok for barn", frå 50-talet


Ikkje kan eg klage på skapplassen heller :)

Til og med ein liten huk med plass for mor vart det laga den gongen. Speilet er frå IKEA og passar perfekt, syns eg. Skåla er òg ei bryllaupsgåve.


Hylla til mor (hyllene fann me i det gamle gamle kjøkkenet - dei passa glimrande her oppe) er fyllt med litt smånips og bilder med gode minner, og ein liten bunke BoligPluss til sengelektyre.


Denne skjønne englejenta fekk eg for nokre år sidan av ei eg er tante til.



..og som belønning til meg sjølv for ein aldri så liten ryddeaksjon i skap og hyller - dette fine sengesettet som vart kjøpt på Kid (ref forrige innlegg), til ein slikk og ingenting. I mi ivrigheit over gode tilbod blingsa eg litt på dynelengda, så dei måtte kortast inn med 20 cm. Stoffbitane som no er til overs har eg plan om å sy eit putetrekk av, sidan me alltid er minst 3 i senga ;)


Og heilt til slutt, assistenten min. Ho skulle liksom sove sin vanlege 3 timars dupp idag slik at mor fekk vaska opptil fleire golv, men vakna lenge før avtalt tid. Du ser kanskje at ho ser litt pjusk ut? Jaudå, det sler ikkje feil - hoste, tett nase og feber - atter ein gong. Ikveld hadde ho tydeleg vondt når ho hosta, så me får sjå helga an om det vert legetur denne gongen òg.

1 kommentar:

Anonym sa...

Nei huff og huff!Stakkars vesle H! Sjuk igjen..Håpar det går fort over!GOD BETRING! klem frå tante-N

Ps: På det soverommet kan du sanneleg drøyme rosa draumer ja!
Fine sengkle!

Related Posts with Thumbnails