onsdag 23. juli 2008

Blåbærmuffins - home made

Eg må nesten starte med å sei at dette innlegget er sterkt inspirert av ein annan blogg - ja, det er vel nesten for rip-off å rekne. Men då Blåbærpai skreiv innlegget sitt om freistingar, ja då kom eg på at muffins måtte jo vere den perfekte måten å få brukt litt av blåbærskogen vår på. Eg prøvde meg jo med blåbærpai tidlegare i sommar, men det var ein betinga suksess.

Idag har eg og Oda vore i blåbærskogen igjen, og du verden kor mange og store bær der var! Eg var redd fuglane hadde ete tomt, me det ser ikkje ut til at dei har oppdaga vår eigen vesle blåbærflekk. Vepsen, derimot, forsynte seg grovt. Og kor idiotisk det enn er - eg er livredd! Faktisk kan ein nesten sei at eg fryktar alt som har meir enn 4 bein. Sjølvsagt ei mild overdriving, men bortsett frå husfloger får eg igrunn frysningar av alle slike små kryp. Heldigvis er Oda tøffare enn meg, og lurte veldig på kvifor eg var redd når eg visste dei ikkje var farlege. Den som visste dèt....

No ligg det ca 30 saftige blåbærmuffins (oppskrifta eg prøvde inneheld utruleg mykje bær i forhold til deig - mmmmmm!) på kjøkkendisken min, i påvente av nedfrysing. Så spørst det kor mange av dei som går til prøvesmaking før dei når kulden...





Vel bekomme!

10 kommentarer:

Hege* sa...

Å så deilig dette så ut... Og så skjønn ei tulle sm får være med å bake:)

Blåbærpai sa...

MMM! Dèt såg jammen godt ut! HIHI!KJEKT ein kan inspirere andre til litt kvardagslukke!
Hjulvisp er kult!

Jill sa...

Jeg oxo ble inspirert av bl�b�rpai :-)

Kerstin sa...

Mmmmm blåbær muffins deilig. De så kjempegode ut.
Må nok ut å plukke blåbær nå :=)

jorunnslilleverden sa...

Dette så godt ut! Blåbær er jo også veldig sunt vet du, godt for hjernen faktisk :0) Blåbær og is er også godt ;0)

Huset i skogen sa...

Nam, nam...disse så skikkelig gode ut! Tror du jeg kan få oppskriften på disse også? Blåbærbøtta er funnet fram her, det er bare å smette på seg skoene og gå en 4-5 meter så er vi i blåbærriket:) Mellomste maser om å få smake den paien som du laget tidligere, så det er vel bare å sette igang! Og i tillegg skinner sola fra nesten skyfri himmel, så det er jo bare helt perfekt for en tur ut.
Ha en fin dag!

AvaAdore sa...

åh det såg vanvittig godt ut!!!

det er berre å sende mesterkokken ned her, eg kan love deg at ikkje ein einaste muffins når fram til frysaren...

Joanna sa...

Gjett om eg fekk lyst på blåbærmuffins... Desse såg verkeleg kjempe gode ut;O)

Ha ein fin kveld !

♥ H@rmoni ♥ sa...

MMMM!! Blåbær er jo så godt og ikkje minst veldig sundt- mykje antioksidantar.. :O)
Flinke du!!

Rønnaug S. sa...

Oysann! DET så godt ut!

Nå har vi landa en liten smule. Skal skrive oppdatering i bloggen min om litt.

Og tusen takk for awarden. Så kjekt!!

Kos deg! Klem

Related Posts with Thumbnails