tysdag 1. juli 2008

Dagens prosjekt: Den minste og styggaste gangen i mils omkrets (!)...

..den er min

For ei tid sidan gjekk det i den store blogg-verda ei utfordring om å vise "Best og Pest" i bustaden sin. Vel, om eg hadde fått utfordringa trur eg dette måtte bli pesten - yttergangen vår. Den er pikyrande liten, golvet er så midd-ete og stadvis så fullt av råte at det svaiar under oss. På veggane er det er stygg, gulmalt strie, og i trappa heng den endåtil litt i laser. Der er forresten stria umalt.

Denne gangen var faktisk det fyrste prosjektet me sette igang med i huset vårt, for 2 1/2 år sidan. Det vart berre FOR gult for stakkars mor (meg, altså). Eg klarar det IKKJE! Veggplatene var dessutan bølgete og lite pen.



Dermed røska me vekk alle plater på innerveggen, fann både ekte tymbravegg, og ei like ekte døropning, som naturleg nok ikkje lenger var i bruk. Dermed var det berre å setje opp ny plate, men denne gongen ikkje på heile veggen - tymbra ville me visa fram



Me reiv vekk skapdør og plater under trappa, slik at det gjekk an å setje opp hyller her, og mannen snikra eigenhendig hattehylle med garderobestang til å henga på plata bak stovedøra. Desverre er dei andre veggane og trappeoppgangen framleis gule, men det er jo utruleg kva ein kan venje seg til(!!, fakta er jo at ein ser seg blind på det, som så mykje anna - f.eks dei umalte dørene..)



Begge dørene var nemleg òg plata for, og når me røska av platene fann me fine gamle dører (som sikkert har eit navn), med fresa spor og firkantar. Dei har som du ser fått sparkel i dei tusen spikarhola, men maling - nei det har me ikkje sett!



Eit aldri så lite nærbilete av go'-veggen



Nokre av dei mange kule og fine tinga me har funne i huset var knaggar med eit mannsansikt i senter. Nokon meiner det er "Jesus-knaggar" - eg veit ikkje. Fine er dei iallefall, og to av dei har fått plass på tymbraveggen.


Omsider kjem eg til poenget.....
Denne ikkje så lange men veldig smale gangen er ei stor utfordring å få nytta best mogleg. Det er nok at tre personar skal kle av eller på seg samtidig, så er det kaos. Ei ynkjeleg skohylle er for lite til 2 voksne og eit barn (minstemor slit foreløpig berre strømpebukser), så sko flyt alltid både her og der.


Som før nevnt var eg jo på IKEA igår, og derfrå tok eg med meg ein 3-pack Trones skoskap. Hadde eigentleg tenkt å henge dei på den kvite plata, attmed jakkane, men då vart dei det fyrste som møtte meg når eg kom inn døra (og SÅ fine er dei jo ikkje). Dessutan kom dei i vegen for kleda som hang der.

Eg prosjekterte ei heil stund, men enda opp med å flytte pulverapparatet som så dekorativt var hengt i kroken mellom dørane (det er framleis like lett tilgjengeleg, berre mindre synleg), og simsalabim - den perfekte kroken for skoskap. Veskene mine kjem litt vel høgt på veggen, men då er eg iallefall trygg for at små barnehender ikkje rotar i dei :)


Gangen er like liten, og like stygg, men kanskje kanskje har me ein litt betre sjangs til å halda nokonlunde orden der no?

Og til hausten - eller ein annan haust - då skal me pussa den opp, og finna lure løysingar for alt mogleg!

5 kommentarer:

Karna sa...

Den tømmerveggen var jo bare råflott, heldig som har en slik skatt i huset, og dørene dine var jo såååå fine også...tror du er litt kritisk her, ser flott ut synest jeg!

Huset i skogen sa...

Synes den tømmerveggen var vakker! Kjenner til det der med å se seg blind på ting..her har vi en gammelrosa og grønn trappeoppgang!! Den er helt forferdelig, men vi utsetter stadig å gjøre noe med den. Vi løper opp og ned trappa, og enser den ikke vi er blitt så vandt til den. Men det skal gjøre noe med den...engang! Ting tar bare tid;)
Ønsker deg en fin dag videre!

Noralill sa...

Synes du har ein koseleg gang, eg...med mange mogelegheiter...Og ein nydeleg gammal tømmervegg har du jo! Spennande med slike gamle hus! Eg misunner alle som har gamle hus, mitt er litt for nytt til å vera gammalt...bygd på 60-talet...Men alt har sin sjarm synes eg...Ha ein fin kveld!

Kaos sa...

Wow, flott vegg! Må være utrolig morsomt å finne sånne "skatter" ved oppusing :) Syns gangen ble bra!

Fruen i Det Hvite Hus sa...

Slike knagger er det på kjøkkenet hos onkelen min. Huset hans er en skikkelig skatt siden det ikke er gjort stort der på 100 år!
Veldig flott gang du har!

Related Posts with Thumbnails