måndag 14. juli 2008

5 dagar att....

I nesten eitt år no har eg 3 dagar i veka hatt nokre timar for meg sjølv, med Oda og mannen ute av huset og Hedvig sovande i vogna. Dei timane har vore som ein liten skatt. Sjølv om mange, ja dei aller fleste, har vorte via diverse husarbeid, så har eg òg sett av ein del av dei til ting eg har hatt lyst til. No er det ikkje slik at eg aldri får gjere det eg har lyst til når mann og barn er heime, for all del! Men desse 3 dagane i veka har liksom vore berre mine.
Igår innsåg eg med eit smell at om 5 veker er permisjonstida over. Av desse 5 vekene har mann og barn ferie i 3. Då skal me vel utrette diverse større og mindre prosjekt i heimen, og forhåpentlegvis få oss ein liten tur eller to. Dermed står me att med to "vanlege" veker, før det brakar laus. 2 veker med 3 dagar, der ein av dei no er "brukt opp" (og den vart brukt til koslege ting, altså! Opptil fleire kaffibesøk rakk eg idag :) ). Eg har med andre ord 5 "fridagar" att. 5 dagar til eigen disposisjon.

Eg må innrømme at panikken er i ferd med å ta meg ikveld - ikkje pga desse 5 dagane, men fordi eg om 5 veker skal levere noko av det kjæraste eg har til eit menneske eg ikkje kjenner. Heldigvis har me fått ei dagmamma med verdens beste rykte, men likevel.... eg trur nok det vert opptil fleire tårer når mor set seg åleine i bilen den fyrste morgonen i den nye kvardagen, med vetlejenta trygt plassert hjå dagmamma.

Men altså - dei 5 dagane... dei skal nyttast på best mogleg måte! Og imorgon den dag skal eg ta meg tid til noko eg ikkje har gjort på alt for lenge; eg skal scrappe! Kva kunne då passa betre enn at ei pakke nydelege prima-blomar og søte små tags havna hjå meg idag?

No har eg printa ut litt bilder av jentene, og så får me sjå om litt kreativitet skulle ramle inn i knollen iløpet av natta. Det er jo lov å håpe, ikkje sant? :)

Eit lite sitat til slutt ikveld;
"Lite visste jeg at disse dagene som gikk var selve livet"

1 kommentar:

Tove sa...

Hei! I eit innlegg frå april i år, seier du at du har gått berserk i ein nettbutikk. Eg er i scrappe- startgropa og tek gjerne imot tips om ein god nettbutikk for scrappeutstyr! Har ikkje rare utvalet i butikkane her eg bur.....
Hei, forresten! Snubla innom bloggen din, gjennom ein annan blogg. Her likte eg meg, og har lagt ein link til bloggen din på bloggen min. Håper det er greitt. Ta gjerne turen innom meg og legg gjerne att ei helsing!

Tove, Ørsta

Related Posts with Thumbnails